Gå til hovedinnhold

Innlegg

The Tenderness of Wolves: god bok, god helg!

Dette er ei fabelaktig flott historie. Kjøpte den på flyplassen i London her forje veke, og den måtte berre lesast. Det gjekk ikkje anå legge den frå seg. Forrykande fin story. Om eg får oversette ei bok til norsk nokon gong, vil eg gjerne starte med denne. Fortellerstemma er genialt. Korthogd og direkte på ein original måte. Definitivt ein original roman om eit nybyggarsamfunn i Canada 1867. Oppdatering: boka er oversett til norsk og heiter " I ulvenes skygge" på Bazar forlag. Dette er ein veldig misvisande tittel. Det er nettopp i skuggane av ulvane desse folka ikkje er. Det blir fastslått alt på side ein då hovedpersonen ser ein ulv og blir overraska over kor liten den er. I resten av boka forheld ein seg til ulvane som kreaturar som lever i skogen, men som ikkje skadar deg. Dei er der, saman med deg, og utgjer aldri ein trussel bortsett frå ein gong då ulvar tek ein sjuk hest frå to vekksprungne nybyggarar midtvinters. Ein lever ikkje i skuggen av ulvane, men i sam...

Norge er ei bygd. Difor kjeftar folk på Ari Behn.

Kven er Norges største interne kjendis? Ari Behn. Og folk blir dritsure for alt fyren gjer og kaller han klovn i kommentarfelt. Folk raser mot Ari Behn no og Ari Behn da. Han ringer opp folk, han kler seg som dame, snakkar med sin døde bestefar. Ærleg talt. Har ikkje folk andre ting å tenke på? Dei må da kjede seg fryktelig som bruker så masse tid på Ari Behn. Eventuelt er berre Ari Behn ekstremt interessant og folk ellers gudsjammerleg kjedelege. Ari Behn er i seg sjølv ekstremt provoserande fordi han bryter med alt Bygda forlanger av han: konformitet, normalitet, kompetansemangel og anonymitet. I følge Bygda skal du vere middelmådig og anonym. Men herregud så kjedelig. Det gidder vi da ikkje. Norge er ei bygd. Ei bygd der alle som sjølv er feige, opptekne av å passe inn og ikkje vågar anna enn å sei det same som naboen, kavar seg voldsomt opp med ein gong nokon gjer noko litt anna, noko litt på sida. Og ein har verken humor eller toleranse. Ein har berre sin sure kjeft, sin eigen...

Kvifor er det så pinleg å lese husmorporno, og dameblad er dumme..

Forje veke var eg i England. På togstasjonen i Crew gjekk eg inn i ein kiosk og kjøpte ei bok. Eg hadde dårleg tid. Kva kjøper ein då? Jo the number one bestselle r "Homecoming" av Cathy Kelly til halv pris. Ei bok viss omslaget lyser av husmorporno, og du må halde den litt skjult så ingen ser kva du faktisk sit og les. Romantikk, happy ending, lykkelige ekteskap og stor kjærleik. Haugevis av stereotype kvinner med gode intensjonar som har gått på ein smell og no må tenke seg godt om før dei tar neste steg vidare i livet. For slikt skal vi ikkje lese om. Vi skal lese om dei einsame kvinnene på tretti pluss som kjempar med karrieren i beste Marit Eikemo-stil. Eg siktar til boka "Mellom oss sagt" der den single hovudpersonen stressar på bussen, hastar frå mann til mann, har sex på harde golv med typar ho plukkar opp på puben og heng utanfor ein gift manns hus medan regnet styrtar ned. Slik er liksom livet. Beinhardt og fullt av regn. Dette er ei god bok. Slik er det...

Trash-dame-happy-ending og big-love-litteratur møter Arlington Park

Eg har begynt å lese trashlitteratur, trur eg. Eg veit ikkje heilt, men har iallefall lese Homecoming av Cathy Kelly. Kjøpte den på ein kiosk i West Midlands på veg inn på toget til London her om tirsdagen. Skikkelig klisjecover, og skikkelig klisjetittel, men boka er faktisk ganske fascinerande. Den positive versjonen av Arlington Park (Rachel Cusk). Men medan Cusk skriv politisk korrekt om forstadskvinners frustrasjonar, menn, barn og karriere, skriv Kelly om kvinner som har kome på avveie i livet, eller gjort nokre gale valg, går på ein smell, må tenke seg godt om, seier "love" og "darling" heile tida til alt og alle, henger på kafe og et cupcakes og drikk kaffe latte kvar dag, gråter, elskar mannen sin over alt på jorda (alle har opplevd den STORE, megakjempestore kjærleiken) og har wonderfulle kids. Og det er happy ending, stormande lykke, mor møter datter, søster blir gift og storesøster som har gitt opp håpet om å finne seg ein mann (ho tippar førti), ...

Storsnuten Terje Lyngstad og kjekkasen Viken uttaler seg frekt i media

om Bygda og sånne ting. Les den sprelske saka hos studentavisa Studvest. der Lyngstad snakker om bygdedyret, Viken seier at Viken liker betre teater enn bygderevy, og syns at Lyngstad har heilt rett når han snakker om at han ønsker seg eit anna publikum, eller noko, til teateret i fylket Sogn og Fjordane. Firda gir alltid god kritikk til bygderevyane. Fordi det er bra, eller? Og om dei får kritisk omtale klager revyane fordi "det er dugnad og det er da bra i seg sjølv". Er det sant, eller ikkje? Og bør det da omtales, om ein ikkje kan sei det ein meiner om disse tidvis flaue revyane uten å få smekk på flanken? Er lokalmedia støtteapparatet til revyane kanskje? Nei. Annonseplass koster for alle. Og kvifor vart det hissig stemning mot Lyngstad da han snakka om teaterets låge status på bygda? Følte folk seg mobba da og nedpåsett? Skjønar ikkje det. Folk må da tåle litt sanning utan å få mindreverdkompleks? Han har da rett? Tid for litt brenn bunadane, og feleslakt. På med li...

Uganda: kyr på vei frå marknadsplassen til slaktehuset i Kampala

Venter på å bli slakta. 

Ari Behns bok Vivian Seving etc - hard kost for kongeriket Norge

Eg har gitt meg i kast med Ari Behn. Etter å for mange år sidan ha lese Bakgård og syntes den var alright, samma med Trist som faen, var det tid for å prøve seg på sist utgitte. Behn har ein fortellerstil som er ganske spesiell. I starten tar ein seg i å tenke at "dette er vel sært". Veldig sært. Men så, etterkvart, når biter av storien porsjoneres ut, og ein får stadig større innsikt i hovedpersonen: den kjønnsopererte prinsessa av Freiburg, hetrofilt gift med prins Franz som tidlegare var kjæreste med Tysklands desiderte kjendisblogger, ein skinhead frå Berlin, så lar ein seg litt fascinere av at Behn gir ut ei så speisa bok i lille kongerike Norge. For dette er ikkje heilt dagleg kost, meg bekjent. Undertittelen er: «Sladder, forskyvninger og andre overdrivelser om en prinsesse og hennes samtid - en satirisk skisse». Vanlegvis er eg superskeptisk til ny litteratur av folk på min alder eller yngre eldre. Monsterskeptisk. Og dønn konservativ, antageleg. Liker best histo...