Gå til hovedinnhold

Eventyr om menn frå fjordfylket

Det var ein sein kveld i oktober at Arve Helle, Georg Arnestad, Jan Atle Stang og Nils R Sandal drog på elefantjakt på Kviteneset i Bygstad. Helle hadde vore på Blåfjellet og var i storslag. Stangen hadde med fiskestang og det som verre var, Arnestad hadde med seg ein årgang Sogn Avis innbunde med skinn, og Sandal bar på ein stor pappkasse med countryplater frå femtitalet.

- Side fire, år 1978, avsnitt fem. Overskrift: "Hest løpsk i rundkøyring, mann sprungen ned, kvinne sparka bak". Første sitat var frå fylkesordførar Nils R. Sandal som på den tida var 28 år. Han sa: "Vi må bevilge meir pengar til å sette opp sikre hestegjerder i Sogndalsdalen". Kven kom med andre sitat? spurde Arnestad, men ingen kom på det i farta.
- Det var Arnestad, sa Arnestad.
- Og kva sa så denne Arnestad, spurde Arnestad.
- Han sa sikkert at det var for få kvinnfolk i det offentlege rom. Difor passa det godt med ei merr i rundkøyringa, sa Stangen.

- Stang ut, det var pina deg feil. Arnestad sa at det neppe er gunstig med nettinggjerder langs turistvegar av di det då vert enda vanskelegare å finne god mat langs vegane enn det alt er, sa Arnestad og Stangen vart taus som grava.
Det var då Helle såg ein engel, og Sandal gjekk på ei gran.
- Gjekk du på ei gran, du, sa Arnestad.
- Pina deg, det gjorde eg. No ha eg mista alle platene mine utover myra her, sa Sandal og ga seg til å krabbe rundt etter country.
Helle sat bak ei busk og ba om pent ver, han skimta skyer i det fjerne og hadde vitterlig fått ein engel på kneet. Engelen beit han i øyre, dette var ingen snill engel, og Stangen heva fiskestanga til slag.
- Du slår ikkje englar med fiskestang, sa Helle til Stangen, men Sandal meinte det var på sin plass å gi engelen litt deng.
- Vi har nok med snåsamannen om vi ikkje skal ha ein englebiten ordførar i tillegg, sa Stangen og gjekk til åtak, men der knakk stanga. Vengene vart for skarpe for bambusen.
- La no Hellen kose seg med ditta kvinnfolket, sa Arnestad, og ga seg til å bla i Sogn Avis igjen.
- Side tretten, årgang 1989, artikkel fem, 3.mai. Kven sa at "Det er atter ein gong bruk for lause hestar i rundkøyringa?"
- No må du slutte med dei spørsmåla dine før eg røyker ei Firda, sa Helle, men då vart Stangen olm.
- Røyk deg heller ei Sogn Avis, sa han. - Din Fjalermolbu.
- Fjalermolbu kan du vere sjølv, sa Helle og prøvde å reise seg men engelen var tung og han kom ikkje av flekken.
- Har de ingen svar? spurde Arnestad og fortsette av seg sjølv: - Det var Arnestad!

FAKTABOKS:
Arve Helle er ordførar i Fjaler, Nils R Sandal er fylkesordførar, Jan Atle Stang er redaktør i Firda og Georg Arnestad er ansatt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...