13. sep. 2010

Her er statestikken Tine sjølv viser til for å bevise at norske kyr går så masse ute, den dokumenterer at dei stort sett står inne

Den same statestikken dokumenterer at norske kyr går veldig lite på beite. Det er Tine Rådgivning sin statestikk, ironisk nok.

Det skulle berre ein bloggande veterinær til for å knekke Tines reklamekampanje i fillebitar. Det var litt for lett.

Vil du sjølv lese kor mykje kraftfor norske kyr et, og kor lite dei går på beite, anbefaler eg å lese denne tabellen. Tabellen kjem frå den same kilda som Tine sjølv nyttar til å fortelle oss at dei same kyrne går masse ute. Sjå kolonna heilt til høgre. Beitebruk.

Tine bablar vidare, i sine klønete formulerte informasjonsskriv, om at norsk kuhelse er veldig bra. Ja, det veit vi. Men seriøst, Tine, det er ikkje det vi snakkar om her, og det begynner å bli ganske tydelig for mange som har fulgt saka at de er nede i kneståande informasjonsmessig.

.