Gå til hovedinnhold

Også guds ord må vinklast journalistisk. Journalisten: frå vakthund til jakthund? Og når handverk visstnok blir hærverk.

Avpartifisering av pressa, sa professor ved UiB, Martin Eide, har gitt journalistane meir makt. Vi har deretter fått ei reideologisering med bedriftsøkonomi og journalisme som idelogi, og journalistikk som ideologi er ein miks av populisme (publikumssmiger og folkelig engasjement) og elitisme (det er når VI tar saken at det skjer noko): journalisten står mellom makta og folket klar til å kjempe for folket. I ein journalists bilde består verda av a) kilder, b) publikum og c) journalistar.

I dag tidlig var vi på Frokost med Bernt igjen. Tema var Journalisten: fra vakthund til jakthund? Innleder var Martin Eide. Han heldt ei lang tirade om kor lukt til helvete alt går som ei følge av oss dumme journalistbeist, og eg vart litt småsamper der eg sat på bakerste benk omgitt av journalistkryp og redaktørar. Potensielt burde eg syns det var litt småfunny å høyre denne duden bølle med faget mitt, men eg blir faktisk litt lei til tider. Greit nok. No skal ikkje eg komme her å sei at eg aldri kritiserer medier, eg gjer det heile veien, men likevel. Ein blir lei av å bli harselert med av utanforståande besserwissere som tidvis framstår som rett og slett utan forståelse for pressas indre liv og virkelighet, noko som eg vel må innrømme at Eide gjorde i dette kåseriet, eller innledningen som det vel vart kalla.

Journalistar bekymrar seg meir for temperaturen i debatten enn om innhaldet, sa Eide. Ålreit. Dette er eit problem til tider. Men uten temperatur, inga sak? Dette handlar også om å forstå journalistisk tenkemåte, eller journalismen som logikk, og dette er faktisk litt viktig. Greit nok, eg er ein hjernevaska, monsterspissa og tabloidhekta jævel, men forstå meg riktig: ein må nå ut til publikum. No har ein kanskje oppdrege publikum til å kun kicke på hardcore vinkla saker med store casebilder og mest mulig hud og tårer, men dette må ein også på eit vis forholde seg til, og dagens publikum er kresent og krevande, oppdregne med Hollywood storylines og youtube. Skal eg starte tidsskrift, skal det vere dønn tabloid, hardcore layout og debatt med trøkk. Sjå ikkje bort frå at det skjer..

Og her er vi såvidt inne på eit viktig tema. Det ser ofte ut til at mange av dei som er såkalla medieforskarar ikkje forstår media. Det virkar ofte som om dei forskar på medier, og gir dei kritikk basert på ei virkelighet som ikkje finst, men som ideelt sett eksisterar oppi toppen på forskaren sjølv. Dette gjeld ikkje nødvendigvis Eide som har skrive bøker om både Dagbladet og VG. men det framstod tidvis slik.

Også guds ord må vinklast journalistisk, sa Eide, og dette er sjølvsagt korrekt. Om gud ikkje har noko tabloid å melde, eller om det ikkje skjer noko spenstig hos Levande Ord, er det ingen grunn til å skrive saken "Gud er glad idag igjen", eller "Intet nytt hos Fritt Ord i dag heller". Ei sak er ei sak, og ei kjempesak har du når det smeller på eit eller anna nivå.

Men så kom Eide med ei rekke påstander som eg fann ein smule usaklige.
- Idag er journalist eit mistillitsverv. Før var det eit tillitsverv.
- Journalisten er kun ute etter å kle av kilda
- Handverk har blit hærverk (og dette gjentok Eide igjen og igjen til det kjedsommelige)
- Journalister lider av ein vulgær og utilstrekkelig maktforståelse (noko som får meg til å tenke på kompisintervjuing og kompiskommenteringa som Dagbladet driver med, Harald Eia i alle medier og i alles vennekretser. Norge er eit lite land, dere, og det er himla synlig. Ein ser ut til å gløyme at eins eigne venner er ikkje så interessante alltid for alle eins lesarar, sjølv om ein sjølv føler at dei er svært viktige).
- Ein har tatt eit oppgjer med kildenes tyranni som ideologi.

Ein er avhengige av markedet, sa Eide: publikum er våre oppdragsgivarar. No skal også publikum bli medarbeidarar, folket røst er etterspurt. Ein driv med lesersmiger og dialog med leser. Er dette gale, spør eg meg, og kva er det Eide siktar til? Sosiale medier, bloggar, kommentarfelt? Dialogjournalistikk, sa Eide. Ålreit. Let there be. Nye tider, gamle menn.

Hanne Skartveit, politisk redaktør i VG, meinte at pressa blir betre heile tida, noko som fekk oss til å humre på bakerste benk. Medieforskarane er romantiske iforhold til fortida: alt var betre før, sa Skartveit, og ålreit, den kan eg vere med på for enkelte mediers del. For andres ikkje. For Dagbladet var vitterlig alt betre før. Vidare: pressa er sannhetssøkande og gravande og skal kle av makta. Hehe, tenkte eg. Kle av si eiga overtru på maktkonspirasjoner, tenker eg tidvis.

Og så sa ho det, Skartveit og Trine Eilertsen, sjefsredaktør i Bergens Tidende: dei har inga respekt for medieforskarar. På same tid sank også mi respekt for medieforskarar enda meir. Eg har faktisk lytta litt til dei fram til denne dag, men no more. Eg er ein dum journalist som aper etter sjefane.

Og vidare sa Eilertsen: "dei har lite med vår virkelighet å gjere", og der traff ho spikern. Når ein forskar på ei virkelighet ein trur eksisterer utfrå kriterier som ikkje finst andre stader enn på pcen din, kan ein då få god forskning ut av det?

Til slutt satt eg på bakerste benk med x antal kaffekopper linja opp medan eg vifta med armar i lufta, saman med kollega Brox , og sidan ingen av oss kom til på Bernt Hagtvets taleliste, tar vi det her. Punktvis.

Punkt

1) Det er in i tiden med mediekritikk. Det er fryktelig enkelt å slenge ut påstander om at journalister kan ingenting. Når får vi forsvare oss? Når spør nokon kva slags arbeidsforhold vi jobbar under? Eg blir så lei denne jamringa.

2) Kompetansen på media blant akademikarar er skremmande låg, inkludert Bernt Hagtvet som på kvar einaste Frokost med Bernt skrik og ber seg over kor skutt i skallen alle bladfyker er - måtte vi gå opp i røyk. Han har hengt seg opp. På tide med litt mediedannelse?

3) Medievirkeligheten i redaksjonane versus virkeligheten ute på gata. Virkeligheten er heilt ulik frå redaksjon til redaksjon, frå Dagbladet til Klassekampen til Firda og Dagens Næringsliv. Been there, seen that. Kvar avis, kvar si nisje, kvar sin måte å sjå verda på, kvar sin måte å vurdere saker på, kvar sin måte å sjå om dette er ei sak eller ikkje ei sak på.

4) Ressursbruk. Ein snakkar pent om ressursbruk. Dette er piss. Det sit ei rekke journalistar og skriv tullenotisar. Dei har mastergrader i alt frå internasjonal politikk til idrettsfag. Er dette nyttig bruk av ressursar? Nei.

5) Kvifor vil du bli journalist, spør Eilertsen sommarvikarane sine i Bergens Tidende. Så kan vi snu spørsmålet: kvifor vil du at eg skal jobbe som journalist for deg, redaktør? Kva er det eg skal bruke tida mi på? Å jobbe med søppelsaker og dritt, eller på å jobbe med ting som er av viktighet og relevans? Eg sat på jobb i Dagbladet som journalist og ringte til ektemennene til ei rekke gravide kjendisdamer for å spørre dei om når dei hadde termin! Vi skulle lage sak om babyboom i Drammen, og Britney Spears hadde termin. Er dette ein jobb to die for? Nei. Vi er ganske mange som ikkje gidder sånn tullejobbing. Les mine memoarer frå sommaren i Dagbladet.

Mange flinke folk forlet pressa pga slike drittsaker. Pressa er ikkje gud. Skal dei halde på flinke folk, må dei tilby interessant arbeid. Men pressa trur den er gud. Der behandles folk deretter: ned på kne! Jobb! Du er i media, ver lykkelig. Eventuelt. Mange har høgare ambisjonar enn å digge kompiser i spalte etter spalte, eventuelt skrive drittsaker for dagbladet.no. Og det virker faktisk seriøst som om Skartveit trur at ho kan tilby eit mekka, ein himmel for journalister i VG. Get a grip, baby.

6) Sol på framsida er pent, sa dei. Veret er vanskelig å spå, sa dei også i debatten. Eg hugsar vi sat på redaksjonsmøte i Dagbladet og samanlikna Dagbladets sol med VGs sol. Vi ville finne ut kva for ein av dei to gulfargane som ville selge mest aviser den dagen. Eg hugsar også at vi intervjua halvfulle folk på byen om ny forskning på psykiske problem hos ungdom, samt spurde koreanere om kvifor japanere kjøper tran for potensen.

Det er da du går to runder rundt deg sjølv og vurderer karriereskifte.

Eg får lyst til å skrive boka "Ein journalists bekjennelser". Den hadde blitt ei skandale.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb