Gå til hovedinnhold

Truslar/ sjikane frå folkevalgt i Arbeiderpartiet

Eg les på journalisten.no om ein journalist som har motteke truslar frå ein eller anonym person. Så går redaktøren til politiet med saka. Det er bra. Trusler kan vi ikkje ha.

Eg har sjølv mottatt ei rekke sjikanøse epostar av truande karakter frå ein person som i alle epostar oppgir fullt navn, adresse og telefonnummer. Han har også sendt sms. Til og med kona hans har drive og kontakta meg.

Mannen sit i tillegg som folkevalgt for Arbeiderpartiet. Til slutt måtte eg gå til politiet med saka. Arbeiderpartiets stortingsrepresentantar er klar over saka, dei er informert frå bånn til topp, men dei gjer tilsynelatande ikkje noko med det. No går mannen laus i fleire nettfora og sit fortsatt som folkevalgt.

Spørsmål: Kan vi ha slike folkevalgte? Kan vi ha folkevalgte som truar oss som dei er valgt til å styre for? Eg berre spør.

Nettsamfunnet Origo er også klar over saka og har motteke informasjon og dokumentasjon på kva mannen skriv og bedriv. Dei er også klar over at eg måtte gå til politiet med saka etter at mannen trua med å ta livet av seg sjølv. Likvel lar Origo mannen sleppe til i forumet.

Kva er dette slags praksis?

Eg kjem antageligvis til å bli kontakta av folk i Ap eller denne mannen sjølv pga denne bloggposten. Dei vil nemlig helst ikkje at nokon skal vite om dette. Ap kan ikkje ha noko slikt på seg, og dei er skitredde for at saka skal nå pressa.

Ja, kanskje bør den nå pressa? Når Ap lar folkevalgte true og sjikanere folket utan at dei maktar handtere saka.

Her er bevis for at det er sant. Eg har ellers ei rekke mails og div som ligg på min epost.


.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...