Fakta: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn. Les Mattilsynets orientering. Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen. Les debatt rundt dette innlegget hos Verdidebatt (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). Når ein slaktar dyr ved slakteri, blir dei først bedøva. Dette kan, heilt enkelt forklart, skje med boltepistol i hjernen (storfe, hest), strøm gjennom hjernen (sau), gass (gris, kylling, kalkun) eller elektrisk bad (kylling). Argon og CO2 er gasser som blir brukt. Argon skaper mykje uro og er nok ein svært ubehagelig bedøvingsmetode. OBS: bedøving i denne samanheng er som ein "narkose", ikkje som ei lokalbedøving. Bedøvinga (boltepistol, gass, strøm) før avliving gjer at dyret fullstendig taper bevissthet. Dyret kan altså verken oppleve eller føle avlivinga. Or...