Gå til hovedinnhold

Innlegg

Sentrum-periferi frå sår sykkelbak

I ei intetsigande reiseskildring fyrer reporter Gunhild Dahlberg opp under konfliktlinja sentrum-periferi, noko lokalmediene sjølvsagt kastar seg over. Søker du etter orda «Gunhild Dahlberg» og boka «Norge i dag» på Google, får du treff som «Harstad er ein kjedelig by», og «Sogningar og fjordingar er dei suraste i landet!» Jaha, tenker eg. Ei bok som får merksemd for å harselere over folk landet rundt, er kanskje verd å få med seg. Men etter nokre titals sider tenkte eg dette: Det skjer jammen lite i distrikts-Norge når lokalmedie etter lokalmedie kan prestere å bruke så mykje spalteplass på ei bok som er så tvers gjennom kjedeleg. Språket er så flatt og tørt, beskrivingane så overflatiske og uinteressante, at eg etter kort tid la boka bort og sovna. Sentrum- periferi Denne reiseskildringa er ikkje meint å vere ei tung og viktig bok. Den er meint å vere lettbeint, vittig og subjektiv, men skal dette lukkast, må ein ha noko å melde, og humor forutset kunnskap. Boka fell gjennom på både ...

Fakta om Anne og nynorsk - bør leses dersom du har tenkt å meine noko om "Annes forhold til nynorsk"

Det blir i visse medier feilaktig skrive at eg har forlatt eller fornekta nynorsken eller noko i den dur. Av og til skulle eg ønske at folk skjønte kva eg skreiv og sa, og ikkje feiltolka så mykje, eventuelt at dei las kva eg har skrive før dei uttaler seg om meg, men sidan verda flyt over av mangel på research, og fordi ein del som kommenterer det eg skriv, flyt over av følelsar, blir eg ofte gjengitt feilaktig og upresist. Her kjem fakta om Anne og nynorsk for den som har tenkt å omtale Anne og nynorsk i ein eller anna kommentar eller artikkel ein eller gong i tida, og om dette er uklart, send meg ein epost viken.anne ( att ) gmail.com så svarer eg gjerne på spørsmål. Praktisk: - Eg laga i sommar ein serie store saker for Dag og Tid (nynorskavis) frå Sogn og Fjordane. No skal eg lage ein serie til. Eg skriv også side to kommentarer for Dag og Tid, fast frå no av framover. - Eg får ofte skryt for å skrive god nynorsk. Dette er flott, og eg tek det som eit kompliment og bringer det gje...

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denne m...

Eventyr

Det var ein gong ein mann som heitte Pål. Han var sterk, mørk og fager og var kjend i heilt kyrkesoknet som ein gudfryktig og høgt akta mann. Kvar søndag kom han til kyrkjebakken, og det glimta i klokker og seletøy alt før ein høyrde vogna kome opp dalen. Pål var sterk som ein bjørn og elegant som ein hjort, og det ryktes i mange kykjegjeld at før Pål var tretten år, hadde han teke livet av ikkje mindre enn fire bamsar med berre nevane. Då onkelen hans fekk for dårleg pris for ein hest, drog Pål til kjøparen, drog han ut døra, slakta hesten, bandt mannen fast med hestetarmar til ei gran, hogg av grana ved rota og skubba den på sjøen. Den karen såg ein aldri meir, men på trass av dette påfunnet, dette skjedde trass alt i ung alder - hadde Pål eit umåteleg dametekke. Dei frykte ikkje hestetarmdøden, og strøymde til kyrkjebakken frå fjern og nær. Ein måtte ansette ekstra prest for å få avalde gudstjenester slik at alle som ville, fekk kome innomhus iallefall ein gong i veka slik seg hør o...

Høst i Oslo og lesestoff

Når det er høst, trenger ein meir enn ellers godt lesestoff. Eventuelt kan ein sei at det finst fleire grunnar enn ellers til å sitte inne å lese seg gjennom dunger av bøker og magasiner og anna ein lenge har tenkt ein skulle lese, eventuelt nye funn ein berre må kaste seg over, samt ein del akk så uforutsigbar samtidslitteratur. Ein veit aldri kva ein får, men akkurat no veit eg kva eg får når eg opnar ei bok. Eg driver å leser meg gjennom John Steinbecks forfattarskap, og prøver å skjøne korleis det er mogeleg å vere så jævlig flink. Eg får lyst til å dra til Salinas og Salinasdalen, der størsteparten av handlinga i East of Eden foregår. Eg får i det heile tatt lyst til å reise til USA, men akkurat det er ikkje så uvanleg til å vere meg. På nettet fant eg dette nye fotomagasinet "I heart magazine" , som eg straks fann ut at eg måtte sjekke ut. Som sagt så gjort og det kom i posten. Her er bilder av gateliv, mennesker og situasjonar. Kort sagt like godt lesestoff som ei god ...

sånn ser ein dyktig skribent ut

From Anne Viken-blogg Andrè Gali From Anne Viken-blogg Svein Egil Hatlevik og til slutt, Anne Viken - fritt vilt for skyts fordi vi er rutinerte nok til å ikkje ta oss nær av det? From Anne Viken-blogg

Sure Sørum i Sogn Avis

Dette blogginnlegget er redigert etter innspel om at eg må vere litt mindre tøff i kjeften mot urutinerte/ dårlige skribenter. Eg tar innspela til etterretning, men held fast på at eg meiner nivået på denne kommentaren i Sogn Avis (som eg kommenterer her i denne bloggposten) var for lågt til å vere i ei avis. Den stod lørdag 25.oktober i spalten Innhogg. Min kommentar her på bloggen begynte slik: Eg veit ikkje kven Janne Sørum er, men eg veit at Sørum feilsiterer meg i Sogn Avis, og dersom dette er meint å vere ein kommentar, skulle den kanskje ha vore redigert? Dette er da vitterlig kun oppramsande og lite nytenkande, med tidenes dauaste konklusjon: "Det er lett å kritisere men vanskeligare å faktisk få til ei endring" (paddeflatt - kva med litt tekstteknikk?) at eg tenker eg let det ligge. ----Denne starten i denne bloggen er muligens for røff, for tøff å få i trynet for ein som skriver kommentar i lørdagsavisa? Det kan ein kanskje sei, eg er usikker. Men når ein, sorry meg...