9. aug. 2009

Offentlig mobbing av Hagen i mediene

Regjeringa mobbar enkeltpersonar. Eg kunne ikkje ha vore meir enig med Elin Ørjasæter i denne vekas Dag og Tid.

Medias evige jakt på case, ein person å henge saka på. Og denne forklaringa som Ørjasæter trekk fram, er interessant: Magne Lindholm ved journalisthøgskulen seier at sidan den ideologiske tenkinga langt på veg er borte (frå mediene), og avisene blir meir og meir like, så er der lite anna å gripe tak i enn personleg umoral.

Mediedekninga av Hagen-saken har minna meg om jakta på Valla. Personfokus, evig påpøsing av nye saker, den same vinklinga og like utspel frå person etter person/ minister, og det heile minnar om når journalister får blod på tann, jakter i flokk og kvar einaste kommaendring vert ei ny sak. Anten manglar vi gode journalistar i dei store mediene, ellers så skjer her for lite i dette landet. Eventuelt er der for få gravande reportere på jobb etter at ein har kutta ned på antal stillingar. Ei anna forklaring kan vere at ein prioriterer ikkje gode saker, men basic entertainment, jamfør mine inside-historier frå Dagbladets nyhetsredaksjon i 2005, og å lage Hagen-oppfølgere er pinlig enkel journalistikk. Ein løfter berre av røret og ringer ein eller anna valgkåt politiker.

Når tida til journalistane blir brukt på denne måten, har ein ikkje sjans å få tid til dei gode sakene. Kvar er redaktørane som ønsker seg kvalitetsjournalistikk blitt av?

Medienes blodsug kan Hagen ta som eit teikn på at du har utfordra på ein måte mediene ikkje makter forholde seg til anna enn ved personjag og repetering av at fysj og fy, han flytter fra landet, gjerne på oppfordring frå pressemeldingar frå diverse departement. Lettvint mediekjør. Samt dyrking av andre heltar som flyttar hit med flåtane sine av skip, også dette pressemeldingsbasert. Og eg er ikkje positiv til skatteflyktningar. Men eg er svært negativ til medienes blodjag i flokk. Ingen bør utsettes for slikt, men diverre kjem det nok til å pågå enn så lenge redaktørane er ein gjeng ideologiløse børshorer uten ambisjoner på vegne av journalistikken.