Gå til hovedinnhold

Positivt overraska over Glitterfitte-redaktørane

"Vi mener i likhet med AViken at noe av problemet med dagens feminismedebatt er at retorikken og dermed også argumentene har mistet sin effekt. (VG, 19.augus 2009). (Eg siterer direkte):

"Andrè Gali hevder at kjønnsspørsmål burde være del av en større samfunnsdebatt og ikke en liten nisjedebatt for spesielt utvalgte. Vi er enige med Gali. Feminismedebatt ser ut til å forbli en feminismedebatt og ikke en samfunnsdebatt, nettopp fordi feministene Gali viser til, inkludert kritikerne av denne boka, vil at alle jenter skal være enige om hva som er feminisme."


Eg må innrømme eg er skeptisk til boka Glitterfitter, men eg har ikkje lese den. Eg har derimot lese Råtekst, og dette var ikkje noko særlig godt lesestoff: sinna, offeraktig, i kamp mot maktene eller noko i den dur. Rosa Prosa er den verste slik antologi eg har lese. Ein haug uredigerte dårlig skrivne, litt pinlige tekster, viss halvparten burde vore fjerna frå boka. Var dette virkelig ei bok om kvinner og kåtskap? Da har vi kvinner seriøse problemer, dersom det her er alt vi makter harke opp, tenkte eg i mitt stille sinn.

Men eg er svært positivt overraska over kor offansive redaktørane i Glitterfitter framstår når dei slår til og seier at dei har sett eg lei på sure feminister som digger å kalle seg sjølv for offer.

"Alle grupper er preget av stereotype oppfatninger - også vi. Men de som dominerer feminismedebatten har en belærende og irettesettende tone som virker sint og gir inntrykk av at de er en undertrykket gjeng, sier Magnussen." Les saken her: Se de blide glitterfitter.

No skal eg lese boka, sjølv om den har blitt slakta i alle bauer og kanter. Eg kan ikkje love at eg liker den, men eg liker utspela. Kanskje vi ser ei ny bølge feminister, med ny og debattfunksjonell retorikk, og at dei herskesjuke feministane som per dags dato sit på roret, kan erstattes med freshe stemmer.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...