Gå til hovedinnhold

Offentlig debatt krev si elefanthud: Nokre utfordringar for dagens feminisme

Eit par mennesker spør meg om eg takler denne feministdebatten, om eg tek det personlig. Dei som kjenner meg godt, spør ikkje. Dei veit at eg takler det som ei sak, eller ein jobb, eller kva eg skal kalle det. Ein kan ikkje ta offentlig debatt personlig. Då har ein tapt. Debatten er morsom å preike om, men eg tar den ikkje med meg i senga.

Som far min sa ein gong ein kar spurte korleis eg takla offentlig debatt. Naboen var litt bekymra. Far min sa: "Anne? Nei, ho ekje eg det minste bekymra for. Ho klarer seg". Godt sagt, fadern.

Slagord: Personlig er politisk, og så tar vi det inn i setting "debatt": det eg som er ute i media og blir truffen av kritikk, eller er det det eg meiner, og kan ein skille mine meininger i media frå meg som person? Ja, heilt klart. Mine meininger er kun ein del av meg, dei er ikkje heile meg. Sak er noko anna enn person. Debatt er for meg sak. Ergo preller den av. Men betyr det at eg derfor er ein dårlig feminist, fordi eg ikkje tar alt så himla personlig som mange ser ut til å gjere i denne debatten?

Eg meiner nei. Ein må skille sak og person. Eventuelt ligge unna offentlig debatt.

Tok idag turen til Frokost med Bernt idag der tema var Bak slagordene: Noen utfordringer for dagens feminisme. Slengte meg på trikken og halsa avstad i full fart før klokka åtte på morran. Eg e ikkje eit a-menneske, så dette skuldast eine og aleine at eg liker dette frokostkonseptet, samt at Cathrine Holst skulle halde innleiing.

Cathrine Holst las opp sitt essay frå boka Demokratiet før og nå som lanseres ikveld på Chateau Neuf.

Holst peika på utfordringer for feminister, og dette trur eg er verdt å ta med seg vidare, jamfør debatten som har vore/ er, og blant anna Glitterfitte-damene sine utspel i media.

- å få gjennomslag
- fleire må inkluderes: dette er kanskje den mest vesentlige utfordringa

Mine kommentarer:

Å få gjennomslag: da trengs det ei fornying av retorikk og ideologi.
Fleire må inkluderes: jepp. Ut av klikken, makte å engasjere utenom rekkene.

Å betvile at verden er kjønnsurettferdig er for meg ein fjern tanke, sa Holst. Eg er heilt einig med Holst i dette.

Og: er det ikkje ei overdriving å sei at feminister meiner så mykje ulikt? Tja. Tja. Tja. Men det viser ikkje for dei som står utanfor at det er ulikheter innad, mest vises det for dei innad.

Spørsmålet eg uansett stiller meg er: kven er det offentlige feminster egentlig snakker på vegne av? Seg sjølv, ser det ut til. Ergo vil ein få problemer med både a) å få gjennomslag, og b) å inkludere fleire.

Eg stakk etter Holst sitt innlegg. Martine Aurdal og Jørgen Lorentzen har eg sånn passelig interesse av å høyre på i tidlig morgonstund, så eg stakk. Ifølge sikre kilder, gjekk eg ikkje glipp av noko.

No tenkte eg sjekke ut boka, og sleppet ikveld på Chateau Neuf.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...