Gå til hovedinnhold

Navarsetes personlige vendettaer mot "gretne gamle gubbar" som meiner det er for mange "bondepolitikarar på tinget".

Forskar Georg Arnestad sa nyleg til Firda at Sogn og Fjordane taper i høve til nabofylka på Vestlandet, fordi dei har for mange bondepolitikarar som er opptekne av livet på landsbygda. Akkurat dette kan han nok ha rett i, eller urett i, ein politikar på tinget er trass alt valgt inn på vegne av det fylket han representerer og i så måte er det jo litt deira jobb å vere bondepolitikarar sidan fjordfylket inneheld ein haug med bønder, men næringslivet er nok uansett det som kjem til å bere fylket i åra framover når melketankane ein etter ein synk i Sognefjorden, men det som er mest hårreisande med saka, er ikkje dei synkande bondepolitikarane, men måten Liv Signe Navarsete (Sp) svarar Arnestad på.

For kjem du frå Sogn og Fjordane må du forhalde deg til ei viss oppskrift, og du må vere pro bygda, uansett kva som foregår der. Ellers er du ein "gretten gammal gubbe", slik Liv Signe Navarsete presterer å sei til Firda og NRK. (Sjekk ut kommentarfelta under sakene, der kjem det fram mangt og mykje rart av synspunkt). Eg lurer vel litt på kven som egentlig er den gretne gubben her? Det er vel neppe Arnestad.

Navarsete har tydeligvis gått tom for krutt, eller argumenter. Eventuelt er ho forbanna: ein som er forskarar, men som tydeligvis inntar politiske standpunkt ministeren ikkje kan forhalde seg til, må nødvendigvis vere "ein gretten gammal gubbe med Ap-sympatiar" (Georg Arnestad) eller Frp-ar (Idar Mo). Det var litt av ein retorikk frå ministerhald, gitt.

Og kva oppnår ho med dette?

For nei, eg synest ikkje det er friskt. Eg synest det er ganske så ufriskt. Det stinkar av personlig vendetta.

Om Arnestad: -- Eg tykkjer han kunne stå fram som den Ap-politikaren han er, i staden for å kle seg i forskarfrakk på eit felt der han aldri har forska, seier Sp-leiaren.

Om Mo: – Han framstår meir og meir som ein FrP'ar, og han tek feil.

Dæven, seier eg.

Personlige vendettaer bør Navarsete heve seg over når ho forsøksvis skal svare på kritikk i ein valgkamp. Sakene eg her har linka til, fortel meg ikkje ein pøkk om vegar i fylket, bortsett frå ministerens sjølvsagte innlærte tape om kor masse dei rødgrøne har gjort for Sogn og Fjordane. Jada, vi lytter og venter til du har noko interessant å sei, er journalisttrikset når slike lekser kjem. Gi oss litt real shit.

Vi bryr oss ikkje om at Arnestad før har sagt ditt eller datt om ditt og datt som får ministeren til å klø på ryggen når ho høyrer namnet. At ho kjem med slike utspel, føkker opp debatten, rett og slett.

Navarsete bør heller argumentere om sak, ikkje gå på person. Ho tar mannen, ikkje ballen, og tabber seg regelrett ut. Men at Navarsete tabbar seg ut, gir eg egentlig ein god dag i. Det eg ikkje gir ein god dag i, er at ho på denne måten legitimiserer personangrep og skitne debattanklingar.

Sogn og Fjordane har ikkje så mange originale høgttenkande stemmer som går utanom den opptrakka stien som fortel oss at "Sogn og Fjordane er så fantastisk og kan ikkje kritiserast, då er du sur gamling".

I eit fylke som alt slit så hardt i motbakke, blant anna når det kjem til folketal, bør heller enn å skape eit negativt debattklima, ta i bruk konstruktive argumentasjonsrekker og gi oss litt real shit heller enn personkarakterestikkar som ærlig talt er uinteressante.

Arnestad har rett i mangt og mykje av det han seier, og slike stemmer treng ein å lytte til. Ein bør heller gi plass til slike stemmer, heller enn å karakterisere på patetisk vis. Arnestad er ei av dei få stemmene frå fjordane som faktisk blir hørt i Oslo. Medan mange nøyer seg med å nikke einige rundt sine eigne kjøkkenbort, jamre seg over makta i Oslo og rase mot folk dei er uenige med, tar Arnestad debatten om at utkantane blir oversett av sentralmakta, og så vidare og så vidare. Men dette har vel ikkje folk fått med seg, der dei sit blant tuene sine. Det er på tide å løfte blikket. Og eg forventar at ministeren heller enn å senke takhøgda, heretter bidrar til å heve den. Korleis kan ein vente seg at folk skal tenke høgt og uttale seg om det er slik retorikk ein skal bli møtt med? Og korleis skal ein då få framgang?

Det er ikkje rart vegane i fylket ikkje blir betre når våre politikarar på tinget ikkje maktar heve seg over “grette gubbe”-nivået. Dette var litt flaut. Gi oss heller litt argumenter. Denne du er dum og du er dummare- retorikken leder ingen vei.

Les Alfred Bjørlos motsvar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...