Gå til hovedinnhold

Stivbeinte reglar for hald av økologiske landbruksdyr, truar dyras velferd.

Samanlikning mellom regelverket i norsk og svensk økologisk regelverk.


Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio, eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt.
Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Garden er veldriven på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som på mange punkt bygger meir på ideologi enn kunnskap om dyrevelferd.

Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite og har vore dårlege i fleire dagar. Ein mistenker at dei lir av parasittangrep. Vekta skrantar. Dei er sløve.
Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Han ristar på hovudet. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasittangrep.

Ideologisk regelverk

Denne forbodsregelen er høgst diskutabel, og i sommar gjekk veterinær og informasjonssjef i det svenske veterinærforbundet, Johan Beck-Friis, ut i Aftonbladet og ba Krav gi slepp på ideologien for dyra si skuld. Under overskrifta «Stivbeinte Krav-reglar gjer at dyra har det vondt» («Stela regler gör att Krav-djuren far illa») argumenterte Beck-Friis mot Krav-regelverket.
Beck-Friis peika på at det er forbode å behandle Krav-dyr forebyggande, altså eksempelvis ved å gi dei parasittbehandling mot flått, innvolsormar og flugemark. Dette trass i at førebyggande behandling ofte er det einaste alternativet som eksisterer.
Krav-regelverket krev at ein ventar med å behandle dyra til kliniske symptom på parasittangrep har oppstått. Årsaka til at ein ikkje tillet prevantiv behandling, er eit ønske om lågast mogeleg medikamentforbruk, blant anna for å hindre resistete snyltarar.

Problem: ventar ein til dyra viser kliniske symptom på eit parasittangrep, er dei alt ille medtekne. Ofte er det for seint å iverksette tiltak og dyra må avlivast. Andre sjølvdaudar. Eksempelvis blir mange søyer sjuke av innvolsorm under høgdrektighet og ein del av desse dør. Lamma stryk også med. Søyene veks ikkje som dei skal, og får diare, hoste og allvorleg anemi. Store posar under haka er eit tydeleg klinisk symptom. Forbod mot prevantiv parasittbehandling er eit stygt eksempel på ideologi som går framfor hensynet til dyrs ve og vel.

Sauer som daudar av parasittar

På garden må eg ta fleire blodprøvar og sende prøvane inn til eit laboratorium, som så sender svaret tilbake til meg. Dette kostar pengar. Det tek tid, men verst av alt: Innan svaret er klart, kan dyra ha blitt verre og det er ingenting bonden kan gjere. Det må det antiparasittmidlar til.
Hadde økokalvane på denne garden stått i Norge, hadde dyra vore prevantivt behandla før beiteslepp. Dette er godt når vi veit kor mange titusen sauer som kvart år ville ha lide ein langsam og pinefull død på fjellet. Tenk deg eksempelvis ein sau med flugemark over heile kroppen. Eg hugsar enno ein sau frå ein av min barndoms fjellturar. Sauen låg mellom grantrea, kroppen var eit einaste stort sår fullt av fluger.

Eit par dagar seinare står eg nok ein gong iført grøn frakk og stølvar hos ein annan Krav-bonde. Det er tidleg på morgonen. Vi har nett drege ut ein kalv som sat godt fast.
Bonden klødde seg fælt i hovudet då eg kopla saman kalvekjettingane. Han hadde aldri sett makan til samankopling. Det hadde ærleg talt ikkje eg heller. Men trass fantasifulle feilkoplingar kom kalven ut. Etterpå drakk kua førti liter vatn. Eg vart invitert på frukost hos bonden.

Denne kua fekk ha kalven hos seg. Ein Krav-kalv skal helst die Krav-mora i heile råmelksperioden, vanlegvis minst tre døgn. Slik er det også i Norge. Dette høyrest vel og bra ut, men det svenske veterinærforbundet er kritiske. Beck-Friis uttaler i Aftonbladet at kalvingsboksen er nedsmitta og at kalven risikerer å plagast med sjukdomar seinare i livet om den oppheld seg der for lenge. Han påpeiker vidare at det etter tre døgn har oppstått så sterke mor-kalv relasjonar at dyra vert negativt stressa når ein så skil dei. Dette har i sin tur negative helseeffektar, og Beck-Friis meiner difor kalv og ku bør skiljast frå kvarandre alt første døgn. Dette meiner også ei rekke bønder som er sterkt kritiske til tredagars regelen. Dei driter i den, rett og slett. Undersøkingar utført i Norge, viser også at nokre norske økobønder tek kalvane frå tidlegare.

Veterinærar utan kunnskap

Men det negative biletet av ku-kalv bindingar er ikkje eintydig. For sjølv om det er ein klar forskningsdokumentert samanheng mellom kor lenge ku og kalv har gått i lag, og kor sterkt dei stressmessig reagerer ved adskillelse, antar ein at helsefordelane ved å gå ilag i tre dagar er større enn bakdelane. Studier viser større vektauke hos kalven, og redusert forekomst av jurbetennelse hos kua. Alt dette kan vi lese om i artikkelen «Veterinærers syn på kalvehelse og -velferd i økologisk melkeproduksjon i Norge» i Veterinærtidsskriftet 6/2010. Her kan ein også lese at veterinærar har liten kjennskap til regelverket rundt økologisk husdyrhald. Vi lærte heller aldri noko om økoregelverket på veterinærhøgskulen i Oslo. iallefall gjekk det meg hus forbi.
Norsk forskning viser også, ganske sjølvsagt vil mange sei, at ein kalv som får gå med kua dei seks til åtte første vekene av livet, veks to til fire gongar så mykje som ein gjennomsnittlege kalvar, samt held seg mykje friskare. Veterinæren bak funnet er Ann Margaret Grøndahl ved Norges Veterinærhøgskule.

Kalvar underernært utan mor

På veterinærhøgskulen sine heimesider kan vi lese at så godt som alle kalvar i melkeproduksjon blir tekne frå mora umiddelbart etter fødsel. Denne praksisen er eit dyrevelferdsmessig problem, meiner Grøndahl som meiner kalvane som går utan mora får i seg for lite mat. Underernæring er difor truleg er ei viktig årsak til dei sjukdomsproblema vi ser hos kalvar.
Kalven drikk med andre ord langt meir når han går saman med mor si enn når den får tildelt ei bøtte med smokk som sin livsledsager. Ikkje uventa er den fundamentalistiske ammeeksperten Gro Nylander svært einig med konklusjonane.

Men tilbake til Krav-bonden med den fastsittande kalven. Han er ein småbonde i svensk skala og har jobb på si. Ein av dei få deltidsbøndene eg møter. Dei fleste driv fulltid.
Holstein-kyr står på rekke og rad når ein ser utover båsrekkene i fjøsen. Dei går ute kvar dag i tre månader kvart år, er velstelte og reine. Eg spør ikkje, men desse kyrne melkar garantert godt. Den mest høgtmelkande svenskekua eg traff melka 13 000 liter i året. Norsk Rødt Fe kan berre gå og legge seg. I snitt melkar ei norsk ku 7 100 liter per år.
Gardane her i området er for det meste svært veldrivne. Bøndene har god snøring. Som ein seier her borte: Du overlever ikkje som bonde i Sverige om du ikkje er dyktig. Dei fleste råtne bondeegg er renska ut, og godt er det når vi veit korleis enkelte driv. Nokre fordelar er det ved ein beinhard landbrukspolitikk.

Stemmer moderaterna

Svenske bønder stemmer derimot, underleg nok, Moderaterna og var sterke pådrivarar for EU-medlemsskap sjølv om dette medførte at ei rekke svenske gardar gjekk dukken fordi dei ikkje makta tilpasse seg EU-regelverket på nittitalet. Når ein no køyrer frå gard til gard, passerar ein låve etter låve med attgrodd veg. Som tause monument over ei svunnen tid ruvar dei svarte og usynlege i natta. Dei har ikkje hatt tid på seg til å rase saman, men om ein ti års tid vil området minne om ein slags skipskyrkjegard på land om ingen tek på seg jobben med å rive. Her er heller ingen som bygger hus. Om du ein gong skulle få lyst til å selge, får du aldri att pengane her ute på bygda. Difor leiger folk seg hauggamle hus og bur skeivt, skakt og billeg i staden.

Og mellom to av desse ramleferdige låvane, eit kjøpesenter og endelause industriområder, ligg nok ein Krav-gard. Vi kastrerer oksar og pratar om Norge.
- Har de odelsrett?
Bonden brøler av latter. Han synest det er latterleg.
- Ja, seier eg. Eg synest også det er latterleg.
Lat oss skifte tema. Eg spør han kvifor han la om til økologisk.
- Økonomien, seier han.
Ja, tenkte eg det ikkje, tenker eg fordomsfullt. Det er betre å forhalde seg til skrullete Krav-reglar for hald av ku enn å gå konkurs.
Spør du fagfolk, har dei eit klart inntrykk av at dyrevelferda er betre hos dei økobønder som har lagt om til økologisk drift av meir ideelle årsaker, enn hos entrepenørane og tilskotsspekulantane.
- Økonomi, økonomi, økonomi, seier bonden.
- Skal ein overleve tøffe tider, må ein tenke inntjening. Difor legg mange om til økologisk.

Mistar ballane

Eg forstår, seier eg, for eg forstår faktisk dette ganske godt når forklaringa tre lattersalver seinare ligg på bordet: Før brukte denne bonden like mykje pengar på å kjøpe inn sprøytemiddel og kunstgjødsel som det han tjente inn at på avlingane han dyrka. Han gjekk i null. Bonden la difor marka brakk for å spare eller tjene pengar, alt ettersom korleis ein ser det.
Etter at han la om, har han ikkje lenger dette problemet. Tilskota er auka, inntektene er auka. Han dyrkar all jorda og økonomien går betre. I fjøsen har han hundre kyr. Dei står på bås og den eine ga meg eit drabeleg spark i ræva.
- Men det regelverket for hald av dyr, er eit helvete, seier han og ler.
Eg kan ikkje nekte. Eg kan heller ikkje late vere å le.
Ein oksekalv har stukke av med kastreringstanga mellom beina.
Men ballar har økologiske oksar uansett ikkje bruk for. Dei skal slaktast, alle som ein, og bli til Krav-biff i butikken. Kva som dyrevelferdsmessig skil dei frå konvensjonell biff, er meg fortsatt ei gåte.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys