Gå til hovedinnhold

Nei til bloggplakat

Det er eigentleg like greit at seriøse bloggere tar avstand til bloggplakaten først som sist. Thomas Moen sliter veldig med å etablere seg som gründer, har funne på noko gøy som gir han pr i media, og som gjer han svartelista i bloggverda, ei verd der han ønsker å identifisere seg og ønsker å ha sin plattform. Moen virker ha lite webantenner ute. Moen er ein tøysekopp og om han trur han har pondus til å diktere bloggverda, så trur eg han tar ganske feil.

Sist Moen var ute, påberopa han seg Presseforbundet si støtte. Dette hadde han ikkje. Det var løgn. Moen spelar med skitne kort. Dette er eit problem for oss som skal forsøke å argumentere mot han og hans kommersielle interesser. Les meir om problemet her.

Sidan Moen ikkje har særleg oversikt over kva presseplakaten er for noko, altså Ver Varsom Plakaten, så har vi tatt det heilt abc her.

No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". (Første utkast til plakaten, oppdatert utkast). Det er på grunn av Ver varsom plakaten. Det er ein plakat som pressa forheld seg til. Det er ein plakat som journalistar kan, og køyrereglar som skal beskytte både journalistar og dei som blir omtalt av pressa. Brot kan medføre dom i PFU, Pressens faglige utvalg. Der finst altså sanksjonsmuligheter, og det kan det også gjere fordi reglane blir ansett å vere felles køyrereglar. Å bli dømt i PFU, er pinlig. Dei fleste journalistar kan og følger VV-plakaten. Den består av ei rekke etiske normer journalistar forheld seg til.

Ein aksepterer VV-plakaten og PFU fordi dei er demokraisk fundert i pressas eigne organ. Dette står i sterk motsetning til Bloggplakaten som er eit tomannsprosjekt som ikkje er valgt eller representerer bloggarar. Bak VV-plakaten står Norsk Presseforbund, som i sin tur er eit fellesorgan for Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, Norsk Lokalradioforbund, Landslaget for Lokalaviser samt flere presseorganisasjoner og enkeltstående medievirksomheter. Stiftet 1910 som en landssammenslutning av pressefolk med journalistikk som hovedyrke (Kilde)

Det er difor ikkje så rart når mange reagerer på at ein kallar bloggplakaten for nettopp ein plakat, all den tid vi veit kva som står bak Ver Varsom-plakaten: nemlig pressas eigne organ med brei oppslutning, både faglig og demokratisk.

Å kalle ein bloggplakat for ein plakat, gir inntrykk av at også denne bloggplakaten innehar den same demogratiske grunnfestinga, noko den ikkje har. Det er difor uheldig å kalle den plakat, den kan heller kallast "enkle køyrereglar", eller "enkle retningslinjer".

Om Ver Varsom - plakaten står det også: "Den enkelte redaktør og medarbeider har ansvar for å kjenne pressens etiske normer og plikter å legge disse til grunn for sin virksomhet. Presseetikken gjelder hele den journalistiske prosessen, fra innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet. "

Skal ein stille slike krav, må ein ha legitimitet. Dette manglar Bloggplakaten. Difor møter den også masse motstand.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...