Gå til hovedinnhold

Eg forstår godt at folk ikkje vil kalle seg feminister

det er berre å lese dagens defansive lesarbrev i Aftenposten signert Anne Bitsch der ho maktar å koke det heile ned til at eg i mitt leserbrev gjer meg til nyttig idiot for medienes ønske om debatt og konflikt på trykk.

Dette er nok feil, Bitsch. Eg utnytter mediene til å spre mitt leserbrev og mine meininger, som ikkje berre er mine, men også mange andre sine. Eg utnytter mediene til å spre debatten, til å ta til ordet for noko eg meiner er viktig og relevant. Og responsen tyder på at dette fungerer svært godt. Eg lurer på kvifor du ikkje gjer det same?

Media er mektig, eg bruker media. Media bruker sjølvsagt også meg, men slik er mediaverden, take it or leav it, og denne symbiosen har eg ingenting imot. Det eg derimot har noko imot, er at feministene som til no har vore ute, Bitsch og Aurdal, på henholdsvis leserbrev og kommentarplass, gjer det flaut å kalle seg feminist. Kven vil vel bli assosiert med slik defansiv retorikk? Responsen hittil tyder på at feminster er i ferd med å utdefinere seg sjølv som anna enn ord på papir. Ja til offensiv debatt.

(Og eg svarer heretter kun kommentarer om feminisme som er signert fullt navn. Resten blir selektivt lest og besvart. Og dei som venter på min analyse eller kva eg skal kalle det, må nok vente til den er skriven. Eg vil gjerne sjå responsen sjølv før eg skriver meir i trykte medier. I mellomtida skriver eg på bloggen.)

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...