Gå til hovedinnhold

Den radikale søppelblekka Dagbladet, no også med brukken rygg

Eg sit her ein søndagskveld og les på dagbladet.no om kvinna som vart funnen død i sin eigen leilighet. Der hadde ho lagt i sju år. Så les eg om Italias svar på Fritzl-saken, som har misbrukt dottera si i 25 år innesperra i eit rom uten strøm. Deretter om ein serievoldtektsmann som er pågripen her i Oslo, samt Alba som blei gravid 11 ganger med faren sin.

Det eg jævlige historier, og alle sammen ligg tett i tett strødd utover dagbladet.no si framside. Er dette spekulative, drøye historier frå virkeligheten, eller er dette greier som vi har behov for å få trykt opp i trynet? Treng vi lese om kvinna som låg død i sju år i sin eigen kåk? Egentlig ikkje. Vi veit at det skjer. Det skjer over alt. Det skjer her i Oslo. Historia er heller ikkje sett inn i ein samanheng. Den er berre enkelt og billig presentert for oss som ein enkelthendelse. Så kva er så verdien av denne historia? Underhaldning.

Italias svar på Fritzl-saken. Litt av ei overskrift, gitt. Her selger dei inn saken hos lesaren ved å vise til den berykta jævelen, og ja eg kaller han ein jævel, Fritzl. Vi veit alle kva han har gjort. Det er umulig å ikkje ha fått det med seg. Treng vi lese denne storyen frå Italia? Eigentlig ikkje. Korleis er den presentert? Igjen som ei enkel historie. Så kva er denne historia? Underhaldning.

Saken om serievoldtektsmannen er noko anna. Den har pågått over tid, den skjer her i Oslo, den angår folk på ein annan måte. Den kan vi lese om, sjølv om den er drøy. Vi kan ikkje skånast for alt som er drøyt, men vi kan skånast for mykje av det. Dagbladet.no derimot meiner at vi kan kose oss med desse drøye historiene som underhaldning.

Kvinna som fekk 11 barn med sin far, fordi det var guds vilje, les vi også om. Heller ikkje denne saka er presentert som anna enn billig underholdning. Ikkje ein gong religion er kritisert, ikkje kontekst, ikkje nokonting. Alt er berre platt og ukritisk svisj svasj sendt ut på internett som ei sak vi kan grøsse litt over her vi sit i godstolen. Dårlig journalistikk.

At "den radikale kulturblekka" vel å ha ei slik spamfylt nettside som ber same navn, er ei ripe i imaget/ restane av imaget. Det er lenge sidan Dagbladet papir var ei radikal kulturavis. Den ligg nede som ei radikal søppelblekke med brukken rygg. Det er lite att av deg, Dagbladet, anna enn spam og billig trashjournalistikk både på nett og papir. Mange ønsker deg ut av avismarkedet, nokre syns synd på deg slik du forfell. Dei har alle slutta å kjøpe deg for lenge sidan. Det beste hadde ifølge fleire vore om Dagbladet rett og slett vart lagt ned. Det er kort sagt for dårlig for offentligheten, sjølv om det er fitte og kuk og vold i kvar einaste sak. Til og med desse sakene er for dårlig presenterte. Kan vi ikkje ein gong få ei realt godt skriven overgrepssak heller no lenger? Eg gremmes.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...