Gå til hovedinnhold

Innlegg

Smått ikkje godt

Kvalitet blir ikkje avgjort av «skala». Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 27.november 2010 I Norge snakkar vi mykje om kvalitetane ved småskala produksjon. Vi blir fortalt at småskala landbruk er bra. Dette er langt frå den praktiske sanninga. «Vi blir fortalt at smått er godt», skreiv eg på bloggen min for ei veke sidan. Det gjekk ikkje mange minutta før det tikka inn ei melding frå ein veterinærkollega i felten. Hans meining var klar: «Det må sies at det er INGEN sammenheng mellom små bruk og god dyrevelferd. Mitt inntrykk er at det nesten kan være motsatt.» Ein annan kollega supplerte: «Det er dei store bøndene som oftast har den beste kvaliteten og den beste dyrevelferden». Dei har sjølvsagt rett, men det dei seier strir mot dei norske mytene. Det er på høg tid å slå ihjel litt myter rundt norsk landbruk. Eg tenkte begynne med «småskala» og «tid per dyr». Deltid er ein trussel mot produksjonskvaliteten. Småskala bønder er ofte deltidsbønder....

Nynorsk moralisme

Ein må slutte å sjå på nynorsk som ein sterk identitetsindikator. I ein kronikk i Klassekampen skriv Karen Marie Kvåle Garthus at det er språkleg sjølvtillit som gjer at dei som beheld nynorsk som hovedmål, beheld det. Ein snakkar om at sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar med eit spesielt engasjement. Kvåle Garthus vil det sikkert godt, men å snakke om sjølvtillit i språksaka er ei hensiktslaus form for moralisme som bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. Det virker ofte som om målfolket har for liten kjennskap til den praktiske bruken av språket ute i felten. Fokuset er for snevert. Difor moralisme. Når nynorskfolk skal snakke om kvifor folk byter til bokmål, snakkar dei om at a) bokmål er over alt og ein snakkar b) om sjølvtillit. A) er innlysande. Dette er hovedproblemet, men kvar kjem b) frå? Eg kjenner ei mengde folk som har bytt frå nynorsk til bokmål. Dei gjer det rett og slett fordi dei har inga språkleg bevisstheit. Dei er ikkje opptatt av å ha ny...

Stivbeinte reglar for hald av økologiske landbruksdyr, truar dyras velferd.

Samanlikning mellom regelverket i norsk og svensk økologisk regelverk. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio, eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Garden er veldriven på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som på mange punkt bygger meir på ideologi enn kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite og har vore dårlege i fleire dagar. Ein mistenker at dei lir av parasittangrep. Vekta skrantar. Dei er sløve. Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Han ristar på hovudet. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasit...

Fange 59: Taterpige av Aina Basso

Kort oppsummert: Litt treg start men tek seg kraftig opp like før midten. Då er boka medrivande. Men eg tenker heile tida at dette er ei fengslande ok bok, men den er så veldig uoriginal. Den skil seg ikkje ut.    Marias opphald på tukthuset er ikkje truverdig. Den er overflatisk med flate karaktar. Karakteren Maria kjem ikkje fram før ho kjem i tjeneste hos prosten og då tek historia seg kraftig opp og når eit anna fortellernivå. Då får ho fleire sider og eigenskapar og blir straks meir interessant. Her blir ho også omgitt av karakterar som ikkje utelatande er flate, slik dei er på tukthuset. Karakterane hos prosten får fram nyansar hos Maria og eigenskapar. Det er nok difor boka er så treg før dette: Maria er eindimensjonal over ganske mange sider.   Baksideteksten synest eg ikkje er god. Forlaga burde ansette journalistar til å skrive desse.   Grei underhaldning men ikkje verdt prisen i harde permar. Litt for snilt og flinkt til å bli ei bok vi hugsar om seks mnd....

Knuser Thomas Moens bloggplakat grundig i dagens bloggpost hos Dagsavisen.

Moen er ein kommersiell aktør i bloggsfæren. No samarbeider han med IKT Norge for ein ny bloggplakat. Moen har fortsatt ikkje forstått at ein ikkje kan lage ein plakat som skal gjelde for alle bloggarar og han verkar fullstendig oversjå at der finst to sfærar av bloggarar. Dei kommersielle og dei ikkje-kommersielle. Likevel skal han tre den same plakaten ned over oss alle. Å sette opp like reglar for samfunnsbloggarar og kommersielle bloggarar, er ei form for kulturimperialisme. Om vi sjekkar ut Bootstrap Marketing si nettside kan vi lese at Thomas Moen lever av å snakke, utvikle og lære mennesker om sosiale medier. Han tjener penger på å fronte kommersielle bloggarar: «Jeg representerer følgende bloggere fra og med i dag: (liste over bloggar). Sammen med disse kommer jeg til å jobbe aktivt med å bygge opp merkenavnet deres samt å skape oppmerksomhet rundt dem og kjøre kampanjer og skaffe dem inntekter i forbindelse med bloggen.»   Les mitt innlegg hos D...