Gå til hovedinnhold

Innlegg

Sms frå ein ung feminist

Hei Anne. Jeg skulle gjerne slengt igjen noen kommentarer på bloggen din, men survinga, personfokuset og navlebeskueriet i kommentarfeltet fylte meg med avsmak. Derfor ble jeg veldig glad for å lese Andrè Gali og Olaug Nilssen sine innlegg i Aftenposten idag. Anne svarer: Ja, er vi ikkje alle;)

Sjølsagt er eg med på ein kaffe

Anne Bitsch skriver på sin blogg: "Jeg har foreslått for både Møller og Viken å treffes for å finne ut hvor uenige vi i grunnen er, og skvære opp eventuelle misforståelser. Det har de så langt ikke takket ja til." Eg takker herved ja til ein kaffe, men lurer på kvifor Bitsch ikkje spurte meg om å drikke kaffe før ho la ut denne påstanden på nett? --- Eit anna innlegg som illustrerer den same måten å be om eit møte på: "Jeg vil dermed følge Bitsch' eksempel og invitere Viken til å komme på et av Kvinnegruppa Ottars åpne møter i høst, selv om jeg er litt redd for at det er større sjanse for at Viken føler seg for god til å komme oss i møte snarere enn motsatt..." Kilde Eg takker herved ja til å møte på dette møtet, men hadde satt pris på å bli spurt om eg har lyst til å komme før eg blir beskulda for å ikkje ville komme. Greit nok, eg er kul, men eg er ikkje overlegen. Lærdomen er: spør før du svarer på vegne av nokon. (Dialog er fint!!)

Er Anne Viken antikrist?

Mitt innlegg i Aftenposten, trykk på bildet og det blir stort og leselig. Svaret seier seg sjølv. Dagens hovedinnlegg i Aftenposten signert redaktør og kunstkritiker Andrè Gali seier det mange tenker. Forfatter Olaug Nilssens innlegg tar problemstilingen på kornet. Gali sitt innlegg. Nilssen sitt innlegg. Olaug Nilssen sitt lesarbrev er posta som kommentar under denne bloggposten. Kommentaren her er den lange versjonen av lesarbrevet. Det vil sei lenger enn den i avisa. God lesning

Bloggen sliter litt teknisk til tider

Eg anbefaler alle som prøver å poste på bloggen, å ta ein kopi av innlegget FØR du postar det. Årsaka er at det er ikkje alltid at bloggen publiserer innlegga. Av og til blir innlegga borte når du trykker "post". Har sjølv mista eit innlegg i dag, og har forstått det slik at Anne Bitsch også har slite hardt med å poste her. Difor: ta ein kopi av kommentaren din før du postar den, trykk post og prøv igjen seinare dersom det ikkje går å poste den første gongen. Det går som regel eit par minutt seinare. Dersom det ikkje funker, så prøv igjen litt seinare. Det skal gå til slutt. Om det blir heilt umulig, send det til meg på mail så kan eg legge det ut for deg.

Svar til Jan Erik M: ein må ut av skapet og slipe knivane

Jan Erik M skriver: "Jeg er for et likestilt samfunn, og derfor feminist. Om noen medfeminister bruker en retorikk en er uenig i, bør ikke det bety at en slutter å kalle seg feminist!" Dette er eit veldig godt poeng. På same tid kan det bli ei belastning å bli identifisert under paraplyen til dogmatikere og intolerante lite sjølvrefleksive stemmer. Feminisme er eit belasta begrep, og det vert ikkje betre. Eg veit ikkje kva eg skal kalle meg. Eg står for feministiske målsetninger, men eg veit ikkje om eg vil identifisere meg med ein slik bakstrebersk retorikk som enkelte feminister bedriver. Samt at takhøgda er så låg. Eg som feminist, og individ, har høgare ambisjoner enn å jatte med dei enige feministdamene i Oslo. Dei må jatte for meg, men eg jatter ikkje med med mindre eg er enig. Men miljøet er prega av utprega mangel på sjølvinnsikt samt sterk grad av sjølvdyrking, samt at ein støtter seg på kompisers synspunkt og utsegner, uten å ta hensyn til at dette kanskje ikkje er ...

Offentlig mobbing av Hagen i mediene

Regjeringa mobbar enkeltpersonar. Eg kunne ikkje ha vore meir enig med Elin Ørjasæter i denne vekas Dag og Tid. Medias evige jakt på case, ein person å henge saka på. Og denne forklaringa som Ørjasæter trekk fram, er interessant: Magne Lindholm ved journalisthøgskulen seier at sidan den ideologiske tenkinga langt på veg er borte (frå mediene), og avisene blir meir og meir like, så er der lite anna å gripe tak i enn personleg umoral. Mediedekninga av Hagen-saken har minna meg om jakta på Valla. Personfokus, evig påpøsing av nye saker, den same vinklinga og like utspel frå person etter person/ minister, og det heile minnar om når journalister får blod på tann, jakter i flokk og kvar einaste kommaendring vert ei ny sak. Anten manglar vi gode journalistar i dei store mediene, ellers så skjer her for lite i dette landet. Eventuelt er der for få gravande reportere på jobb etter at ein har kutta ned på antal stillingar. Ei anna forklaring kan vere at ein prioriterer ikkje gode saker, men basi...