Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bloggen sliter litt teknisk til tider

Eg anbefaler alle som prøver å poste på bloggen, å ta ein kopi av innlegget FØR du postar det. Årsaka er at det er ikkje alltid at bloggen publiserer innlegga. Av og til blir innlegga borte når du trykker "post". Har sjølv mista eit innlegg i dag, og har forstått det slik at Anne Bitsch også har slite hardt med å poste her. Difor: ta ein kopi av kommentaren din før du postar den, trykk post og prøv igjen seinare dersom det ikkje går å poste den første gongen. Det går som regel eit par minutt seinare. Dersom det ikkje funker, så prøv igjen litt seinare. Det skal gå til slutt. Om det blir heilt umulig, send det til meg på mail så kan eg legge det ut for deg.

Svar til Jan Erik M: ein må ut av skapet og slipe knivane

Jan Erik M skriver: "Jeg er for et likestilt samfunn, og derfor feminist. Om noen medfeminister bruker en retorikk en er uenig i, bør ikke det bety at en slutter å kalle seg feminist!" Dette er eit veldig godt poeng. På same tid kan det bli ei belastning å bli identifisert under paraplyen til dogmatikere og intolerante lite sjølvrefleksive stemmer. Feminisme er eit belasta begrep, og det vert ikkje betre. Eg veit ikkje kva eg skal kalle meg. Eg står for feministiske målsetninger, men eg veit ikkje om eg vil identifisere meg med ein slik bakstrebersk retorikk som enkelte feminister bedriver. Samt at takhøgda er så låg. Eg som feminist, og individ, har høgare ambisjoner enn å jatte med dei enige feministdamene i Oslo. Dei må jatte for meg, men eg jatter ikkje med med mindre eg er enig. Men miljøet er prega av utprega mangel på sjølvinnsikt samt sterk grad av sjølvdyrking, samt at ein støtter seg på kompisers synspunkt og utsegner, uten å ta hensyn til at dette kanskje ikkje er ...

Offentlig mobbing av Hagen i mediene

Regjeringa mobbar enkeltpersonar. Eg kunne ikkje ha vore meir enig med Elin Ørjasæter i denne vekas Dag og Tid. Medias evige jakt på case, ein person å henge saka på. Og denne forklaringa som Ørjasæter trekk fram, er interessant: Magne Lindholm ved journalisthøgskulen seier at sidan den ideologiske tenkinga langt på veg er borte (frå mediene), og avisene blir meir og meir like, så er der lite anna å gripe tak i enn personleg umoral. Mediedekninga av Hagen-saken har minna meg om jakta på Valla. Personfokus, evig påpøsing av nye saker, den same vinklinga og like utspel frå person etter person/ minister, og det heile minnar om når journalister får blod på tann, jakter i flokk og kvar einaste kommaendring vert ei ny sak. Anten manglar vi gode journalistar i dei store mediene, ellers så skjer her for lite i dette landet. Eventuelt er der for få gravande reportere på jobb etter at ein har kutta ned på antal stillingar. Ei anna forklaring kan vere at ein prioriterer ikkje gode saker, men basi...

Dogmatiske feminister som eit strukturelt problem

Her igår sat vi atter ein gong rundt eit bord i min bakgard, utan kaffe latte riktignok ettersom vi ikkje er kaffe latte-mennesker, men helst liker svart kaffe og sigg. Det var mørkt og dunkelt og vi hadde stearinlys. Stemningen var riktig god. Tema var feminisme. Skal ein ha lese seg opp på feministisk teori for å delta i debatt om feminisme? sa min venn. Dersom folks meininger om feminisme, ikkje spelar ei rolle har feminismen avskrive seg som relevant. Da blir feminisme kun eit begrep for dei som har definisjonsmakt frå før, og då får ein ingen progresjon. Der er per idag ingen progresjon i feministiske miljøer. Per idag er situasjonen denne: Det er dei same personane som igjen og igjen seier det same, og dei slepp ikkje andre til. Dette går i retning dogmatisme, sa min venn og tente ein ny sigarett sidan han ikkje liker kaffe latte. Men problemet er berre det at feminisme ikkje bør vere dogmatisk, all den tid dogmatikken verken er sjølvrefleksiv eller sjølvkritisk, men kun består a...

Sau og rovdyr i ein global kontekst

Sauerasen Norsk kvit sau minner om at norsk landbruk vert industrialisert, og at det på denne måten fjernar seg frå naturen. Retorikken om industrisau er enkel å framføre: tidsriktig, trendy, økologisk og naturnær. Men ein gløymer den internasjonale konteksten, og som i aller høgaste grad er interessant å diskutere. Konsteksten er denne: mykje sau i Europa står inne heile året, dei går aldri ute på beite. Dette fører til heilt anna dyrevelferd enn den vi kan tilby utegåande sau her til lands. Den sterkt industrialiserte sauenæringa på New Zealand er brutal, og kjøtet er ikkje hovedfokus, men ulla, og ein amputerer blant anna haler, men denne internasjonale konteksten for norsk saueproduksjon uteblir frå debatten. Underlig, all den tid vi lever i eit globalt matmarked og burde forholde oss til dette. Rovdyr er ikkje ei sak vi kan debattere i Norge utan å sjå over grensene, men dessverre blir dette gjort. Kunnskapstilnærminga er smal og einspora, også politisk. Men rovdyr er ikkje det ei...

Eg forstår godt at folk ikkje vil kalle seg feminister

det er berre å lese dagens defansive lesarbrev i Aftenposten signert Anne Bitsch der ho maktar å koke det heile ned til at eg i mitt leserbrev gjer meg til nyttig idiot for medienes ønske om debatt og konflikt på trykk. Dette er nok feil, Bitsch. Eg utnytter mediene til å spre mitt leserbrev og mine meininger, som ikkje berre er mine, men også mange andre sine. Eg utnytter mediene til å spre debatten, til å ta til ordet for noko eg meiner er viktig og relevant. Og responsen tyder på at dette fungerer svært godt. Eg lurer på kvifor du ikkje gjer det same? Media er mektig, eg bruker media. Media bruker sjølvsagt også meg, men slik er mediaverden, take it or leav it, og denne symbiosen har eg ingenting imot. Det eg derimot har noko imot, er at feministene som til no har vore ute, Bitsch og Aurdal, på henholdsvis leserbrev og kommentarplass, gjer det flaut å kalle seg feminist. Kven vil vel bli assosiert med slik defansiv retorikk? Responsen hittil tyder på at feminster er i ferd med å utd...