Gå til hovedinnhold

Innlegg

Tolerer ikkje Økodirekt forskning som viser noko anna enn dei sjølv kan tolerere?

Om vi ser vidare på deltakarane i debatten om økologisk landbruk, ser vi at dei fleste som er pro har økonomiske eller politiske interessser. Dei aksepterer ikkje fri forskning og vil helst sjå den død. Les dette sitatet under, men først ein liten intro til den som har skrive innlegget: Geir Ole Sætremyr skriv dette som svar på innlegget «Mer økologisk?» av Arne Grønlund i Dagsavisens debattforum «Nye Meninger». Merk deg at han ønsker at Grønlunds forskning død (forskninga hans viser at økologisk ikkje er betre for miljøet enn konvensjonelt landbruk), og at han ønsker at Grønlund skal ha blitt irettesett på kammerset. Kanskje ikkje så rart. Sætremyr jobbar i firmaet ØkoDirekt. Økodirekt sel økologiske produkt, slik namnet tilseier, nærmare bestemt ØkoDirekt, økologisk frukt og grønt rett hjem: «Geir Ole Sætremyr satser friskt på omsetning av økologiske varer på Sunnmøre. Bedriften hans står for levering av økologisk skolefrukt i kommunene Ålesund og Sula.» Sætremyr har økonomiske int...

Nokre små lokalsamfunn kjem til å gå under/ "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør".

utkast til ein artikkel som eg fant ut eg ikkje gadd trykke med det første. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord» . Boka kom ut i høst og tar opp ei rekke problemstillingar som er aktuelle, ikkje berre for nord. Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Han peiker vidare på at analogien som ligg der er ei slags historisk basert kognitiv grunnhaldning eller magekjensle, som gjer at ein i nord ikkje ser nytta av å trenge ned i dei prosessane som utspelar seg rundt ein. Svelle meiner at å binde tanken for sterkt til skillet nord versus sør kan hemme for nødvendig konkretisering av kva som faktisk foregår. I kor stor grad er ein i stand til å skifte fokus og tenke nytt versus å vere bunden av meir vante førestillingar med utgangspunkt i det som var, spør Svell...

Saue og geitehald i India i 2010.

Under ei slik korg står lamma heile dagen mens mora er på beite. Ein let ikkje lamma gå med mora pga det er for strabasiøst i dette varme og golde landskapet. Hus for geit. Hus for sau. Dette er altså indisk landbruk i år 2010.

Oslo mot røkla

Saker frå frokostmøtet i regi av Civita og Minerva. Oslo-eliten er som bygdedyret, seier Lundteigen. Sak i Nationen. Lundteigen har rett, skriv Torbjørn Røe Isaksen. Eg kan vel tilføye at Lundteigen er ein av dei få frå Senterpartiet som vågar kalle ein spade for ein spade i dei aller fleste saker. .

Senterpartiets skrøner om sentralisering

Det kjem til å komme berre 1905 nye innbyggarar i Sogn og Fjordane innan år 2030, viste tal frå SSB. Reaksjonane på tala frå fylkets politikarar, kan forklare kvifor det går som det går i Sogn og Fjordane. Jenny Følling, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, leverte dette sitatet til NRK som respons på tala: – Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering. Les saka hos NRK her. Ja kva skulle vi vel gjort utan Senterpartiet, og kva skulle vi vel gjort utan nokon som tenkte at det var viktig med desentralisering. Som om ikkje alle politiske parti ute i bygdene ønsker seg at nett deira bygd skal overleve. Føllings sitat er på sitt beste dumt: sjølvsagt kunne det ha vore verre, men ærlig talt. Tala er svært ille. Virkelighetsfornektelsen blir i seg sjølv ein parodi frå Følling, ordføraren i Gaular kommune. Kommunen som ikkje kan tilby internett til folk som bur der. Djevelen finst i detaljane. Det e...

Svarte-Mathilda

Eg har lese barneboka "Svarte-Mathilda" frå Samlaget. Ettersom eg er relativt lettskremt, er det ikkje særlig lurt å sette seg til å lese ei slik skummel bok, for Svarte-Mathilda er ganske skummel, sjølv om det er ei barnebok. Mulig eg er ei pingle, men ok. Det begynner ganske brått på. Vi vert så og sei kasta med stor K, inn i handlinga etter ein kjapp intro. Kasta for kjapt, føler eg. Eg blei fullstendig tatt på senga. Brått var vi midt i blod og gørr og ting som mildt sagt ikkje skjer vanlegvis, med mindre det er noko overnaturleg tilstades vel og merke. Spenningskurven vart for kjapp, eg følte meg snytt for den snikande følelsen av at noko skal skje. Men muligens er det slik i barnebøker at ting må skje med ein gong, ellers hiv ein boka vekk. Ungar er kravstore lesarar. Likevel. Boka var spennande. Ein haug lause trådar blir antyda løysingar på, men langt frå løyst og dei heng att på slutten og viftar i vinden. Det er litt sånn japansk, ganske lite hollywood. Ein skal lik...

1905 nye innbyggarar innan år 2030

i Sogn og Fjordane, ifølge tal frå SSB. Kanskje på tide å tone ned dette evinnelige turistfokuset og heller tenke på å få opp folketalet? Lat meg ta kommunen eg kjem frå. Gaular kommune i Sunnfjord som antagelegvis, vel Bygstad iallefall, er ei sånn bygd som berre satsar på turisme. Vikingfjorden med vikingskip er vel det fremste symbolet på kor fortidsbaserte og bakoverskuande dei folka er som styret showet. Det er jo ikkje rart det stagnerar. Folk jobbar i Førde og Dale og andre stader. Kor mange jobbar vel i Bygstad? Der er ingen nye, interessante arbeidsplassar, utover dei ein mekker sjølv, heime på soverommet, altså om ein jobbar via nettet med eiga bedrift. Ellers er du tvingande nødt til å jobbe på butikken, køyre taxi eller pendle til Førde. Jada, pendle er ok, men når skal Bygstad kunne tilby ein interessant arbeidsplass? Om femti år? I mellomtida kjem vel trehundre nye vikingskip på fjorden. Det er faktisk heilt utrulig at folk får økonomisk støtte til å på denne måten få ei ...