Gå til hovedinnhold

Innlegg

Difor blir eg ikkje bonde. Slavearbeid: nei takk!

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og sosialt liv. Det er ikkje kompatibelt med det norske samfunn anno 2011. Folk...

Det blir bok til høsten

Har sett førsteutkast til bokomslag. Det er veldig morsomt. No er det altså på tide å glede seg!!! Meir informasjon kjem seinare. Biletet her har ingenting med framsida og gjere, men kan tenkes ha noko å gjere med innhaldet.

Debatten om ubedøva slakt angår Norge.

I Morgonbladet 23.mars svarer Runar Døving svarer på mitt leserbrev « Halal – gamal metode i ny kontekst ». Døving skriv at han forventar seg at Viken og hennar stand bidrar til å opplyse om de faktiske forhold i slakt (altså at halal foregår med bedøving i Norge), og ein kan lure på om Døving las mitt lesarbrev særleg godt då eg der nettopp nøye poengterte korleis hala foregår i Norge: med bedøving, akkurat som anna slakt. I tillegg tek eg opp problematikken knytt til ubedøva slakt med fokus på EU. Døving er også kritisk til at eg gjer halal utan bedøving relevant for Norge, og meiner at norsk offentligheit er feil adresse for debatt om ubedøva slakt. Dette er ein i beste fall rar slutning då Norge er del av eit internasjonalt marked, også for mat. Kjøt som er slakta utan bedøving i EU vert importert både til Norge og Sverige, land som ikkje tillet slakt utan bedøving. Debatten om ubedøva slakt angår den norske forbrukar. Også EU ønsker at dyr skal bedøvast før avliving. European...

Tips til andre nybegynnarar som ønsker å skrive skjønnlitterært

Da har eg omsider skrive ei bok. Det var ein interessant prosess og om eg skal gi eit par råd til andre som skal skrive ei bok, vil eg, som nybegynnar i faget, gi desse: - Ha planen for plottet og historia nokolunde klart før du startar. Altså ei prosjektskisse. Dette hadde ikkje eg heilt på plass, berre delvis, og det førte til at eg måtte rekke opp igjen historia, klippe og lime. Det tok ekstra tid og for min del var det dette som tok tid. Skrivinga gjekk kjapt. Plottfiksinga tok tid. Så bruk god tid på å lage eit plott, ei story, eventuelt ei kapitteloversikt eller noko slikt. No snakkar eg om roman. - Du kan teikne historia på eit ark. Eksempelvis lag eit kart og teikn inn kvar handlinga foregår. Dermed kan du visualisere for deg sjølv. Skriv for eksempel inn på kartet kvar ulike episodar foregår, kvar karakterane held til og korleis handlinga forflyttar seg i terrenget reint geografisk. Dette kan også hjelpe deg med å sjå nye muligheter i handlinga eller terrenget. - Ha kar...

Norsk kylling - søppel i alle ledd.

Godt norsk. Det er godt, det er norsk. Punktum. Men er det eigentleg det? Høyr på Her og Nå på NRK P1 idag ca halv seks. Tema: kylling med saltvatn i. Underteikna deltar. Lat oss kikke på norsk søppelmat nummer ein, kylling. Kylling er dyr som vert behandla dårleg i  alle ledd, frå dei er klekt til dei hamnar på ditt fat. Kylling er det nærmaste vi kjem levande søppel. Produsenten av kyllingar og avlsdyr som skal bli kyllingar produserer dyr som lir av kronisk svolt, veks frå organa sine og ikkje tåler eit liv i det fri. Dei er, kan vi enkelt sei, ødelagt av avl. Svoltkjensla er forstyrra. Bonden produserer levande søppel med låg dyrevelferd. Dårleg beinkvalitet, brannskader på kroppen grunna dårleg strø, bukhinnebetennelse som gjer at betennelsesvæska sprutar deg i ansiktet når du opner buken på den. Norske kyllingar er også avhengige av å få antibiotika i foret fram til eit par dagar før slakting. Dette kan skape resistens som i sin tur vert overført til den som e...

Større skala på norsk landbruk er ikkje eit problem. Vi må bytte ut ordet skala med relevante ord som klima, driftsform og kompetanse.

I Norge er "skala" eit vanleg brukt ord i debatten om landbruk. Vi vil ha vårt "småskala" landbruk, og ja norsk landbruk er småskala, over heile fjøla, i ein internasjonal kontekst. Vi er veldig skeptiske til å øke skalaen, altså få større og færre gardar. Eg er ikkje skeptisk til dette i det heile utfrå tanken om kvalitet og dyrevelferd. Og kvifor det? Fordi dyrevelferden er best på store gardar. Dette er ei erfaring veterinærar i felt fortel om. Altså: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. Sjølvsagt finst der unntak. Og kvifor er det slik? Jo fordi på større gardar er garden hovedfokuset, ikkje jobben ved sida av. Dette er også mi eiga erfaring. Det er ein grunn til at ein svensk kollega, og spesialist på melkekyr, sa at det er flott når deltidsbøndene legg ned. Og kvifor er det flott? Fordi det hevar nivået på dyrevelferden når bonden blir større og er bonde på heiltid. Før eg sjølv fekk praktiske erfaringar frå felt, og før eg sjølv fekk eit ne...

Det er ei tåpe som sit tiltalt i Oslo. Og det var greit å sjå.

I dag drog eg i retten på publikumsplass for å få med ein dag av saken mot ABB. Det var ei surrealistisk oppleving. Veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det var uansett absurd. På same tid, som meg og min kompis var einige om etterpå: det var i grunnen greit å dra og sjå. Det var greit å sjå med eigne auge. Det er ein patetisk mann som knapt greier føre eit ressonement. Som bruker ei rekke fine ord og vendingar men snublar avstad som ramlar han ned ei trapp når han skal forklare seg. Unntatt når han med fynd og klem snakkar om henrettelsane han planla. Då er det entusiasme og innleving. Det er ikkje meg gitt å stille diagnose, men at dette var ein person utanom det vanlege treng ein ikkje vere psykiater for å sjå. Empati var fråverande. Det var påfallande korleis han med fynd og klem snakka om henrettelsar, ikkje drap, om motorsykkelraid gjennom Oslo der han skulle ha plaffa ned journalistar og blitzarar. Det var interessant å sjå kor han er på defansiven, angstbitersk, pat...