Gå til hovedinnhold

Gravøl over drittslenging, og invitasjon til raus dialog

I dagens Aftenposten, skriv Anne Bitsch nok eit leserbrevet, "Feministisk magepust".

I avisa skriver Bitsch: " Tonen i debatten har tidvis vært lite konstruktiv, og det har vært vanskelig å få klare svar på hva Viken ønsker skal være på agendaen i tidens bilde av kjønn".

Svar: Ja, eg må sei meg enig i at det har vore lite konstruktivt, (jamfør neste bloggpost: Anne Bitsch har lagt ut ei rekke usannheter på si nettsie om meg og PZ Møller. Eg har fleire gonger bede B fjerne påstandane frå nettsida, men ho vil ikkje), og eg synest det er vanskelig å gi klare svar all den tid debattanter i avisene ikkje makter å skille meg frå saken, jamfør Bitsch og Aurdal.

Bitsch skriver i Aftenposten: "Man må ha flere tanker i hodet samtidig, og det makter dessverre ikke Viken som er mer opptatt av retorikk enn substand, og person enn sak."

Svar: Denne påstanden om person og sak faller på sin egen urimelighet, jamfør løgnspredningen om motdebattanter som Bitsch driver med. Ja, eg er i denne runden mest opptatt av retorikk og debattform. Det er ikkje noko "dessverre", men eit faktum.

Bitsch skriver: "Debatten hadde etter mitt syn ikke trengt å bli så tilspisset".

Viken svarer: Ja, enig, men der har du nok bidrege sterkt sjølv. Meiner du at løgnspredning bidrar til oppmjuking? Jamfør neste bloggpost. Det er også eit moment her at dei fleste som leser Aftenposten sine debattsider, verken har lese debatten på underskog eller på min blogg. Ergo har dei ikkje same inntrykk av tilspissing som dei som kjenner debatten frå innsida.

Dette er viktig å ta med seg når ein skal skrive i pressa: ein skriver ikkje kun for dei interne, men for eit større publikum. Akkurat dette er eit generelt problem blant feminister: ein skriver for dei inneforståtte, og dette fungerer sjelden så godt all den tid dei som er utenfor, ikkje maktar trenge gjennom påstandene, og kanskje ser det heile som overdrivelser eller kort sagt som ein bodskap dei ikkje forstår. Som journalist og skribent må ein ta høgde for at ein kommuniserer med ei større offentlighet. Dette er iallefall svært viktig for meg. Difor påstår eg også at ein feminist i media, blir oppfatta som representant for heile det feministiske miljøet eller kva eg skal kalle det, sjølv om denne personen meiner den representerer kun seg sjølv. Keep it real.

Bitsch skriver: "Med et genuint feministisk engasjement har man alt å vinne på raus dialog (...)"

Viken svarer: Skal eg ta dette alvorlig? For meg framstår leserbrevet i Aftenposten sjisofrent satt opp mot kva slags påstander og løgner Bitsch poster og sprer ellers i offentligheten. Det framstår som alt anna enn raus dialog.

Men dersom det legges opp til ei endring i debatten, der raus dialog inngår, skal eg delta med glede. Mi debatthud er tjukk som på ein elefant, og det må sterkere kost til enn løgnspredning og eit knippe rasende damer for å spele meg ut over sidelinja. Mange tenker som meg, men dei tørr ikkje sei det fordi dei frykter reaksjonane: Årsak: det er ikkje alle som er like tjukkhuda. Og dette fører til at det er dei same stemmene som gjentar seg, og som monopoliserer kva feminister kan meine og sei: dei bruker hersketeknikker som mange folk ikkje orker forholde seg til.

When the shit hits the fan treffer dritten alle rundt seg, ikkje berre den som kaster. Så kva med å følge Bitsch sitt forslag om raus dialog?

Eg kjem ikkje til å svare Bitsch i avisa. Årsaken er at eg anser det som særs problematisk å måtte forholde seg saklig på trykk mot ein motdebattant som sprer løgner i kulissene, eller på internettet. Bitsch har gjort seg uspiselig som motdebattant, ho har avfeid seg sjølv.

Eg skriver i disse dager del to av debatten om medier og feminister. Den er ikkje ferdig, men konstruktive innspel tas til etterretning anten her på bloggen eller på mail. Fleire hoder tenker bedre enn eit, og eg er sikker på at folk der ute har mange gode idear som dei kan dele, om dei vil. Mitt forje leserbrev var eit teamarbeid av fleire venstreradikalere, så kvifor ikkje også det neste?;)

God helg.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...