Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2011

Filmen om Sogn og Fjordane

Lokker denne deg til Sogn og Fjordane?

Disidentifikation - Gøteborg Konsthall 2010 - me love

Litt Berlinmur

Litt bilder frå India

Line Konstali - om unge mødre: portrettintervju frå arkivet

Line Konstali Strikkeskjerf, cardigan, en grønn, litt gjennomsiktig kort kjole, grønne støvler med brett, gul veske lappet sammen av juicekartonger fra en søppeldynge et eller annet så langt unna at navnet forsvant med vinden. Kvinnen på andre siden av bordet er Line Konstali (29), tobarnsmamma og grasrotfeminist, forfatter av boken «Ikke bare mamma», skribent på mammanett.no, redaktør Norges Kvinne- og Familieforbunds blad ”Kvinner og Familie” (tidligere Husmorforbundet) kronikør, gründer... Hun vil ikke ha solskinnsbolle, men New Energy. Trenger hun den der New Energy-en, sånn egentlig? Unge, spreke mødre, kjøp min bok, reklamerer hun på mammanett.nos Ung mamma-forum. Hun blogger om natten, står opp med sola og sparker ut linker på facebook i samme tempo som andre puster. Line Konstali traff den store kjærligheten da hun var atten, giftet seg da hun var tjue, fødte da hun var 23 og opplevde ikke den samme gleden fra alle deler av omgivelsene. Ikke alle var glade på hennes vegne. ...

Nok er nok

Pressemelding. Idag har Gaular kommune gått inn for eit totalforbud mot internett i Bygstad. Forbodet vil tre i kraft i løpet av mars, og den som etter denne datoen har nett i huset sitt, vil som straff bli påtvinga ubegrensa kontakt med Telenor kundeservice. - Nok er faktisk nok, seier ordføraren til NRK. - Vi orkar ikkje ha internett her. Det kan skade fjellkvaliteten i Storehesten. Ein håper på sikt å få på plass eit forbod også mot bil. Gaular tek på sikt mål av seg til å bli rett og slett borti natta eksotisk, seier ordføraren til Firda.   .

Eg skal bli verdsarv! Idag fekk eg 33 millionar kroner av Gaular kommune og fem mil med høyballesnøre: ekstremdassturisme

Sidan Gaular kommune ikkje kan fikse nettet mitt, Telenor har tilbode meg eit handhogd modem i stein etter at dei brukte fem veker på å ikkje finne ut at det var modemet det var noko gale med, så har dei valgt å gi meg ein kompensasjon. Idag mottok eg frå Gaular kommune 33 millionar kroner for å rehabilitere ein antikvarisk utedass fem mil inne på fjellet. Då eg spurde om eg fekk breiband på utedasssen, var svaret frå det lokale sjefstulle-Telenor ganske klart. Nei, sa Stubhaug, den luringen. Han er ansvarleg for Gaular kommune sitt nett og han liker ikkje fiber. Det kan skade dassen. Kanskje også rassen på den som sit seg på den. Ingen er overraska. Det som derimot overraskar, er at Gaular kommune i samarbeid med Telenor no tilbyr meg fem mil med høyballesnøre. Dette skal eg dra ut mellom dassen og huset mitt, og ein antek at det i løpet av kanskje tretten fjorten år vil omdanne seg til fiber. Vel og merke om temperaturane ikkje blir for høge dei komande åra. Dette er sjølvsagt no...

For maximum profit

Slik går det når dyr skal brukast kun til profitt. Les om U.S. Registered Holstein http://www.holsteinusa.com/ Er det slik vi skal drive avl på dyr? Og er det riktig med så falsk merkevarebygging som det du her ser? Kyr på beiter når sanninga er kyr på betong som aldri går på beiter? Forbrukarar blir lurt så trill rundt i dagens reklame rundt mat at det finst knapt ord for det.

Kronikk: Frå beite til bur i Aftenposten

Sidan denne kronikken om den låge etikken i kylling og kalkunproduksjon, og overgangen frå beite til bur som vi ser i deler av landbruket, genererer både skriflege brev, telefonar og epostar i store mengder, repuliserer eg den her som toppinnlegg. Frå beite til bur: utviklinga i dagens såkalt norske landbrukspolitikk

Rovdyrforkjemparar har den same brutale syn på dyr som ein finn i den hardast industrialiserte delen av storskala landbruk

Det er interessant at mange av dei som seier ja til ulv, og ja til økologisk mangfald og natur, innehar det same synet på dyr som ein finn i den mest industrialiserte delen av landbruket. I begge leirar anser ein dyr som deler av ein flokk, ikkje som levande enkeltindivid med følelsar som angst og svolt.  Logikken som vert brukt i rovdyrdebatten, er kjend frå storskala industrilandbruk der ein ikkje lenger har oversikt over enkeltdyr, berre enkeltdyrs nummer i eit datasystem eller på flokk- og bingebasis. Eksempelvis kylling, kalkun og verpehøner, dyr fullstendig utan eigenverdi. Den same logikken forheld ein seg til i rovdyrdebatten, men då er det sau og geit det gjeld. Dyr utan ansikt og offentleg profil. Dei har berre nummer, og kanskje eit namn, og eit ansikt som lett vert erstatta av eit anna. Medan bønder flest bryr seg om dyr og er opptatt av «enkeltindividet sau», er ikkje rovdyrvernarar opptekne av dyr. Dei er opptekne av flokk og av at alle brikkene i eit økosystem sk...

Industritankegang blant rovdyrforkjemparar i rovdyrdebatten:

Bjørn og ulv drep berre når dei er svoltne, brølte eit par naturforbund, og så var alt sagt. Folk gjekk fem på. Dei trudde på at bjørn og ulv drap berre for mat.  Avstanden til landbruket og dyra er enorm, gigantisk, ubeskriveleg, sa far min og eg nikka. Sjølvsagt hadde han rett i det. Ein trengte berre å kunne lese for å vite såpass. Stillheita senka seg. Allmennheita var avleda, folket lurt. Drapsmaskinene hadde sine høge beskyttarar i systemet. Det hadde ikkje geiter. Det hadde eg no klart forstått. Geiter var stygge dyr utan verdi, og fordi det var mange av geitene, var det ikkje så farleg at nokre av dei vart ihjelrivne av rovdyr, plaga eller haldne på uetisk vis. At ei av tusen geiter hadde det vondt, var ingenting å bry seg om. Der fanst trass alt ein haug andre geiter som ikkje hadde det vondt, og geiter er ikkje eit individ, men flokk. Tanken var i rovdyrdebatten som i industrilandbruket: eit dyr har ikkje ansikt, ikkje namn, berre eit nummer. Far min sa at natur...

Kronikk: Frå beite til bur i dagens Aftenposten

Kronikken finn du her http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4031914.ece For utfyllande, les også mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte om landbruk. Eg er ikkje Frp, men landbruk er viktig dog. Eg har også skrive eit essay om dyr sine følelsar, basert på forskning. Det finn du her. Og hugs: når det gjeld dei næringane eg her har beskrive, kylling og kalkun, så er det inga skilnad på økologisk og konvensjonell. Problema er dei same. Eit spørsmål: vi ønsker oss meir etisk dyrehald, betre dyrevelferd, kvifor satsar vi då på kvitt kjøt? Kylling, kalkun, egg. Og om vi vil ha betre helse: det er sagt at kjøt som er produsert på kraftfor er meir kreftframkallande. Så kvifor anbefaler ein folk å ete kvitt kjøt? Kvitt kjøt er utelatande produsert på kraftfor. .

Iselin Alvestads magiske univers: Alanya-serien

Eg har lese gjennom Iselin B. Alvestad sin serie om Alanya. Først las eg bok nummer to, så nummer fire, så nummer ein og til sist nummer tre. Litt hakkete rekkefølge på det som er meint å vere ein serie barnebøker i rett rekkefølge. Fin underhaldning sjølv om spenningen blir litt kverka når ein har lese nummer fire og veit at ting går bra til slutt. (Der kjem også ei nummer fem). Oppsummert vil eg slå fast at nummer to og tre er dei klart beste. I nummer ein er Alanya veldig barnslig og lita. Tolv år. Ein veldig barnslig tolvåring. Men kanskje er overgangen til å lese om Alanya i bok ein, etter å ha lese bok to og fire først, litt stor. Jenta har trass alt gått gjennom ei ganske stor utvikling som menneske frå bok ein til fire. I bok ein "Veien følger hjertet" har ho levd heime i eit skjerma liv hos onkelen, Pip og kona hans, Munny. Alanya gjennomgår stor utvikling til bok nummer to, eit kvantesprang vil eg sei. Ho er nesten ikkje til å kjenne att. Eller jo, ein kjen...

Les VG idag: min kronikk: Turisme har blitt så viktig i Sogn og Fjordane at dei ikkje lenger bryr seg om at folk skal bu her.

Les min kronikk i VG idag. Kronikken ligg http://vgdebatt.vgb.no/2011/02/12/drukna-i-turisme/ Sogn og Fjordane har gløymt at det skal bu folk i fylket. Dei satsar kun på turisme. Vi som faktisk bur her får ikkje ein gong internett. Det driter dei nemlig i. Her skal vi tilpasse oss til National Geographics forestillingar om rein natur. Då er internett sikkert i vegen. Her får du ein liten blogg-utdjupning av problemet dårlig internett på bygda! Advarsel: vågar du flytte til Gaular kommune? Kommunen som ikkje har internett? Og der ordførar Jenny Følling går ut i avisa Firda og påstår at ho ikkje kjenner til problema med nettet sjølv om ho har blitt varsla fleire gonger per år? Er det forsvarleg å ha ein slik ordførar som preikar usanning i avisa? Eventuelt som hugsar såpass dårlig? Skal ikkje kommunen jobbe for innbyggarane, ikkje mot? Skal vi sitte på gjerdet og vere nøgd med dårlig nett for å hindre at merkevara Sogn og Fjordane slår store sprekker? Framtidsfylket er ein bløff. Brei...

Bloggarane: vår tids intellektuelle? Og er bok rett medium i vår tid?

Blogg er makt Dette innlegget stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 5.februar 2011. Kvart år kårar Tordenbloggen Norges beste bloggar, og ein har superheltinnekåringar i sosiale medier. Sosiale medier inkluderer Facebook, Twitter og blogg. Bloggarar er like sjølvsagt inventar på Aschehougs hagefest som forfattarar. Dei har fleire lesarar enn Klassekampen. Gjennomsnittleg antal solgte bøker i Norge ligg rundt 250 for ein debutant, eit latterleg lågt tal om ein samanliknar med antal daglege treff på ein norsk samfunnsblogg. Sosiale medier bidreg til å styrke maktnettverk, meiner mange. Men sosiale medier bidreg også til å opprette nye maktnettverk og rive beina under gamle. Kven treng sitte på Kunsternes hus å ete middag med kulturelitens yppersteprestar når ein kan regjere på nettet? Kulturelite og media har fått ein sterk konkurrent i bloggsfæren, og bloggarane er sjølv ofte ein del av den såkalte kultureliten. Og om dei ikkje er det, kven bryr seg. Blogg er o...

Gøsta Berlings saga - trolldom og segner

Eg har lese Gøsta Berlings saga av Selma Lagerlöf og kan ikkje skjøne at eg ikkje har lese dette før. Og ein kan spørre seg: kva skal vi eigentleg med alle våre dagars sjølvhjelpslitteratur eller bøker om frustrerte sjeler på jakt etter meininga med livet når det berre er å bla opp i den litt eldre litteraturen der klokskap og vett er godt bevart? Hovedpersonen er Gøsta Berling. Han er avsett frå sitt presteembete fordi han drikk. Boka er basert på gamle segner og historier frå tidleg attenhundre i Värmland. Den vonde kjem ut av peisen på julekvelden og lever som bonde midt blant menneska. Midtsommars køyrar han i sin galskap slede til kyrkja iført ulveskinnspels. Bjørnen som herjar i sauefjøsane må skytast med ei sølvkule. Det er fagre jomfruer, avsette prestar, trolldom og kjemper til menn. Ikkje som i billig pocket, men som i sagaen. I den mørke värmlandske skogen vert hestar og folk jaga av ulveflokkar, trollkjerringar kjem til bygds og nedkallar forbannelsar over baronessa som...

Fiolinane av Jan Roar Leikvoll: fandenivoldsk brilliant vanvidd

Eg ser at forfattaren Jan Roar Leikvoll er nominert til Kritikarprisen for Fiolinane. Det overraskar meg ikkje.  Fiolinane er eit bestialsk meisterverk, ei knakande framstilling av hud som tørkar som papir i ørkenvarmen, om korleis det går når mor di blir galen og sit og grev ut kjøtstykkar av den daude veslesyster di i eit skur på ein skraphaug. Ein jævlig skraphaug der vandringsmenn byter klinkekuler mot sex med lik, og der far din med voldsomme byks landar på mor di sin skallebrask. Du hoppar med. Knuser henne ned i støvet. Det kadaveret. Tørt skinn, knoklar og eit hol. Eit jævla svart hol. Med byks og sprett forflyttar Leikvolls hovedperson seg over søppelfyllinga. Han slenger seg frå røyr til røyr, frå skrothaug til skrothaug, piner rotter, drep uskyldige dyr. Han er som eit dyr, eit dyr som skal bevise for all verda at eg kan leve. Vi kjenner gasellen som på savannen flyktar frå løva i høge byks. Byksa skal vise løva at "eg er rask, kjapp og sterk, meg kan du ikkje fange...

På tide å legge ordet distrikt på hylla?

Frå innleiing på Frps fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011. Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem i Frp eller andre politiske parti for den del. Om vi hoppar frå Arnestad til Liv Signe Navarsete. Navarsete og Senterpartiet, påstår dei vil ha haldningsendringar i Oslomakta, merk deg bruken av ordet sentralmakta. Navarsete seier ho vil ha lagspel, ikkje krangel, men når ho er ute blant folket, seier ho dette: «Professorar i dei sentrale delene av landet vil sikkert sei at det ikkje lønner seg med bredbånd i distriktene». Sitatet blei levert på Dyrøyseminaret i Troms i slutten av september, i tillegg til ei lengre lefses tompreik. Navarsete FAIL. Ufrå dette sitatet kan ein tolke at vi ønsker å bu her i distrikta, men dei i sentrum ønsker ikkje å hjelpe oss utfrå eit kost-nytte perspektiv. Distrikta er ulønsame, derav ordet distriktspolitikk som i stor grad får oss til å tenke «overføringar frå staten.» Om vi ikkje direkte blir tvinga til å bu sentralt, så er det iallefa...

Om turismevanvidd, frå mi innleiing på Frp sitt fylkespartimøe 30.januar 2011

så kva er det vi har her i Sogn og Fjordane? Sogn og Fjordane er eit ressurssterkt fylke med eit naturgrunnlag for framtida. Korleis kan vi utnytte dette? Korleis skal Sogn og Fjordane overleve i ei global utvikling med sterke sentraliseringstendensar? Vi har naturressursane, vi har beitemarkene, vi har innovasjon, teknologi og landbruk. Det er vi, her i Sogn og Fjordane, som kan vere eit av matkammera i verda dersom klimaendringane slår til og sidan Frp har høge ambisjonar på landbruksfronten tenker seg sei ein del om landbruket sjølv om landbruk blir ansett som ei stadig mindre viktig næring i store delar av distrikts-Norge. I år 2011 er vi nødt til å spørre oss: Kven vil vi vere? Kva kan vi tillby? Og om vi ikkje maktar få fram ein sterk eigenart, kva skal vi satse på å utvikle? For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar. I dag e...