Gå til hovedinnhold

Toleranse er farlig - eg er intolerant

Vi har alt toleranse for ei lang rekke vulgærperverse aviskommentatorar, for ei presse som plager deg med sitt låge nivå og no også spinn ville politikere til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til steinalderen. Det heile er ei megasuppe, og Oslo ein andedam som ikkje forstår at mesteparten av landets folk lever andre stader. Skal vi tolerere dette, og desse stemmene som eig landet og den offentlige debatten? Tja. Skal vi tolerere floden av navlelo i det offentlige rom?

Toleranse og humanisme fører ikke til en bedre verden, men er tvert imot farlige krefter fordi de glatter over konfliktene i samfunnet, sier filosofen Slavoj Žižek i dagens Klassekampen.

Dette kan vere sant. Personlig dersom du tolererer kjipe mennesker rundt deg. For samfunnet om du skal vise takhøgde for alt og alle.

Problemet er vel å trekke opp kvar grensa skal gå. Selvfølgelig. No har Nina Karin Monsen anmeldt staten pga ekteskapslova. Ho meiner det har gått for langt, at det er høgre mot venstre og at venstre vil endre verden i ein fei. Monsen har misforstått ser det ut til. Det er da vitterlig vel omvendt. Fornye for å bevare, seier konservative mensj.

Monsen er ikkje tolerant. Ho er intolerant og ho ser ut til å ønske seg den endringen ho kritiserer venstresida for å stå for: ho vil endre seg tilbake til før den nye ekteskapsloven. Kan vi ikkje heller bevare status quo, og tolerere denne, Monsen - heller enn å ville endre heile tida? Du påstår jo sjølv at du meiner at endringsviljen vil drive oss lukt åt skogen, for å omskrive deg litt. Det er iallefall ikkje noko du set pris på: rakettendringer av samfunnet. Så la den synke, den nye lova.

Og i desse tider, i dette landet, er det da vitterlig den Monsen-definerte venstresida som ønsker å bevare, ikkje fornye. Jamfør Frps ønske om å rasere velferdsstaten. Dei ønsker jo ikkje akkurat status quo. Frp ønsker endring.

Og tilbake til toleranse: toleranse for Frp. Vi skal finne oss i at Frp hamrer løs på at alle innvandrere er voldtektsmenn, at dei fyrer ut med den eine påstanden villare enn den andre. Frp blir villare og villare men talerommet for å sette dei på plass blir smalare og smalare, skriv Anders Horn i dagens Klassekampen, sitatet er upresist gjengitt på hukommelsen men fangar omtrent innhaldet. MEN: har toleransen for Frp gått for langt?

Er det på tide å atter gå på talerstolen og meie ned og kalle ein spade for ein spade, og Frp for rasister og stereotypifiserende antiintellektuelle?

Eller skal vi vise farlig toleranse.. Toleransen kan i siste instans bli vår verste fiende. Eller?

Kva meir kan vi tolerere? Eg vurderer å gå i hi men det kjem ikkje til å skje. Eg kjem til å tolerere det heile og henge med, last og brast. Så får vi sjå kor farlig det blir etterkvart. Det er litt som underhaldning. Ein tolererer det heile - det er på avstand - utanfor døra di - eit par kilometer til Løvebakken - eit par hundre mil til Akersgata, og du får verden på dørmatta og på internett og du tolererer mykje av det du les, eller, du forheld deg til det. Og du kan hive avisa, og du treng ikkje lese nettaviser, og ja du tolerer homser og Monsen og det meste.

Eg er ikkje tolerant. Eg er ein kritisk sinnatagg som flyr på alt og alle når det måtte passe, og det passer meg heilt glitrande. Kresen og kravstor og ikkje særs innstilt på å tilpasse meg. Sånt blir det også folk av.

Og ellers? Det er på tide med litt meir seriøst temperament. Ikkje sånn vulgærdebattsk entertainertoleranse og offentlig synseri, men litt funny "no er det nok" og seriøse rævspark hit og dit for å røske opp i tankerekker som tidvis ser ut til å vere så fastspikra at det finst ikkje håp. Lat oss ta lavmålet, ein del lokalaviser. Skal vi tolerere at firda.no er smekk full av vold og idrettssaker og har null god journalistikk? At Sogn Avis slepp til udugelige kommentatorer som skriv barneskulenivåspalter om søppelet sitt så ein kan le av det? Skal ein tolerere dei råtne kommentarane til Martine Aurdal i Dagbladet, eller skal ein ta det som eit teikn på at Dagbladets undergang er nær, og glede oss over alle symptom som viser at vi snart er kvitt den blekka? Eg tolererer ikkje nivået i denne avisa: resultatet er at den blir ikkje kjøpt. Det er mange etterkvart, som ikkje tolererer nivået i Dagbladet. Det blir utrydda.

Og så hadde eg nok tolerert det offentlige rom betre. Om ting var litt mindre forutsigbart. Fordi det ville engasjere. Eller noko. Og vore spennande, som ein god roman. Eller ikkje. Eg tolerer egentlig ikkje ei heil rekke ting, og det syns eg er heilt greit. Ellers blir ein heilt apatisk, sløv og ja. Uambisiøs. Så får ein heller vere ein refsende sinna kritiker. Det er meir gøy. Og meir ambisiøst. Med det resultat at mange som ellers er svært tolerante, brått føler seg intolerante og sinna og utøver intoleranse i forsvar for toleransen. Det heile er funny. Keep me entertained.

GRR.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...