7. sep. 2010

Vis kunnskap. Eg angrip ikkje norske bønder. Eg angrip Tine

Det krev mykje komptanse å gå inn i debatten om Tine.

Prinsippet er: sann reklame, og fakta: norske lausdriftskyr har ikkje krav på å gå på beite.

Dei færraste har, bli ikkje fornærma, praktisk og juridisk kunnskap om norsk landbruks regelverk og praktiske kvardag. Difor er det også viktig å halde tunga rett og edruelig i gapet når ein debatterer dette tema. Det er nok likevel mange som vil gå rett i fella og angripe bøndene. Det vil vere svært kunnskapslaust. Det er ikkje bøndene som har laga denne reklamefilmen eller regelverket. Norske bønder er hardt økonomisk pressa, desto viktigare med sanne merkevarer, desto viktigare at sanninga kjem fram i lyset slik at situasjonen kan forbetrast, at vi kan fortsatt behalde eit landbruk i verdsklasse og at vi kan produsere berekraftig.

Vis kunnskap og gangsyn slik at det går an å få ein kompetansebasert debatt. Lite er vel verre enn dumme argument av typen "ja det var det vi visste, norsk er ikkje så bra". Det er faktisk enda teitare enn Tine-reklamen. God debatt.

.