Gå til hovedinnhold

Innlegg

Kompisgjeng skal lede den store kulturkampen i Norge. Gi meg ein einveisbillett ut av den norske andedammen!

I ein serie saker set Dagbladet fokus på den nye kulturkampen. I artiklane har dei intervjua Aslak Nore og Harald Eia. For den som er bevandra på fester i Oslos kulturverden, er det elementær kunnskap at desse gutta er kompiser. Møter du ein, møter du den andre. Og desse som er hardt i tottane på dei norske venstreradikale, og erkekompiser med kvarandre, skal altså kjempe kulturkamp på vegne av oss alle. Norge er gåttabanen eit lite land, og dette er jo til å le av. Skal vi ta det her alvorlig, dere, eller har eg berre kome til det punktet (eg kom dit ca i 2004, då var alle illusjoner brutt) der eg innser at ein liten gjeng i hovedstaden monopoliserer offentlige debatten og gjer den smal og repetetiv, ikkje som eit ledd i eit media- eller opplysningsprosjekt, men som eit show for kompiser. Dette begynner å kjede meg, og showet går og går, og så møtes vi på fest, dere. Skål for den debatten. Vil du høre om mitt neste utspel i media? Jepp, eg kan skaffe deg ein redaktør. Vil du gi ut ...

"Dannede mennesker har danna samleier, et konvensjonelt sexliv og går til prostituerte etterpå." Moderne evolusjonsteori, hjelp oss!!

"Kulturradikalisme har en mangelfull og naiv forståelse av menneskenaturen, intet mindre. Et hovedanliggende i kulturkampen er derfor å bringe moderne evolusjonsteori til Norge", seier Aslak Nore, forfatter og redaktør til Dagbladet. Og no tar eg dette sitatet og virrer det inn i ei lang virrete tankerekke om sex og sånn. Hald deg fast. 1) Ettersom Norge vert omtalt som den siste kommuniststat, og sidan ein i veldresserte kulturradikale kretser ikkje bruker vulgær seksuell omtale av verken seg sjølv eller andre, kan det nok stemme at det seksuelle, iallefall på det verbale planet, er undertrykt. Ein satsar på karrieren og mindre på klining, noko som vel er ganske vanlig i alle hardarbeidene ambisiøse kretser, og som vi veit har folk aldri hatt mindre sex enn i vår tid. Vi har nemlig ikkje tid til slike sysler. Men dette gjeld også i andre kretser enn kulturradikale. Over heile fjøla, vil eg tru. Men kva slags oppdragelse politisk og ideologis er det vi har fått som gjer at v...

Viksdalen - vill, vakker og kaffekanne

Russland: ikkje for pingler

På ein pub i den nordfinske villmarka møtte eg den russiske bjørnen. «Anne, how are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld, seier han. Vil du bli med ut å ete?» «Yes,» seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøtt Blindern-type. Han er ein real krabbefisker med jobb på Barentshavet og havn i Kirkenes. Lærer seg knep Første gong eg møtte Kelly var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heiste meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei trange lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake og vi festa på Kirkenesdagane saman med mannskapet. Igjen satt vi i dei trange lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA,» seier Kelly der vi sit benka med kvit duk på Aker Brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg ...

Nydelig bok

Brudereisen av Marieke van der Pol, rykande fersk på norsk. Berre heilt nydelig frå start til slutt. Eg må tenke litt før eg skrive noko meir. Av og til er det kanskje like greit å ikkje skrive eit ord, berre tenke litt. Sjekk ut filmtraileren. Reint skriveteknisk gjer denne boka eit grep som eg liker. Den hopper som ein film. Vi befinn oss i ei dramatisk scene, og så brått er vi hoppa framover i tid. Hovedpersonen har tatt eit valg og handla, og når vi blar om, i neste kapittel, på neste side, er han på vei. Eksempelvis når Derk krangler med Ada. Han går ut døra på vei til skulen med ungane. Ho står att. Når eg begynner på neste side, sit ho på toget på vei vekk. Vi får ikkje lese eit ord om at ho tenker seg om, at ho pakker, at ho går ut døra, springer til toget, kjøper billett. Vi blir berre plassert direkte på toget der ho alt er fleire timar på veg vekk frå mannen. Fleire stader er slike overganger brukt veldig effektivt. Ein hoppar mange år i tid på få linjer. Forfattaren hopper...

Fuck you: forbanna rasister, homofobe jævler!

Raister: fuck you! Denne saken er så drøy. Vanvittige motherfuckers finst der ute i det offentlige rom, eg har sjølv fått innom eit par på denne bloggen, men dette tar kaka. Råtne jævler som skriv slike ting i kommentarfelt. Avskum, grøftefyll, fryktspredere, får eg lyst til å skrive. Forbanna homofober: fuck you too! I natt tok eg taxi heim. Sjåføren var ein middelaldrande fyr som øste av seg forbannelser og besvergelser over homofile. Det begynte med at han såg to menn hand i hand på gata. - Kan du tenke deg noko så ekkelt? To menn? Menn har så stygge lår, og så masse hår, sa han til meg. - Eg hatar homofile! sa han: - Æsj æsj æsj, sa han heile veien. - To kvinner da? spurte eg. - To kvinner er bedre, sa han: - Dei er penare. Finare kroppar. Pupper og lår. Eg hatar homofile, fortsatte han, og begynte å gi meg komplimenter: Så pen du er, så fine auger du har, så fine hender. Heile turen bytta han mellom å smigre meg og å forbanne seg over homofile. Det heile var ein smule patetisk. P...

Morgenbladet kødder med deg i regn og torden

Så var det duka for sommerfestsesong. Første fest ut var ein slags liten fest i hagen til Aschehoug for skrivende mennesker og den slags med tilknytning til forlaget. Andre fest ut var Klassekampens hagefest. Tredje fest ut så langt var Morgenbladets hagefest. Aschehoug er greit nok. Dei jobber eg for, på eit vis. Klassekampens fest er overlessa med kjentfolk som ein gjerne vil møte og ta eit par pils med, og sånn sett er det ingen god grunn til ikkje å gå. Men tredje fest Morgenbladet er meir ei greie eg ikkje heilt skjønner meg på. Eg skjønner meg i det heile tatt lite på Morgenbladet, men lat oss først fastslå dette: Morgenbladet hadde lagt årets sommarfest, pretensiøst nok, på taket av operaen. For å komme inn måtte du ha printa ut invitasjonen din og levere den i døra, eller ved bordet, på veg opp. Medan du på Klassekampens fest, i god ånd, kunne møte opp som du var og heve glaset utan å spørre ei sjel om lov, bokførte Morgenbladet alle sine gjester PÅ PAPIR i pøsregnet. For det f...