Gå til hovedinnhold

Innlegg

Les VG idag: min kronikk: Turisme har blitt så viktig i Sogn og Fjordane at dei ikkje lenger bryr seg om at folk skal bu her.

Les min kronikk i VG idag. Kronikken ligg http://vgdebatt.vgb.no/2011/02/12/drukna-i-turisme/ Sogn og Fjordane har gløymt at det skal bu folk i fylket. Dei satsar kun på turisme. Vi som faktisk bur her får ikkje ein gong internett. Det driter dei nemlig i. Her skal vi tilpasse oss til National Geographics forestillingar om rein natur. Då er internett sikkert i vegen. Her får du ein liten blogg-utdjupning av problemet dårlig internett på bygda! Advarsel: vågar du flytte til Gaular kommune? Kommunen som ikkje har internett? Og der ordførar Jenny Følling går ut i avisa Firda og påstår at ho ikkje kjenner til problema med nettet sjølv om ho har blitt varsla fleire gonger per år? Er det forsvarleg å ha ein slik ordførar som preikar usanning i avisa? Eventuelt som hugsar såpass dårlig? Skal ikkje kommunen jobbe for innbyggarane, ikkje mot? Skal vi sitte på gjerdet og vere nøgd med dårlig nett for å hindre at merkevara Sogn og Fjordane slår store sprekker? Framtidsfylket er ein bløff. Brei...

Bloggarane: vår tids intellektuelle? Og er bok rett medium i vår tid?

Blogg er makt Dette innlegget stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 5.februar 2011. Kvart år kårar Tordenbloggen Norges beste bloggar, og ein har superheltinnekåringar i sosiale medier. Sosiale medier inkluderer Facebook, Twitter og blogg. Bloggarar er like sjølvsagt inventar på Aschehougs hagefest som forfattarar. Dei har fleire lesarar enn Klassekampen. Gjennomsnittleg antal solgte bøker i Norge ligg rundt 250 for ein debutant, eit latterleg lågt tal om ein samanliknar med antal daglege treff på ein norsk samfunnsblogg. Sosiale medier bidreg til å styrke maktnettverk, meiner mange. Men sosiale medier bidreg også til å opprette nye maktnettverk og rive beina under gamle. Kven treng sitte på Kunsternes hus å ete middag med kulturelitens yppersteprestar når ein kan regjere på nettet? Kulturelite og media har fått ein sterk konkurrent i bloggsfæren, og bloggarane er sjølv ofte ein del av den såkalte kultureliten. Og om dei ikkje er det, kven bryr seg. Blogg er o...

Gøsta Berlings saga - trolldom og segner

Eg har lese Gøsta Berlings saga av Selma Lagerlöf og kan ikkje skjøne at eg ikkje har lese dette før. Og ein kan spørre seg: kva skal vi eigentleg med alle våre dagars sjølvhjelpslitteratur eller bøker om frustrerte sjeler på jakt etter meininga med livet når det berre er å bla opp i den litt eldre litteraturen der klokskap og vett er godt bevart? Hovedpersonen er Gøsta Berling. Han er avsett frå sitt presteembete fordi han drikk. Boka er basert på gamle segner og historier frå tidleg attenhundre i Värmland. Den vonde kjem ut av peisen på julekvelden og lever som bonde midt blant menneska. Midtsommars køyrar han i sin galskap slede til kyrkja iført ulveskinnspels. Bjørnen som herjar i sauefjøsane må skytast med ei sølvkule. Det er fagre jomfruer, avsette prestar, trolldom og kjemper til menn. Ikkje som i billig pocket, men som i sagaen. I den mørke värmlandske skogen vert hestar og folk jaga av ulveflokkar, trollkjerringar kjem til bygds og nedkallar forbannelsar over baronessa som...

Fiolinane av Jan Roar Leikvoll: fandenivoldsk brilliant vanvidd

Eg ser at forfattaren Jan Roar Leikvoll er nominert til Kritikarprisen for Fiolinane. Det overraskar meg ikkje.  Fiolinane er eit bestialsk meisterverk, ei knakande framstilling av hud som tørkar som papir i ørkenvarmen, om korleis det går når mor di blir galen og sit og grev ut kjøtstykkar av den daude veslesyster di i eit skur på ein skraphaug. Ein jævlig skraphaug der vandringsmenn byter klinkekuler mot sex med lik, og der far din med voldsomme byks landar på mor di sin skallebrask. Du hoppar med. Knuser henne ned i støvet. Det kadaveret. Tørt skinn, knoklar og eit hol. Eit jævla svart hol. Med byks og sprett forflyttar Leikvolls hovedperson seg over søppelfyllinga. Han slenger seg frå røyr til røyr, frå skrothaug til skrothaug, piner rotter, drep uskyldige dyr. Han er som eit dyr, eit dyr som skal bevise for all verda at eg kan leve. Vi kjenner gasellen som på savannen flyktar frå løva i høge byks. Byksa skal vise løva at "eg er rask, kjapp og sterk, meg kan du ikkje fange...

På tide å legge ordet distrikt på hylla?

Frå innleiing på Frps fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011. Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem i Frp eller andre politiske parti for den del. Om vi hoppar frå Arnestad til Liv Signe Navarsete. Navarsete og Senterpartiet, påstår dei vil ha haldningsendringar i Oslomakta, merk deg bruken av ordet sentralmakta. Navarsete seier ho vil ha lagspel, ikkje krangel, men når ho er ute blant folket, seier ho dette: «Professorar i dei sentrale delene av landet vil sikkert sei at det ikkje lønner seg med bredbånd i distriktene». Sitatet blei levert på Dyrøyseminaret i Troms i slutten av september, i tillegg til ei lengre lefses tompreik. Navarsete FAIL. Ufrå dette sitatet kan ein tolke at vi ønsker å bu her i distrikta, men dei i sentrum ønsker ikkje å hjelpe oss utfrå eit kost-nytte perspektiv. Distrikta er ulønsame, derav ordet distriktspolitikk som i stor grad får oss til å tenke «overføringar frå staten.» Om vi ikkje direkte blir tvinga til å bu sentralt, så er det iallefa...

Om turismevanvidd, frå mi innleiing på Frp sitt fylkespartimøe 30.januar 2011

så kva er det vi har her i Sogn og Fjordane? Sogn og Fjordane er eit ressurssterkt fylke med eit naturgrunnlag for framtida. Korleis kan vi utnytte dette? Korleis skal Sogn og Fjordane overleve i ei global utvikling med sterke sentraliseringstendensar? Vi har naturressursane, vi har beitemarkene, vi har innovasjon, teknologi og landbruk. Det er vi, her i Sogn og Fjordane, som kan vere eit av matkammera i verda dersom klimaendringane slår til og sidan Frp har høge ambisjonar på landbruksfronten tenker seg sei ein del om landbruket sjølv om landbruk blir ansett som ei stadig mindre viktig næring i store delar av distrikts-Norge. I år 2011 er vi nødt til å spørre oss: Kven vil vi vere? Kva kan vi tillby? Og om vi ikkje maktar få fram ein sterk eigenart, kva skal vi satse på å utvikle? For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar. I dag e...

Frå beite til bur: mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011.

Frp har store ambisjonar på landbruksfronten så eg tenker kome med ein del landbrukspolitiske innspel. Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem av Frp eller noko anna politisk parti for den del. Frå Beite til bur.  Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge.  I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i...