Gå til hovedinnhold

Innlegg

Eg gliser fra øre til øre heile helga lang

sol og kontrakt og kva meir kunne eg egentlig ha ønska meg i dette nu. Sove halve dagen, stå opp og ja, no er det like før eg skal sette meg ned å skrive fiksjon på fulltid. Ikkje denne helga, tenkte eg, denne helga skal eg sove lenge og drikke vin, dra på eit par fester og ellers slappe av etter ei av tidenes hardaste hardkjør av ein jobbmaraton her i mai. Men ingenting kjem av seg sjølv, og no er vi igang. Det er berre å glede seg. Der er ingen forskjell på homser og dyr, sa faren min og henta balltre. I flokk og følge traska de mot sætra. Det var bratt. Det var varmt. Det var siste søndag i juli.

Kva slags menneske er det som sparker ein hund til døde?

Eg lurer på kva slags menneske det er som presterer å sparke ihjel ein hund på tur i parken . Eg har sett mangt og mykje av stygg behandling av dyr i mitt liv, men dette er jo beint fram hjerterått. Kva i alle dager er det som får ein person til å sparke ihjel ein hund? Kva i alle dagar er det som får eit menneske i det heile tatt til å sparke til ein hund. Menneske har ein tendens til å behandle dyr stygt. Folk slår kyr fordi kyr ikkje går like fort som folk vil at kyr skal gå, folk sparker ihjel hunder i parken osv. Det sjokkerer meg gong på gong korleis folk som påberopar seg å ha peiling og lang tids erfaring med husdyr, nyttar vold for å få kontroll over dyret, få dyret til å adlyde eller beint fram fordi dei sjølv blir irriterte. Eit dyr har sitt fulle hyre med å forstå kva i alle dagar det er som er forventa av dei, og kva som skjer, om dei ikkje i tillegg skal bli offer for tilfeldige luner og folk som har sove for lite eller som må rekke ein kamp på tv. Ta eit eksempel. Ein he...

..og ut av puddersnøen stig det nye Norge

Datoen er 17. februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå dei hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Fagre lovnader om kva fjordfylket kan tilby oss, svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. «Framtidsfylket» har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entreprenørar i fråflyttingsfylket nummer ein på Vestlandet. Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. I introduksjonen til «Hvordan lykkes med omdømmebygging i norske kommuner?» av Børre Berglund, som kan lastast ned frå departementet si heimeside, står det at omdømearbeid er eit identitetsprosjekt der kommunane må finne seg sjølv....

At ei ku frå ein stad nær Nordpolen skal vere tilpassa eit liv i Afrika, ser eg ikkje heilt føre meg.

NordGens målsetning er å utvikle kunnskap om sunn forvaltning av genetisk breidde både når det kjem til bevaring av sjeldne lokale rasar, og reimplementeringa av bærekraftige avlstiltak, står det i forordet til boka Management and Exchange of Animal Genetic Resources – Nordic perspective. Bakgrunnen for boka er Interlaken-deklarasjonen som vart vedteken av FAO (Food and Agriculturale Organization) i 2007, og som omhandlar globalt ansvar for bevaring av dyrs genetiske ressursar, samt korleis ein skal forvalte dette i Norden. Dette handlar ikkje om bevaring av dyr fordi dyr er snille, men er meint å vere eit steg på vegen mot utrydding av global svolt. Å bevare lokalt tilpassa husdyrartar, eller plantesortar for den del, betyr at ein tek vare på lokalt tilpassa artar som kan sikre folk mat der produsert dei bur, sjølv i møte med klimaendringar. Det handlar om den lokale, eller nasjonale, mattryggleiken som blant anna Norge set svært høgt. Eksporterer utrydding Lat oss ta eit lite blikk ...

Eit svingslag mot anonyme suckers der ute i det offentlige rom.

Er Anne Viken ein god skribent, er tema som blir tatt opp (kun i ein setning, men likevel, eg tek tak i det og riv det ut av dimensjoner her på bloggen) under saken på NRK. Funny. Eg rister like masse på hovudet kvar gong folk, utan å ha lese det eg skriv, uttaler seg, i kommentarfeltet, om meg og ikkje om saka. Atter ein gong seier eg som eg sa til NRK: folk er kikkere. Dei er ofte meir interesserte i person enn i sak, og nett difor er personlige bloggar samla på ein bloggportal eit godt grep. Og nei, det har aldri blitt gjort før på vegne av Sogn og Fjordane. Ei retting til saken på NRK er at eg har fleire treff på min blogg på ei veke , enn Framtidsfylket har besøkande på sine messer på eit år. Har sagt frå til NRK så eg håper dei fikser det. Men vidare til den lusne kommentarfeltdebatten, (generelt - no snakkar eg ikkje om felta under NRK-saken som faktisk ikkje var det verste, sjølv om det var intetsigande) der alle som ikkje kan å skrive, eller kjem til orde, deltek. Det er ei k...

Les Klassekampen 20.mai,