Gå til hovedinnhold

Løgnaktig Tine-reklame er god og sann reklame, meiner Tine sjølv

Les saka på Nationen.no her. Blogger og veterinær AViken vs Tine, den melkefine.

Tek imot bilder og info om Tines reklamekampanjer, bla bilder av div melkekartongar. viken.anne att gmail.com eg skal faktasjekke materialet. Har fått ei rekke tips med klare faktafeil i.


Det overraskar meg ikkje at Tine sjølvsagt seier at reklamen er sann. Kva anna kan dei sei? Dei kan ikkje tilstå, eller gå ut med, kor feilaktig det er, kor smekk full av faktafeil reklamen er. Kanskje veit dei det ikkje sjølv ein gong. Avstanden frå Tines kontor til norske bønder er stor. Større enn kva godt er. Dei unnlet sjølvsagt å kommentere videoen dei har lagt på nettet. Denne videoen som minnar meir om eit folkeeventyr enn norsk landbruk i 2010. Eg spør meg om Tine veit dette, eller kanskje dei trur, der dei sit og tel pengar og brygger falske merkevarer, at det er slik norsk landbruk er? Eg blir ikkje forundra. Kunnskapsløysa verkar vere stor.

Eg venter spent på kor langt Tine er villig til å gå i løgn på vegne av norsk landbruk, og det er ganske mange tusen som har lese desse innlegga og sakene, så interessa er stor. Og eg lover, dette er ikkje enden på gravinga i Tines merkevarer;) Dei er veldig lette å ta, og det forundrar meg at dei lagar så lite skotsikre reklamer. Skulle nesten tru dei var gira på å bli avslørt;)

Vidare informasjon om at økokyr kan stå på bås, samt at ein anbefaler naturmedisin framfor skulemedisin til økologiske dyr, finn du her: i Debios veileder B.

Eg siterer:

Ved sykdom skal hensynet til dyrevern være avgjørende for valg av behandlingsmetode. Naturlige terapeutiske midler og metoder bør vektlegges. Følgende type produkter skal foretrekkes fremfor kjemiske og syntetiske midler140:
• Fytoterapeutiske produkter
• Homøopatiske produkter Maursyre, melkesyre, eddiksyre og oksalsyre, mentol, tymol, eukalyptol eller kamfer ved angrep av Varroa destructor
Dersom slike produkter skulle vise seg å være uten effekt i det aktuelle tilfellet, kan det brukes antibiotika eller medisiner av syntetisk opprinnelse under veiledning fra veterinær. Det samme gjelder om det ikke er tilgang på slike produkter, eller personell med kompetanse til å bruke dem.

Økokyr kan stå på bås:

4.11
.2 Husdyrrom: spesielt for storfe 96
Det er unntak fra bestemmelsene om forbud mot binding av storfe i bygninger som var oppført før 24. august 2000. En forutsetning er at dyrene får individuelt stell, godt med strø og mulighet til regelmessig mosjon. Unntaket gjelder til 01.01.2011.
En forutsetning for unntak fra bestemmelsene om binding av storfe er at;
- dyre
ne kan luftes også utenom beitesesongen
- luft
ing i utgangspunktet praktiseres daglig, men minimum to ganger per uke for alle dyr
Fra 2011 vil det kunne bli et videre unntak fra krav til lausdrift for besetninger på små virksomheter. Hvem som kan benytte dette unntaket er ikke avklart.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...