Gå til hovedinnhold

Innlegg

Transgene melkekyr

Transgene melkekyr er vegen å gå, skal vi tru India 2020 - Visions for food, agriculture and processing. Transgene melkekyr og innkryssing av høgproduktive dyr ved bruk av kunstig inseminasjon skal gjere verdas største melkeproduserande stat, India, enda meir melkeproduserande. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk viser stadig, eller heile tida, til India i sine taler . Eg vil anbefale han å lese denne boka. Medan Brekk er mot genmodifiserte organismar, er India veldig pro, og medan Norge vil produsere for eige marked, vil India gjerne eksportere. Den auka produksjonen av melk i verdensklasse, som India omtaler i sine visjoner, er ikkje meint for Indias fattige. Treng dei melk i verdensklasse? Den er vel helst mynta på den stadig meir konsumerande og kjøtetande indiske middelklassen, samt for eksport til nære naboland, der det er marked for oss, som det heiter. Eg trur Brekk må sette på fasinasjonshandBrekk(a) si og skru på den India- kritiske sansen sin. Vi snakkes på folkemøte...

Udyra kjem

Kvart år slår dei til på nye stadar, og ei aukande mengd streifdyr vil framover innta rovdyrfrie områder. Det er eit drama i fleire akter. Anne Viken (tekst og foto) (saka har før stått på trykk i avisa Dag og Tid). VIKSDALEN:Elva Gaula kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. I Sunnfjord har dei kjempa mot det sogene omtalar som «udyr» i århundrer, lenge sa statistikken at udyra var borte, men det er ikkje lenger fritt for «udyr» i skogane på Vestlandet. Streifdyr kjem inn frå dei aukande svenske og russisk-finske bestandane av bjørn, og med jevne mellomrom slår dei til, skaper store mediaoppslag og skremmer den lite rovdyrvande befolkninga tilsynelatande frå sans og samling. 1.juni 2008, 124 år etter at den siste bjørnen vart jaga frå Viksdalen i Sunnfjord, kjende ein igjen lukta av bjørnedrepen sau som rotna i sommarvarmen. Media strøymde til, og i si jakt...

Gamle sauerasar er like mykje opera og merkevarebygging som ull og kjøt.

Trendbøndene Anne Viken (tekst og foto) (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid). Samstundes som sauetalet i Noreg rasar nedover i lite berekraftig tempo, aukar antalet sauer av gamle norske sauerasar. Kjøt frå gamle norske rasar produsert på lokale ressursar blir til nisjeprodukt for kresne kokkar og den kresne gane, og hamnar på tallerkenen ved trendy kulturscener. Vi ser ein ny type bønder som satsar på sau og er meir opptekne av merkevarebygging enn av silofor. Eg likar å kalle dei trendbønder. Eventuelt er det marknaden i ferd med å dele seg i to retningar: Ein som går mot større bruk med meir intensiv drift, og ein som går mot lokal mat og småskala landbruk med tungt fokus på merkevarebygging. Per 1.januar 2008 var det 1 025 144 sauer i Noreg. På topp tronar Rogaland med 204 862. På andre og tredjeplass ligg Oppland og Hordaland med rett over 100 000 kvar. Sauehald nyttar Noregs store utmarksressursar og held landskapet ope, men slit samstundes med store problem i m...

Skal gris som ligg på betong framstillast som utegåande og glad?

Tirsdag 21.april kl 17 og utover er det duka for folkemøte med mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk på Verftet i Bergen under overskrifta "Har norsk matproduksjon noko å tilby?" Fram mot dette møtet kjem eg til å publisere ein artikkelserie som før har vore publisert i avisa Dag og Tid om norsk matproduksjon, her på bloggen, samt skrive litt om kva eg tenker, røffe tanker, om matproduksjon. Eg er utdanna i veterinærmedisin og det er fagkunnskap og praktisk erfaring, ikkje tilfeldig synsing, eg bygger min argumentasjon på. Merkevarebløff? Først kan eg starte med å spørre: er det sant når ein framstiller norsk landbruk som idyll: utegåande griser som veltar seg i søla, høner på tunet? Er dette ønsketenkning eller forbrukarbedrag? Sjå på denne barneboka "Barnas husdyrbok" som eg kom over igår. Den er eit glimrande eksempel på eit av paradoksa i norsk matproduksjon: bileta viser gris som bader i gjørme medan sanninga om norsk gris er betonggolv, bogsår og industri...

Har norsk matproduksjon livets rett?

Tirsdag 21.april i Bergen, kl 18: folkemøte på Verftet i Bergen med professor Viktor Normann, blogger og journalist Anne Viken, Simen Staalnacke fra Moods of Norway, Bjarte Finne, kokk, og Sjur Holsen, journalist Har norsk matproduksjon livets rett? Møt opp.

Hest for gud eller ryttar

Eit glansbilete må også kunne ta store steg, halde god fart og kunne vinne eit NM. Det skapar utfordringar. Anne Viken, tekst og foto (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid ). Sist på 1800-talet vart uttrykket «hovud som ein brisling, hals som eit rokkehjul, kropp som ei nepe og føter som stålfjører» brukt som eit bilete av ein typisk fjordhest. Sitat avlsplanen for fjordhest. Det smell i boksdører. Vi er på Hingsten Perakrossen (4) slår i veggen, skrapar og går med full kraft ut gjennom boksdøra, og eg må ærleg innrømme at eg verken ser rokkar eller neper. Eg ser ein blakk muskelbunt utan stålfjører som smell med frambeina og vifter med utstyret. I boksen ved sida av slår Merinas Emil (3) minst like hardt i veggen. From Dag og Tid reportasjebilder -- Den stod spiss i vår, og ei av årsakene til at Noreg ligg i tet i fjordhestavlen, er at vi har tradisjon for å bruke treårshingstar. Det gir kortare generasjonsintervall, og raskare avlsframgang, seier ...

Påskekrim: den gale legen

Utdrag av "påskekrim" som kjem post påske ein gong: Det var sånn jeg ble kjent med han. Han skulle sy en finger. Jeg hadde krasjet på sykkel og landet på en skarp stein, og det var ikke til å ta feil av. Det var et stort kutt på flere centimeter, men han så det ikke. Ser du det ikke, spurte jeg. Ser hva, sa han. Kuttet, sa jeg. Det er her, sa jeg og trykket fingeren nærmere ansiktet hans, men han så det ikke og han så ingen grunn til å sy i en finger som var hel. Han sa til og med at jeg kunne sy det selv, jeg som så det, og jeg måtte dra hjem med uforettet sak. Etter dette begynte jeg å skjønne at noe var galt, men jeg var ikke sikker på hva. No One's Gona Love You -- nydelig låt, og med denne avrundes årets påskeferie.