"How are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld», seier han. «Vil du bli med ut og ete?» «Yes», seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøytt Blinderntype. Han er ein real krabbefiskar med jobb på Barentshavet og hamn i Kirkenes. LÆRER SEG KNEP Første gong eg møtte Kelly, var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B. Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heisa meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei tronge lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake, og vi festa på Kirkenes-dagane saman med mannskapet. Igjen sat vi i dei tronge lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA», seier Kelly der vi sit benkja med kvit duk på Aker brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg knepa og kan fiske opp kongekrabbene sine sjølve. Dei treng o...