Gå til hovedinnhold

Innlegg

Tekstallianse

Eg må berre sei at det var heilt genialt på Tekstallianse på litteraturhuset igår. Eg grabba med meg ei mengde med publikasjonar, kjente og for meg ukjente, og har lese ein del, men enda langt fra alt og det er ekstremt morsomt å sjå kva som beveger seg der ute, av stemmer og former og format og bilder og tekst. Bra jobba. Om kuer Deng ei ku, vinn kred, og denger du ikke hardt nok, er du ei pingle og det sier alt om deg. AV Les tidsskriftet Jeg!

Ønsker seg intellektuelle kommentatorer i dei store mediene

av og til lurer eg, sånn heilt spontant, eller heile tida, på: kvifor er det dei minst interessante menneska, eller mest simpelt vulgære, i landet som skriver debattstoff i dei store papiravisene? Er det eit teikn? Eit teikn på eit skip som synker så innihampen kjapt? Lat oss håpe det. Lat oss håpe det snart er over. RIP. Forslag til følgjetong: (mediastuntet til ein liten del av Aschehoug-folket på hagefesten til veka): Del en: Tone og Aksel Hennie står fram! (ergo må også vi stå fram) Del to: Forfatterdebutanter 2009 står fram! Del tre: Tone og Aksel Hennie står fram en gang til. Del fire: Forfatterdebutanter står fram som gjeddefiskere. Del fem: Merete Morken Andersen, nylig avtroppa sjef for Forfatterskolen, står frem som Aksel Hennie Del seks: Aksel Hennie står frem som gjeddefisker. Del sju: Tone står frem som gjedde Del åtte: Gjedda benekter å ha noe med Aksel Hennie å gjøre. Del ni: Gjedde drept av forfatterdebutanter 2009. Del ti: Merete Morken Ander...

Glitterfitter - øyeblikksbilder frå unge kvinner i mi samtid

Eg har begynt å lese boka Glitterfitter. Til no har eg lese dei seks første, pluss forordet. Min konklusjon er dessverre nedslåande all den tid eg var begeistra for redaktøranes refleksjonar rundt boka i VG. Eg får ikkje heilt tak på kva ein vil sei, men eg får tak på ei rekke assosiasjonsrekker som kan tolkast, og som fortel meg om kva som foregår inni hovudet på dei som skriv. Tekstane er spegl på kva unge kvinner i tjueåra tenker om det å vere kvinne, ergo gode tidsbilder, og kan slik sett ikkje avvisast - men ein har gjort seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å la lange uredigerte uferdige tekstar kjede lesaren side opp og side ned. Det er også vanskelig å forstå kva ein vil sei all den tid det heile er lite konkret, og meir framstår som tankerekker: masse ord og utmaling og utbrodering. Spesielt slår Julie Rylands tekst meg som i overkant lang med tanke på kva ho har å melde. Teksten har mange interessante refleksjonar, og eg syns på mange måter den var god, men skribenten har behov fo...

Feminister i trusekamp: hårsår på trusekanten.

Trusedebatten går i disse dager heit i Dagbladet og VG. Glitterfitte-redaktørane skreiv i VG at dei har bytta ut sloggi-trusene med truser kjøpt hos Victoria's Secret. Dette får Fett-redaktør Charlotte Myrbråten til å gå ut i Dagbladet , der ho " mener det er for mye fokus på det glamorøse, og viser til redaktørene Sigrid Bonde Tusvik og Gunnhild Magnussens uttalelse om at de har byttet ut Sloggi-truser med undertøy fra Victoria?s Secret. - Det blir bare et fengende slagord, litt ukebladaktig, sier Myrbråten. - Selvsagt kan alle få gå med de trusene de vil. Dette er igjen myter om at feminister bare går med bomullsundertøy, og det er ikke sånn, sier Myrbråten, (...) Men ærlig talt da, damer. Er det truser feminisme skal handle om? Ein må ha litt sjølvironi også. Eg for min del ligger nærmare Victoria's Secret enn sloggi i mitt trusevalg, og det har eg da også tenkt å gjere. Å kalle utspelet til Glitterfitte-damene for ukebladaktig, er å trekke det vel langt. Det hadde vore...

Hjorthen vil erstatte Aurdal med Drusilla.

.. så vi slepp flauheter i Dagbladets spalter. Well, vi er inni hampen mange som er enige med deg, Hjorthen. Er det mulig å være enig med alle parter i en debatt? Og kamikaze ytrer kloke ord om flauhetene: "Det Anne Viken kritiserer er retorikken, som hun opplever som snever og aggressiv, og dette er et inntrykk jeg deler. Martine Aurdals svar til Anne Viken er et utmerket eksempel på dette."

Ingen makt i denne sal!

Norske politikere strekker seg ikkje intelletuelt, påstår ein profilert norsk professor under cover. Det er ein sabla treffande påstand, men korleis kan norske politikere strekke seg intellektuelt i det mediaklimaet som finst i Norge? Tja. Medialisering: politikere som jager etter pressens og dens dagsordensettende funksjon, vulgarisering av ordskiftet, personfokuset i mediene. Er det i det heile tatt mulig å få til ein saklig politisk debatt? Eg følger ei rekke kommentatorer på twitter og facebook, og det er av og til eit sørgelig fokus å spore. Det handler mest av alt, ser det ut til, om ein vennegjeng som sit å skriv litt kommentarer i kvart sitt mediehus, diskuterer seg i mellom i sosiale medier, for så å gløyme at dei snakker til eit større publikum. Twitter gjer dette veldig eksplisitt tydelig. Som enkelte påpeikte i etterkant av Frokost med Bernt, og nei, det var ikkje Brox stasjon men slippfestdeltagere på Demokrati før og nå-festen på Chateau Neuf ikveld, så er enkelte i Dagbl...

Offentlig debatt krev si elefanthud: Nokre utfordringar for dagens feminisme

Eit par mennesker spør meg om eg takler denne feministdebatten, om eg tek det personlig. Dei som kjenner meg godt, spør ikkje. Dei veit at eg takler det som ei sak, eller ein jobb, eller kva eg skal kalle det. Ein kan ikkje ta offentlig debatt personlig. Då har ein tapt. Debatten er morsom å preike om, men eg tar den ikkje med meg i senga. Som far min sa ein gong ein kar spurte korleis eg takla offentlig debatt. Naboen var litt bekymra. Far min sa: "Anne? Nei, ho ekje eg det minste bekymra for. Ho klarer seg". Godt sagt, fadern. Slagord: Personlig er politisk, og så tar vi det inn i setting "debatt": det eg som er ute i media og blir truffen av kritikk, eller er det det eg meiner, og kan ein skille mine meininger i media frå meg som person? Ja, heilt klart. Mine meininger er kun ein del av meg, dei er ikkje heile meg. Sak er noko anna enn person. Debatt er for meg sak. Ergo preller den av. Men betyr det at eg derfor er ein dårlig feminist, fordi eg ikkje tar alt så ...