Gå til hovedinnhold

NRK debatt P1 mellom klokka 15 og 16 idag om Tines merkevarebløffing

Eg antar Tine kjem til å vise til statestikk om at dei fleste norske kyr får kome ut, men det underslår ikkje det faktum at ein stor del norske kyr aldri går på beite, og det faktum at det er lovlig å halde norske kyr i lausdrift inne heile året. Det er ingen tvil om at mange bønder slepp ut kyrne sjølv om det ikkje er påbode, men det er heller ingen tvil om at mange benyttar seg av muligheten til å halde dei inne. Vi snakkar ganske store tidsbesparingar i arbeidet med å sleppe dyra ut og inn.

No er spørsmålet om Tine har tenkt å ødelegge enda meir for norske bønder, eller om dei er i stand til å ta ansvar og svare for seg. Men medan Tines reklamejobbar, er Tines melkelevarandørar avhengige av å kunne drive gard. Tine bør skjøne at dei har eit ansvar, men Tine er ikkje så mediesmarte, gitt reklamefilmen. Kanskje tar dei likevel skeia i rett hand.

feilinfo er skadelig for Tine men mest for melkeprodusenter. Får håpe ikke Tine gjør tingene verre, med bortforklaringer. sitat melkebonde.

Det faktum at dei står inne, fører til at færre kyr går på beiter og utmarksareal, det fører til eit større forbruk av kraftfor, og for å produsere kraftfor treng ein kunstgjødsel og store areal. Det er ikkje berekraftig. Argumentasjonen om kyr på beite går dermed langt lenger enn dyrevelferd. Det handlar om utslepp, forureining, klima og miljø. Det handlar om ansvaret vi har for å produsere berekraftig mat.

Store deler av kraftforet som blir gitt til norske kyr, blir produsert på areal i utlandet og importert, med dei transportutsleppa det medfører. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at det er sosial dumping som gjer det mulig å få ned prisane på kraftforet. Arbeidskrafts som produserer dette, har ikkje alltid gode levevilkår.


Tar vi ein kjapp titt på Soria Moria, plattformen til sittande regjering, står dette: at ein ønsker høgare andel beitebruk.

Eg lurer på kva Tine tenker om at ein stadig høgare andel av innsatsmidlane i norsk landbruk er importerte?

Kva synest Tine at ein stadig større andel av fôret som blir gitt til norske matproduserande husdyr, er produsert på industrielt landbruksareal i utlandet ved bruk av utanlandsk arbeidskraft? Er dette god distriktspolitikk, er det berekraftig?

Dette utgjer 700 000 tonn importert fôr i året, tilsvarande 2,5 millionar dekar mark som vi beslaglegg utanfor Noregs grenser. Mykje av arbeidskrafta som produserer kraftfor på desse arela, og som vi så importerer til Norge, er underbetalt. Produksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping. Dette er ikkje norske bønder sin feil, men ved å underbetale billeg arbeidskraft i utlandet kan ein også skvise norske bønder stadig lenger nedover i lønnsspiralen. På same tid står norske, reine utmarksbeiter tomme.

Det blir spennande å sjå om Tine kjem til å fortsette med og undergrave eiga merkevare.

Tine tek ikkje miljøansvar. Dei tek ikkje ansvar for at vi lever i ei tid der klima, økologi og mat er globale tema. Dei tenker lokalt, ikkje globalt, og dei tenker profitt. I staden for å ta ansvar for at vi lever i tider der mat kan bli ein knapp ressurs, klamrar dei seg til falske historier, merkevarebløffing og løgnaktige framstillingar.

Dette fører i sin tur til at forbrukarane ikkje greier finne fram i jungelen av mat. Det blir vanskelig å velge berekraftig. Det blir vanskelig å tru på Tines produkt, det blir vanskelig å tru på historia om norsk mat i verdsklasse, om historia om at vi må behalde matproduksjon i Norge. Kvifor skal vi behalde matproduksjon i Norge når vi berre kan ta ein svipptur til Sverige for å få kjøpt melk frå kyr som de fakto har KRAV på utegang?

Tine undergrev norsk landbruk og gir kritikarar meir skyts mot landbrukssektoren og matgigantane. Dette rammar også i sin tur Gilde og Prior, for når Tine lyg, kven andre lyg då ikkje? Eg har ikkje sett på reklamen til Gilde og Prior, men vil anta ein finn det same der som hos Tine.

Eg håper vi på sikt vil kunne sei at norsk er best, men vi er ikkje i mål. Skal ein kome i veg, må ein få fram sann informasjon, ikkje misbruke forbrukaranes tillit til norsk mat. Ein er, i ein tøff konkurranse, avhengig av sterke og sanne merkevarer.

Responsen på denne debatten og mine innlegg tyder på at det er stor interesse der ute for dette tema.

Min metode er svært enkel: sette bløffhistoriene opp mot harde fakta.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys