Gå til hovedinnhold

Overgrep som underhaldning

Stygge overgrep mot kvinner blir i media framstilt som lett underhaldning. Natt til søndag møtte eg ein mann som slo.


(denne side 2 - kommentaren står på trykk i denne vekas Dag og Tid).


Sein lørdagsnatt gjekk eg frå fest på Grønland til Grünerløkka. Berre ein og anna fest var i ferd med å slokne oppover i etasjane. Det var tomme gater og nachspielstemning. Og sjølv om du gjerne vil ha draget på dei kjekke gutta på fest, vil du aldeles ikkje ha draget på gutta som du møter ute i gatene nattestid. Eg heldt stø kurs heimover.


Og kvar natt eg med fast kurs har gått gjennom meir eller mindre folkefulle gater, kan eg dagen etter lese om alle drap og voldtekter som skjedde same natt, til same tid, eit kvartal unna, i neste bydel, på trikkestoppet der eg pleier stå. Det kan skje kven som helst, når som helst. Det nytter altså ikkje å vere redd. Vold gjer meg forbanna. Likevel er eg på vakt. Kvifor skal eg måtte vere på vakt i gatene nattestid?


Stikk etter augenes


Fordi det er ikkje alltid trygt å vere kvinne. Det har vi lært, og dessverre også i visse situasjonar erfart. Til og med taxisjåføreren kan prøve seg. Eg er ikkje den einaste som har hoppa ut i fart. Mange går med ein skarp nøkkel i handa om dei føler seg utrygge. Stikk etter augene med nøkkelen, er eit råd. Eg har aldri stukke, men eg hadde gjort det om eg måtte.


Men tilbake til denne natta. I Markevegen stod ein mann som dreiv og dytta og rista ei dame. Han skreik og slo. Shit, tenkte eg. Kva er dette slags idiot som driv å hersar med dama si? Så lenge det er andre mennesker i gata, er det kanskje mindre sjanse for at han flyg på ho igjen, tenkte eg og begynte å følge etter.


Ho runda eit hjørne, han runda hjørnet, og så runda eg hjørnet. Mannen fortsette bortover gata, eg vart ståande å sjå etter dama. Ho var borte. Brått kom ho fram. Ho hadde site på huk og gøymt seg bak ein bil. Mannen var rista av.


Vold som underhaldning


Søndagskvelden sit eg og les dagbladet.no. Eg les om Italias svar på Fritzl-saken. Han har misbrukt dottera si i 25 år innesperra i eit rom uten strøm. Deretter les eg om ein serievoldtektsmann som er pågripen her i Oslo, samt Alba som blei gravid 11 gonger med far sin. Eg les om voldtekter, drap, rettssaker. Alt handlar om stygge overgrep mot kvinner. Historiene låg tett i tett på dagbladet.no si framside.


Saken er ulike men alle er presentert på same måte. Dei er ikkje sett i samanheng. Dei er enkelt og billig presentert som enkelthendelsar, små historier med spennings- og grøsserelement redusert til reinspikka underhaldning. Og kvinna som offer og mannen som overgripar er kjønnsfaste roller når folket skal underhaldast.


Og når folket på voldssakene klikkar, myntar inn medienes reklamekassar tikkar. Eller kanskje ikkje. Nettreklamen gir som kjent stadig mindre inntekter. Likevel. dagbladet.no vår største norskspråklige virtuelle søppelkasse. Pengar tjener dei i stor grad på vold.


Velge å lese


Så er dette spekulative, drøye historier frå virkeligheten utnytta i klikke- og underhaldningsøyemed, eller er dette greier som vi har behov for å få trykt opp i trynet? spurde eg på bloggen min. Antal treff på bloggen gjekk til himmels, og eg fekk svar frå dei anonyme kommentatorane: «Du treng ikkje lese om du ikkje vil lese». Men dette svaret blir diverre for enkelt, kjære «anonym».


Titlane ropar til deg over alt der du ferdast både i avisstativ og på nett. Det er i praksis ikkje mulig for ein mediekonsument å avskjere seg frå voldsfokuset. Vi har null toleranse når det kjem til vold i praksis, men høg når det kjem til vold som underhaldning. Medienes komersielle voldsfokus ødelegg for ei konstruktiv tilnærming til problemet. Heller enn konstruktive, blir vi blaserte og redde.


Velge å sjå


Eg såg kvinna gå aleine bortover gata denne søndagsmorgon. Ho runda hjørnet og forsvann. Eg såg mannen som kom fram frå bak ein container. Der var ingen gatelys, mørkt og stille. Eg håper det gjekk bra. Vi kan ikkje velge virkeligheten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...