Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2012

Det blir servert dårleg etikk på mange festbord rundt jul og nyttår

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Bryr folk seg eigentleg? Kronikken er trykt i Bergens Tidende. * Folk veit nok om fjørfehald til å vite kva dei serverer når dei serverer kalkun. Å servere kalkun, er å bevisst nytte eit produkt ein veit har sitt utspring i betenkelege produksjonforhold. * Ein skulle legge litt energi i å servere gjestane sine festmat. Det er trass alt berre jul og nyttår ein gong i året. Spander på gjestene dine skikkelig mat neste gong. Det er dårleg stil å servere gjestane halt mat frå dyr med dårleg helse Hos mange står kalkun på festmenyen. På sine nettsider skriv Nortura dette: «- fra råvarer til merkevarer. Norges ledende aktør innen kjøtt og egg. Vi leverer landets fremste merkevarer. Nortura er en garantist for at forbrukeren får et mangfold av kvalitetsprodukter med likeverdige tilbud i hele landet». Merk deg «landets fremste merkevare». Slagord og biletbruk er...

ANNE VIKENS DEBUTBOK I NYTT OPPLAG

Førsteopplaget på 3000 av Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er snart utselt.   Boka kjem i nytt opplag over nyttår. På tide å trekke i kjole og ta seg ein fest!  Ønsker alle lesarar ei god jul !

Årets beste tips

ÅRETS BESTE TIPS til hestejenter og dyrlegespirar er boka Elise og mysteriet med dei døde hestane, skriv HaugenBok. Forfattar Anne Viken er sjølv dyrlege, og boka byr på store dosar med spenning, vitskap, humor og sjølvsagt, HEST.  No til MAKS RABATT! Bestill i dag - få boka i morgon! SJÅ HER: #julegavetips Det er ganske gøy med slike anbefalingar frå bokbutikkar ein veit har lese boka frå perm til perm, og som anbefaler den utfrå ei kvalitetsvurdering. 

KUNSTsf2012 Tour - alle youtube-episodane samla. Eit sosialemedier prosjekt

KunstSF2012 Tour er eit prosjekt som set fokus på kunst i Sogn og Fjordane ved bruk av sosiale medier: youtube, facebook, blogg og twitter. Det er eit prosjekt som tek i bruk sosiale medier for å nå ut til publikum. Sogn og Fjordane er eit fylke der nye ting av mange i fastgrodde posisjonar blir sett på som rett og slett fæle greier, og dette har vi merka litt til. Eg synest det er eit interessant feltstudie å observere kor liten kunnskap mange forvaltarar tillet seg å ha. På same tid finst her ei masse folk som tenker nytt og innovativt, utan å jamre seg over lågt folketal og andre bortforklaringar ein raskt kan gripe til. Det har vore interessant for meg, etter mange år i Oslo, å erfare kor ekstremt tung og inngrodd materie som finst i Sogn og Fjordane, og kva uprofesjonelle haldningar som er til media hos folk i posisjonar ein hadde venta seg kunne slikt. Dette var nye opplevingar etter nokre år som journalist i Oslobaserte medier. Lokalmediene har nok ingen lett jobb med slikt m...

Matbutikkar: betre bokformidlarar enn bokbutikkane

Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar. Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok. Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og sk...

Nokre feriefotos frå Etiopia

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren. Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey -trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det. Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko. Les heile mitt essay hos Minerva.   

Barne-TV videoar med fakta om dyr!

Eg har laga nokre filmsnuttar med fakta om dyr! fakta om høner og egg from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og sex! from anne viken on Vimeo . Fakta om kaninar og mat from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og luft! from anne viken on Vimeo . Sjå bilete for mitt skuleprogram i forbindelse med barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje

Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane. Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour. Les vå r blogg eller følg oss på Facebook. Sjå våre YouTube-episodar om kunst.  Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet. KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av k...

Portrettintervju av meg i Aftenposten lørdag

kan lesast her i PDF: Side 1 Side 2 Side 3 Takker for mange hyggelege tilbakemeldingar:) Og by the way. I 2010 gav eg ut ein boksingle beståande av tre tekstar på Flamme forlag. Den heiter XXX og kan lastast ned her, gratis.

Dyrelegepraksis for skuleelevar!

I forbindelse med skulebesøk med barneboka mi, Elise og mysteriet med dei døde hestane, som passar for aldersgruppa 10-100 år, har eg laga eit skuleprogram om dyrlegepraksis. Eg viser foto av dyr og foto frå praksis, og her ser du ein liten smakebit frå programmet. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spenningsbok for barn og ungdom, utgitt på Samlaget i august. Boka er den første i ein serie spenningsbøker om hest, dyrlegar og livet på bygda. Les omtalen hos NRK. Ein dag var eg på Flatene skule i Førde og snakka for 1.-4.klasse i to puljar på a hundre elevar i 45 minutt per pulje. Det var veldig gøy. Ungane var veldig engasjerte. Først fortalde eg om å vere dyrlege, så las eg passande passasjar frå boka og så viste eg mange bilete. Når eg viser bilete, spør eg ungane kva dei trur dei ser, eller andre spørsmål relaterte til bileta, og det var ein utruleg respons. Dei var altså heilt med. Eg prøver trekke dei med så dei er delaktige heile vegen, og wow, for eit engasj...

Markedsføring av barnebok i matbutikkar!

Eg har teke ein ringerunde til matbutikkar og solgt boka til dei! Det blir veldig bra fordi då står boka lett tilgjengelig i matbutikken der folk handlar. Folk treng ikkje reise til ein bokbutikk eller planlegge korleis dei får tak i den. Dei får rett og slett tak i den når dei kjøper seg mat! Dette synest eg er ein god ide. Difor har eg altså latt Elise og mysteriet med dei døde hestane bli matbutikkbok i tillegg til at den er bokhandelbok! Og matbutikkane er kjempepositive. Over ser du butikksjef Jarl Tyssekvam, Sparbutikken på Sande i Sunnfjord. Over ser du utstillinga i matbutikken på Viksdalen. Plakaten følger med boka. Og til slutt: under ser du utstilling av boka hos Spar på Jølstraholmen. Glimrande! Med på kjøpet får butikkane artiklar om boka, plakatar og omtaler frå media som dei kan nytte som dei vil. Spar Jølstraholmen har hengt dei opp over boka. Så kan folk lese litt om den før dei bestemmer seg. Lågterskel boktilbod til publikum der publikum er.

Nynorsk er kjempelett, seier bokmålselevar som har lese Elise og mysteriet med dei døde hestane

No er det over to månader sidan barneboka kom ut, og det eg synest er ekstra gøy, er tilbakemeldingane frå lesarar i bokmålsområder. Idag fekk eg ein epost frå ein bestefar som fortel at barnebarnet, som er bokmålselev og ingen lesehest, har lese boka i ein fei, blitt kjempebegeistra, skrive om den i sidemål og fått 5! Det er kjempemoro. Andre tilbakemeldingar går på at nynorsken i Elise og mysteriet med dei døde hestane er veldig enkel. For å dra eit direkte sitat: "Men nynorsk er jo ikkje det minste vanskelig!!" Sitat, bokmålsbarn. Så nynorsk er ikkje det minste vanskeleg, om ein får ei bok ein liker på eit lett språk. For språket i Elise-boka er eit enkelt språk, uten vanskelege ord og vendingar, ribba for det ein måtte tenke på som arkaiske vendingar. Det er plain, enkel, rett fram nynorsk slik eg liker å ha den sjølv. Så kom igjen, bokmålsfolk og lærarar som underviser i sidemål. Elise og mysteriet med dei døde hestane er lett å lese, sjølv om den er på nynorsk!...

Skap nynorsk leselyst med hest i undervisninga

Elise og mysteriet med dei døde hestane er landets einaste hestebok på nynorsk. Det har eg tenkt på mange gonger. Hestejenter les jo masse bøker om hest. Men alle hestebøker er på bokmål. Tips til lærarar som underviser i nynorsk som sidemål: Kvifor ikkje bruke ei hestebok som nynorsk i undervisningen av elevar med nynorsk som sidemål?  Mange lærarar strevar med å lære elevane sine nynorsk som sidemål. Kvifor ikkje lære dei nynorsk med ei hestebok? Det er langt meir lystbetont å lese om noko ein er interessert i, enn å lese om Ivar Aasen, eller ein eller anna roman ein på død og liv må gjennom. Elise er innkjøpt som klasssett ved nokre skular no, og eg meiner, ja sjølvsagt meiner eg det, det er jo eg som har skrive boka, men at ein må gripe fatt i dei muligheter som finst for å få elevane til å lese. Og då gjerne også lese nynorsk. Og gjerne om hestar. Elise er først og fremst ei spenningsbok, men det er også ei hestebok, og ei nynorskbok. Og hest på nynorsk kan skape l...

Hos Karina bur slottskaninar, bestemorhøner og pensjonerte sofagrisar.

I Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sogn og Fjordane bur det hestar, lama, høner, kalkunar, hundar, grisar og kanin. Det er Karina og Ståle Hetle som driv garden. Alle som vil kan kome og helse på dyra når dei har open gard i helgene. Karina tek seg av mange dyr som andre ikkje vil eller kan ha lenger. Grisen som måtte lære og bli gris . Eit av desse dyra er den kanadiske grisen Pomba. Pomba er ein liten svart gris på snart to år. Han har vore hos Karina i nesten eit år. Før Pomba kom til Karina var han husgris. Artikkelen er trykt i siste utgåve av Norsk Barneblad . Då Pomba var åtte veker, flytta han inn i leiligheten til ei dame som ikkje ville ha hund, men gris. Pomba vart storbygris, sov på sofaen og var ein ekte stovegris. Dama var veldig oppteken av at Pomba ikkje skulle bli svinaktig feit, så ho gav han lite mat. Pomba var alltid svolten, og fordi Pomba var svolten, laga han leven. Han leita etter mat i søpla og blei etterkvart ganske slitsom å ha i hus....