4. jul. 2009

"Dannede mennesker har danna samleier, et konvensjonelt sexliv og går til prostituerte etterpå." Moderne evolusjonsteori, hjelp oss!!

"Kulturradikalisme har en mangelfull og naiv forståelse av menneskenaturen, intet mindre. Et hovedanliggende i kulturkampen er derfor å bringe moderne evolusjonsteori til Norge", seier Aslak Nore, forfatter og redaktør til Dagbladet. Og no tar eg dette sitatet og virrer det inn i ei lang virrete tankerekke om sex og sånn. Hald deg fast.

1)

Ettersom Norge vert omtalt som den siste kommuniststat, og sidan ein i veldresserte kulturradikale kretser ikkje bruker vulgær seksuell omtale av verken seg sjølv eller andre, kan det nok stemme at det seksuelle, iallefall på det verbale planet, er undertrykt. Ein satsar på karrieren og mindre på klining, noko som vel er ganske vanlig i alle hardarbeidene ambisiøse kretser, og som vi veit har folk aldri hatt mindre sex enn i vår tid. Vi har nemlig ikkje tid til slike sysler. Men dette gjeld også i andre kretser enn kulturradikale. Over heile fjøla, vil eg tru. Men kva slags oppdragelse politisk og ideologis er det vi har fått som gjer at vi no treng ein moderne evolusjonsteori til Norge, spør eg meg, og sidan eg ikkje veit svaret, flakkar eg høgt og lågt.

Eg fekk her lyst til å sitere Antony Beevors fantastiske bok "Berlin. Nederlaget 1945":

"Seksuell frihet var gjenstand for livlig debatt innen kretser av kommunistpartiet i 1920-årene, men i det neste tiåret sørget Stalin for at det sovjetiske samfunnet fremstilte seg selv som praktisk talt aseksuelt. Dette hadde ikke noe med virkelig puritanisme å gjøre. Det var fordi kjærlighet og sex ikke passet inn i dogmet som var ment å skulle avindividualisere enkeltmennesker. (...) Regimet ønsket tydeligvis at enhver form for begjær skulle forvandles til kjærlighet til partiet, og fremfor alt, til den store leder."

Slik er det ikkje her i Norge, sjølv om nokon vil påstå at dei kulturradikale, eller venstresida, ikkje er opptatt av individets retta men om det kollektive. Dette er mildt sagt å forvrenge fakta. Kven er vel meir opptatt av individet enn venstresida, men ok. Venstesida driv også seksualopplysning og feministisk debatt, snakker om sex og at vi er så frigjorte, men fridom kan også bli ein burka når valga blir så mange, og dei påståtte frihetene du skal forhalde deg til så mange at dei blir ein tvang som tar over ditt liv. Treng vi ikkje rammer? Er det ikkje rammer alle oppdragelsespedagoger og barnepsykologer skriker etter? Eller er også dette ein knep for å undertrykke menneskenaturen? Trives vi best som rammelause og frie fuglar? Kanskje det.

Her skal eg dra eit par anekdoter før eg siterer vidare. I visse frigjorte miljøer der eg har vanka i ein del år no er det standard å ha seg med ein ny partner så ofte ein har sjansen. Akkurat dette har eg aldri gidda å drive med, og eg har ofte befunne meg i ein situasjon der eg må rusle aleine heim mens alle mine venner har skaffa seg eit ligg. Dei meiner eg er konservativ og lite frigjort, eg meiner at enkelte av dei lider av ein tvangstanke: dei må realisere seg sjølv, og siden dei fucker det opp for seg sjølv på mange av livets plattformer, tar dei det att seksuelt. Dei bruker helg etter helg på nye damer og gubber, og dei seier svært sjeldan at dette var god sex, men dei gir aldri opp håpet, vel og bra, men dette er da vitterlig ein svært tidkrevande hobby? Sex med ny person kvar helg, og attpåtil når sex aldri er bra med denne nye, kvifor gidder ein då? Tja, nei sei det. Det handler vel om grunnleggande behov for penetrering og nærhet. Og det er greit. Eg fordømmer ikkje sjølv om det kanskje høyrest slik ut. Eg berre spør meg kvifor dei gidd.

Så lat meg sitere vidare.

"De fleste soldatene i Den røde hær med dårlig utdannelse led av seksuell uvitenhet og fullstendig uopplyste holdninger overfor kvinner. Derfor skapte den sovjetiske stats forsøk på å undertrykke sitt folks libido noe som en russisk forfatter beskriver som en slags "brakkeerotikk", som var langt mer primitiv og voldsom enn "den skitneste utenlandske pornografi". (Berlin, s 33-34).

Medan ordentlige venstreradikale ikkje fyk på kjerringane sine som om dei var dyr, men iallefall i følge oppskrifta, gjer fine tilnærmingar utan grad av tvang, er det ikkje den brutale brakkementaliteten som råder i disse kretser. I disse kretser råder heller sex-der-alle-samtykker-idealet, og aldri-sex-om-du-ikkje-har-lyst-idealet. Greit nok.

Kvar kjem så brakkeidealet inn? Jo, eg tenker meg at brakkeidealet kjem inn hos ein del overakademiserte nerder som flyr på damene og innbiller seg at vi tenner på gode karakterer, samt blant ein del menn som farter til det store utland for å shoppe seg eit ligg med damer som antageligvis ikkje har spesielt lyst på desse mennene sin kropp, men desto meir lyst på desse mennene sitt lommebokinnhald. Vi har her med å gjere ein primitiv form for seksualitet, eller kva ein skal kalle det, der tilfredstillelse av behovet for utløysing utløyst av andre enn seg sjølv/ samt kroppskontakt, er det sentrale. Dette er heilt grunnleggande evolusjonsmessige behov: ein kan ikkje vidareføre slekta utan at desse to premissa blir ivaretatt, om ein ser bort frå kunstig befruktning. Og all denne mannlige frustrasjonen er det mange som liker å skuld på oss damene for. Kva med damene sin frustrasjon da? Vi damene trenger også å få tilgang på menn som er bra nok for oss. Skal vi ta til takke fordi mennene meiner at om vi ikkje tar til takke, så er vi kalde, ufølsomme og egoistiske, slik enkelte påstår? Vi treng ikkje ta til takke på andre felt i livet, så kvifor skal vi ta til takke med ein gubbe som forlanger mat og sex som primære behov uten å sjå seg sjølv i ein større samanheng?

Når ein snakkar om evolusjonsteori, handlar det om genetisk betinga adferd for vidareføring av arten, altså kan det ikkje omhandle kunstige tiltak for vidareføring av arten, iallefall ikkje kunstige tiltak som krever fleire århundrer med forskning, samt avanserte maskiner og medikamenter. Damer som ikkje synest at "kva som helst menn" er gode nok, jobber altså mot evolusjonsteorien. Vi er overstyrt av kulturelle normer og ideologi. Er det dumt? Er det dette som kalles å vere kulturradikal? Er det dette som kalles å vere kald og dårlig til å lage middag? Nei, den siste påstanden er fjas, sjølv om den er vanlig. Det handler simpelten om kulturell utvikling, og det handler faktisk også om at ein del menn heng igjen i gamle mønster, det gjer også ein del kvinner. Det viser seg at dei gutta som taper på kjønnsmarkedet, er dei som ikkje heng med i nye kjønnsrollemønster, som ikkje godtek kvinners nye rolle. Og, det viser seg også, at det er i likestilte parforhold at partene har best sex. Fordi dama da er panter og ikkje berre eit sexleiketøy? Sei det.

Prostitusjon er det nærmaste ein kjem evolusjonsteori i praksis: we need to get laid. Det er eit primitivt behov. Det nest nærmaste ein kjem, er påstanden om at sjølvstendige norske damer er kalde pizzafruer som ikkje tilfredstiller menns behov. Igjen: det er ikkje damene som ikkje tilfredstiller, det er mennene som ikkje tilfredstiller damenes krav. Og sjølvsagt visa versa blant menn som kan stille krav, og som alle damene vil ha. Nei, dette er ikkje lett.

Så kjem eg inn på Hanne Stine Nabintu Herland sine påstander i dagens Klassekampen, som forøvrig kjem til uttrykk i eit intervju av ein litt i overkant kommenterende og kåserende journalist: ja vi veit kva du meiner kjære Brostrup Müller, men ikkje lat dine korrekte og velkjente, og ergo også i denne samanheng uinteressante meininger, krydre teksten for masse, men tilbake til Herlands sitater.

Ho seier egentlig ingenting særlig rart eller ulogisk, med mindre ein velger å vrenge og vri på det. Dama bruker i mange tilfeller sunn fornuft. Eksempelvis her: "Jeg våger å rose mannen, for selv om jeg ser klare svakhter ved mange menn, forbeholder jeg meg retten til å dyrke det konstruktive mellom mann og kvinne." (Er det mulig å vere uenig i dette?) Det eg derimot har meir problemer med, er påstander som denne: "Hvis vi skal stå på krava og nekte mannen sex dersom vi føler for det, hvilket samfunn får vi da?" (Jada, å nekte sex som eit våpen er sjølvsagt destruktiv, men for meg ser det ut som at ho meiner at det å ikkje ha lyst på sex ein gong er einsbetydande med å nekte mannen sex. Dette er eg uenig i. Det er no like ofte menn som ikkje vil ha sex som kvinner). "Dersom vi alle hele tiden skal gjøre det vi føler for, mener jeg? Det er ikke sikkert jeg alltid har så lyst til å gå gå og besøke min gamle mor på gamlehjemmet heller, men dersom jeg skal vente til det passer meg, kan det hende at hun får besøk en gang i året. (...) Er det virkelig så annerledes å ligge med noen uten å ville det?"

Kødder ho med meg? Sjølvsagt er det forskjell. Det er vel ein grunn til at ein ikkje går til sengs med kven som helst og at voldtekt er forbode, men ok, vi besøker ikkje kven som helst på gamleheimen heller, men eigen kropp og andres besøk er da vitterlig to svært ulike ting. Men ok, eg trur kanskje ho formulerer seg dårlig. Ho meiner sikkert berre det at ein ikkje må bruke sex som våpen, og det er eg enig i, samt at ho meiner at sex er ikkje så avansert og vanskelig som det mange tenkere har tenkt seg til at det er, jamfør filosofi og psykologi. Sex er noko heilt kvardagslig enkelt som ein kan ha sjølv om ein ikkje er spesielt gira, berre passelig gira, og det er egentlig greit nok. Å innbille seg at det skal vere stor passion heile livet, kvar gong ein går til sengs, blir å leve på ein illusjon, men eg trur ikkje at folk går rundt og trur at det er slik heller. Så kva er det egentlig dama trenger å uttale dette for? Ho treng å uttale dette fordi denne debatten har blitt ein underholdningsfølgetong i norske medier der den eine sjølvsagte og simple påstanden følger den andre, og der fronter spelast ut mot kvarandre, og den eine intellektuelle etter den andre trekkes ut på banen for å uttale banaliteter og påstander som alle, unntatt dei intellektuelle, driter i. Og så får dei intelektuelle stadig meir å tenke og gruble over, og stadig mindre tid til å ha sex. Jamfør meg sjølv som sit og skriv denne bloggen heller enn å hoppe i køya.

Moderne evolusjonsteori håper eg da handler om ein vettig kombinasjon av det fakta at mennesket er a) natur, og b) kultur, og at det er vanskelig å vite kva ved mennesket som faktisk er a) natur og b) kultu, eksemplifisert ved at mange egenskaper er så sterkt påvirka av miljø, at det ikkje alltid er lett å sei kor mykje som faktisk er arv/ genetisk. Og alle vil ha eit godt sexliv, men sexlivet avhenger av både arv og miljø, så no bør vi opplyses om vår genetikk slik at den nye kunnskapen om denne i sin tur vil påvirke vår kultur og endre dennes politikk.. ?

Og jada Nore, eg veit at du ikkje snakker om sex men eg tar likevel med sitatet ditt her fordi dette nok ikkje handler om å bringe moderne evolusjonsteori til Norge, men om politiske syn og rådende ideologi, eller om å fortelle dei kulturradikale at dei handler mot menneskets natur, som om det ikkje er fortalt før.

Kulturradikalismen er veloppdragen, ikkje vulgær, korrekt. Aldri har eg møtt så ordentlige mennesker som i venstreradikale kretser, så veloppdragne, korrekt formulerte, belest på dei riktige bøkene, dei riktige avisene, dei korrekte meiningane. Så ja, eit spark bak hadde nok ein del av disse hatt behov for, eller ein frisk vind av noko utanfrå, men av moderne evolusjonsteori? Er det det som manglar? Ein ny og moderne forståelse av mennesket som biologisk vesen slik at vi kan reformulere, eventuelt sparke ut kulturradikalismen? Natur og kultur skaper mennesket. Eg trur muligens heller det er kulturen som må endres på, så vil naturen tilpasse seg, moderne evolusjonsbiologi eller ikkje. Som forfattar Vigdis Hjorth så treffande uttalte i eit portrettintervju i Fett:

"Dannede mennesker er dannede tvers gjennom, oppfyller samfunnskrava til hva det vil si å være danna og kulturell. De er skada tvers gjennom. Har danna samleier, et konvensjonelt sexliv og går til prostituerte etterpå. Det er et misforhold mellom middelklassens reelle frihet og dens oppfatning av at den er fri."