Gå til hovedinnhold

Innlegg

Klimatilpasning lokalt

Skal ein kunne møte klimaendringane, må ein møte dei lokalt . Dette er svært interessant. Blant anna kan ein ta vare på lokalt tilpassa artar av husdyr og plantar for å sikre tilgang til mat lokalt. Her er eit eksempel frå Nepal . Men klimaproblematikken er ikkje tatt inn i utviklingsspørsmål, iallefall ikkje til fulle. Det er slik det ser ut til å vere: politikken og dens virkemiddel ligg alltid langt etter, og i FNs klimapanel skjer ei politisering av vitenskapen i skjeringspunktet mellom byråkratar og vitenskapsfolk. Dette er ei hasardiøs utfordring. Korleis få til ein god klimapolitikk? Eg driv og lagar ei liste over tiltak eg meiner norsk landbruk må ta innover seg, men den er ikkje offisiell per dags dato. Den som venter, får kanskje sjå den. I mellomtida kan du sjå ein video om klimaendringane.

Indiske myndigheter utryddar sine eigne husdyrrasar

Biletet er henta frå rapporten " Industrial livestock production and its impact on smallholders in developing countries" på nettsida http://www.pastoralpeoples.org/ Eit av punkta som FAO (Food and Agricultural Organization) peikar på når det kjem til matsikkerhet, er bevaring av lokale, økologisk tilpassa og levedyktige husdyrrasar. Å fjerne og utrydde desse, svekkar grunnlaget for matproduksjon. Mange av desse rasane avheng av at kulturelle levesett blir oppretthaldne for at dei fortsatt skal kunne eksistere. Om det ikkje er att beitemarker, må flokkane slaktast, og blir flokkane slakta, blir rasar utrydda. Berre i India er nærmare tretti lokale husdyrrasar trua av utryddelse på grunn av indiske myndigheters jag etter å produsere melk i verdsklasse, av høgproduktive dyr "i verdsklasse". Lokale husdyrrasar er utvikla saman med menneska dei lever ilag med i lokal kultur og lokalt økosystem. Dei er tilpassa skifte mellom tørketid og regntid, dei kan trekke plog. Vil ...

Mantra mot rabies i India

Menn som bjeffer og kvinner som klorer. I skyggen av fugleinfluensa og aids finner du de neglisjerte sykdommene som smitter fra dyr til mennesker. Les påskesaken som vart publisert i dagens Klassekampen basert på mi avsluttande oppgave i veterinærmedisin. Saka er tredje sak i serien Grønn revolusjon eller økologisk katastrofe? som no går i Klassekampen. Bildeserien under viser Krishna som les mantra mot rabies.

Matrett 2009 - rett til matsikkerhet og matsuverenitet

Vi er for en ny internasjonal handelspolitikk som: • bygger på at alle land må ha rett til bærekraftig matproduksjon til egen befolkning, • skiller mellom produksjon av mat til egen befolkning og produksjon for eksport, • gir alle land rett til å bestemme nivået på støtten og beskyttelsen av bærekraftig matproduksjon til egen befolkning, • hindrer direkte og indirekte subsidier av eksport av mat fra rike land • stimulerer til bærekraftig produksjon, reduksjon av klimagassutslippene og sikring av naturressursene, • gir rett til å styre import av mat og andre landbruksvarer slik at den kan komme fra utviklingsland og småbønder i disse landene til gode. – For en person som er beseiret og fornedret av sult, har menneskerettighetene ingen reell verdi, stadfestet Elisabeth Atangana fra Kamerun, under et seminar i Oslo arrangert av Utviklingsfondet og Matrett 2009. Økonomisk krise, matkrise, klimakrise! Eit svært interessant seminar som eg diverre ikkje har hatt tid til å u...

Overgrep som underhaldning

Stygge overgrep mot kvinner blir i media framstilt som lett underhaldning. Natt til søndag møtte eg ein mann som slo. (denne side 2 - kommentaren står på trykk i denne vekas Dag og Tid ). Sein lørdagsnatt gjekk eg frå fest på Grønland til Grünerløkka. Berre ein og anna fest var i ferd med å slokne oppover i etasjane. Det var tomme gater og nachspielstemning. Og sjølv om du gjerne vil ha draget på dei kjekke gutta på fest, vil du aldeles ikkje ha draget på gutta som du møter ute i gatene nattestid. Eg heldt stø kurs heimover. Og kvar natt eg med fast kurs har gått gjennom meir eller mindre folkefulle gater, kan eg dagen etter lese om alle drap og voldtekter som skjedde same natt, til same tid, eit kvartal unna, i neste bydel, på trikkestoppet der eg pleier stå. Det kan skje kven som helst, når som helst. Det nytter altså ikkje å vere redd. Vold gjer meg forbanna. Likevel er eg på vakt. Kvifor skal eg måtte vere på vakt i gatene nattestid? Stikk etter augenes Fordi det er ikkje alltid tr...

Grønn revolusjon eller økologisk katastrofe? Ny serie reportasjesaker startar i Klassekampen idag

Serien er basert på mitt feltarbeid og reportasjeopphald i Andhra Pradesh, India, i desember og januar i år. For å lese blogginnlegg frå opphaldet, klikk her. Beautiful people. Medak district, Andhra Pradesh. From India From India From India From India

Gratulerer Ottesen som rektor ved UiO

og med tidenes beste rektorplakater . Det plakatkonseptet var jammen kult. Takke meg til støv når vi kan meske oss med supermann! Og ikkje det at Wyller er støv, han virker som ein grei kar, men Ottesen har glimt i auget og brei erfaring. Det er på tide med ein gubbe med glimt i auget bak spakane ved Norges største og viktigaste utdanningsinstitusjon. Ut av bobla, blir ein kunst å få til. Ut i offentligheten og bli ein viktig samfunnaktør. Eg har skrive om dette før. Ut av bobla og Utdanningskonsumentene kommer