Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2009

Jul, puddersnø og sol i Sunnfjord

Så her kjem eg frå: Ytre Hjelmeland i Bygstad i Gaular. Her går det svært sjeldan buss, så det er berre flaks at eg fekk tatt eit bilde av denne villbussen på tur mot Dale. Kvart år les eg juleheftet Jul i Sunnfjord, og eg må sei det blir betre for kvar gong. I år var det riktig bra. Her er brua over elva inne med gamlebutikken. Du kan skimte eit nedlagt bedehus i den tette urskogen ovanfor vegen. Slik ser det nedlagde bedehuset ut frå andre kanten. Eg bur da ca ein kilometer bak ryggen på fotografen. Det gule huset er den nedlagte butikken. Eg hugsar då den vart lagt ned: eg hoppa opp på ryggen til ein ukjend mann som eg trudde var min fetter. Det var svært flaut. Her ser vi ei nedsnødd gyllevogn. Den står i veikanten og latar som ingenting. Typisk gyllevogn. Ein gong eg skrudde opp ei slik vogn bak (vogna stod i nedoverbakke), fekk eg, ja riktig: gylle midt i trynet. Livet på bygda er hardt. Her er eit busstopp. Sjeldan brukt. Her ser vi all snøen! Her er masse snø, puddersnø, sol og...

"The Female Brain" og "Why is sex fun?"

Radiorakel idag kl 16.00 fm 99,3: Anne og Sigrid i studio: Jared Diamond: Why is sex fun? The evolution of human sexuality. Sex = farlig: vi kan bli overfalt. Kvifor kvinner har skjult eggløysing i motsetning til ei rekke andre arter Kvifor kvinner har lyst på sex gjennom heile syklus: daddy stay home (hold han tilfreds kvar gong han har lyst, og han vil bli hos deg) Kvifor menn går på jakt: kva slags mann er best for kvinna (stabil mattilførsel frå ein sanker vs ineffektiv og usikker mattilførsel frå ein jeger). Kvifor ein mann gjer det best som show off, mens kvinna gjer det best med ein provider. Sikkerhet vs status. Kvifor damer dater bad guys. --------------------------------- "The Female Brain" av Louanne Brizendine (2007) er ei bok som skal guide deg gjennom kvinners nevropsykologi og hormonsykluser, og korleis desse gir opphav til ulike epokar i ei kvinnes liv. Samt kvifor kvinner er ulike frå menn. Ein slags bruksanvisning på kvifor vi oppfører os...

Uteksaminering av nye veterinærar ved Norges Veterinærhøgskole

Hippi slår alle dei nye veterærane til gjetarar. Takk for oss, NVH. We're moving on!!

Fakta om Reir

En Reir er et pelsdekt dyr med fire bein som spriker i alle retninger når du minst venter det. En Reir er et uvurderlig middel for transport, og en lasteReir kan trekke opp mot tre personer om gangen. Om du setter to Reir foran sleden kan de trekke ni personer, og så videre. Dette betyr at tre Reir kan trekke 27 personer. For hver Reir en legger til, kan en gange antall passasjerer med tre, og dette gjør Reirene til uunnværlige hjelpere i det Høye Nord. Det er ingenting som å kjøre gjennom polarnatten med en Reir foran sleden mens nordlyset glitrere over himmelen og snøen spruter fra Reirens poter. En Reir har fire bein og dermed også fire poter. På potene har den klør, og med klørne graver den seg ned til Lav. Lav er Reirens mat. Reir får unger en gang i året. Ungene kalles Reir2 og fødes på øyer ute ved kysten. Reir2 vokser raskt og blir i løpet av ett år like store som sine foreldre. Neste år kalles ungene Reir3, neste år Reir4 og så videre opp til Reir10. Hvert tiår begynn...

Slaget om Klassekampen

Avisa Klassekampen er myteomspunnen. Der eg kjem ifrå er du ganske spesiell om du har ei avis som Klassekampen i hus, og før eg kom til Oslo hadde eg vel, sant å sei, knapt hørt om Klassekampen, eller kk blant venner (og fiender). Men eg kom totalt utanfrå både akademia og media og har ingen professorar og andre elitemennesker i familien. Sant å sei er eg første generasjons høgare utdanna i min familie, ein etterkvart sjeldnare og sjeldnare sort, og har ikkje fulgt verken Rødt eller Klassekampen lenger enn sidan årtusenskiftet. Men nok om meg. Om avisa Klassekampen står det til tider slag (sjekk Journalisten ), og desse slaga går gjerne av stabelen (ser det ut for) når ein eller anna eitrande galen ML-er har sett seg lei på at tidene går framover og at ting ikkje er slik dei sjølv aller helst ville ha hatt det. Eg er av og til svært glad for at desse folka ikkje styrer blekka, all den tid vi då ville hatt ei irrelevant og rabulistisk kritisistisk og konspirasjonsorientert avis som ing...

Boka Eating animals påpeiker, ganske riktig, at "free range is bullshit" og at "organic means nothing"

Idag leser eg Eating animals av Jonathan Safran Foer. Dette er ein smart dyrevennlig mann: han skuar gjennom merkevaregimmicken økologisk. Som han seier, dei har det like ille som konvensjonelle dyr, men dei blir solgt i butikken med ein anna merkelapp, som ein ØKOLOGISK VITS. Eg kan torturerer kalkunen min fire timar for dagen, og den vil fortsatt vere økologisk. Free-range/ frittgåande To be considered free-range, chickens raised for meat must have "access to the outdoors", which, if you take those words literally, means nothing. (Imagine a shed containing thirty thousand chickens, with a small door at one end that opens to a five-by-five dirt patch - and the door is closed all but occasionally). (s 60, Eating animals). Dette kan vi overføre til Norge. Økovitsen er global. Organic/ økologisk What does organics signify? Not nothing, but a whole lot less than we give it credit for. (...) You can call your turkey organic and torture it daily. (s 70, Eating animals) Men lat os...

Alle kvinner: pass opp for symmetriske menn!!

Er du kvinne og ser etter ein fast partner? LIGG UNNA SYMMETRISKE MENN! Eventuelt play around med ein symmetrisk hottie, mens du søker etter ein skeiv partner som kan ivareta deg og dine barn på sikt. Du kan ikkje få både i pose og sekk, må vite. Symmetriske menn bedrar deg og stikker av til neste babe, mens den usymmetriske mannen, som diverre ikkje er i stand til å gi deg like gode orgasmer, blir hos deg for evig! Romantikk!! Og om du ikkje ønsker deg skakke barn: ver utro med symmetriske menn!! Sei ingenting til din skakke partner, og han vil leve lykkelig utan å vite! Han blir eit offer for evolusjonen, du blir ein vinner! DU får ein mann som tar vare på dine barn, din mann lever lykkelig og skakt uvitende om at han fosterer opp ein annan manns genetiske avkom, og den symmetriske, utro mannen som gir deg FANTASTISKE orgasmer, får spredd sine gener og skaper enda fleire symmetriske menn som kan ride rundt på damene medan dei skakke oppdreg barna deiras. GOD SJEKKING!!! The Female Br...

Eg har oppdaga Halldór Laxness

i ei bokhylle i Berlin fant eg "Brekkukotkrønike" , og den er simpelten genial. Har aldri lese Laxness før, og det var jammen meg på tide at eg fant denne boka. Den handlar om Álfgrímur sin oppvekst hos Bjørn i Brekkukot på Island. Eg siterer oversettar Tone Myklebost: "Det er gjennom Álfgrímurs øyne vi ser verden i Brekkukotkrønike. Han ble etterlatt nyfødt og naken i fanget på det gamle paret på den lille gården Brekkukot, av en kvinne som bare var innom et par netter og fødte ham på sin vei til Amerika. Han vokser opp med bestefar og bestemor, som gjennom sin tilknytning til jord og fiske, og med sin klokskap og livsvisdom, nøysomhet og trausthet er representanter for det gamle Island." Sitat henta her. Laxness har ei fortellerstemme som er heilt genial. Det vil sei at han fortel både direkte, og naivt om verda: gjennom augene til ein liten gut, på same tid som han i teksten har eit voksent overblikk og perspektiv. Han vekslar umerkelig mellom gutens syn på verda...

Berliner Mauer

alle foto: A.Viken

Om å teste romanutdrag i sosiale medier

Tja, kvifor ikkje, tenkte eg og posta utdrag frå manus på Origo.no sitt forum "Oppgaven". Linken vart spreidd via Twitter, Facebook og Fjordaglimt. Link også her. Det er viktig med innspel på eit manus. Litt risikabelt sjølvsagt, men i sosiale medier når ein ut til testlesarar ein aldri hadde tatt tak i ellers, eg nyttar iallefall ikkje totalt ukjente mennesker som testlesarar på manusutdrag til vanlig. Og testutdraget/ innlegget er no lese av straks 1000. Ikkje så verst. Det er fire-fem gonger meir enn antal bøker ein gjennomsnittleg debutant i Norge sel. Sosiale medier er slettes ikkje så dumt, er det vel? Ingen manus blir til i vakuum. Iallefall ikkje mitt. Dette skal ikkje bli nok eit " kikke ut vindu og hente inspirasjon frå nærmaste betongvegg "-manus. Dette er real shit. Klipp frå Twitter: Oppgaven Forfatter poster uredigert kapittel i #Oppgaven på @ Origo_no . Les @ anneviken s voldelige bonde-beat-saga. http://bit.ly/6OZDoy

Oslo er ganske fint i grunn

Fleire bilder kan du sjå her. Alle foto: A.Viken

Naturvitarar, Vassnes og media

Media lir av omfattande mangel på kunnskapar i naturvitskap. Bjørn Vassnes gjer ikkje saka betre. Vassnes er vitenskapsskribent, men når Vassnes tek på seg å vere våpendragar for dei stakkars naturvitarar, begynner det å skurre. Desto meir skurrar det når Vassnes går i krigen tungt væpna med såre tær i tillegg til ei rekke rekke ubekrefta hypoteser. «Naturvitenskapen utdefineres av kultureliten», hevdar han i Klassekampen 18.november. Han meiner at naturvitenskapen blir utdefinert av kultureliten, kven det enn måtte vere. Eg, som naturvitar, har mange gonger lurt på kven Vassnes snakkar på vegne av. Dreg han i kampen på vegne av meg mot den Vassnes-definerte kultureliten? Ein får følelsen av at han mest av alt snakkar på vegne av seg sjølv: om korleis han føler seg utanfor og korleis han ikkje får den statusen han gjerne vil ha. Årsakene kan blant anna vere at han ofte frontar ei høgst personlig oppfatning, men som vitenskapsjournalist bør Vassnes vite at ein ikkje kan konkludere frå ...

Vi er en Bunadsstat, vi med!

"Hva var poenget med å opprette Bunadsstaten? Det ble gjort av frykt, ble det ikke? Av frykt for å miste kontrollen, eller i frykt for å møte meg, Virkeligheten, men jeg er her og jeg har ikke tenkt å forlate dere." Forsamlingen ble stille. Ikke siden i prebygdsk tid hadde en lignende stillhet senket seg over en forsamling vest for Sogn. Ordføreren forsøkte seg igjen: «Det høres ut som om Bygda må vurdere sin eksistens!» sa han omsider.

Ebba Haslund, Herbjørg Wassmo og Vigdis Hjorth: sterkt om kvinner, skjebnen og livet

I mangel av sverd heiter den tredje Ebba Haslund -boka i Haslund-Gigant frå Aschehoug . Den hadde ein treig start med ein traust gammal gubbe med solstikk som låg å ulte i søvne ved ein bassengkant før han fekk fire veker fri frå jobben og plasserte seg sjølv i tre vekers frivillig eksil på hytta slik menn som er lei av kjerringa og ser tilbake på den egentlige store kjærligheten ein gong for lenge sidan, ofte gjer. For det er mange som blir snytt for den store kjærligheten i Haslunds bøker. Som Anniken i " I mangel av sverd" , kanskje også som hovedpersonen Espen Hoelfeldt. Og det er livet og døden, og alle slags skjebnar som blir innfiltra i kvarandre i Haslund sine bøker, igjen og igjen. Det minnar om Vigdis Hjorth . (Les mitt Fett -portrett med Hjorth her ). Men medan eg vil påstå Hjorths bøker, som i Hjulskift , Om bare og Tredjeperson entall , mest av alt handlar om enkeltkvinner med alle karakterar (familie, venner) svevande rundt desse kvinnene, handlar Haslunds bøk...

Ebba Haslund/ Berlin: djevleutdrivelse, mensblod og real shit-ekteskapsdrama

Ålreit. No er eg i Berlin for å skrive bok, eller det som kanskje skal bli ei bok med litt flaks. (Eg trur det er bestemt frå høgare hald at det skal bli bok). Uansett. Eg tok flyet til Berlin idag tidlig og hadde rota vekk adressa til kåken her i Kreutzberg. Greit nok. Den fekk eg tak i, men med min dårlige tysk (eg er virkelig ikkje glad i språk) klarte eg visstnok å fortelle ein av naboane her at eg skulle besøke ein venn som ikkje var heime før klokka ti over to. Gudane veit korleis eg fekk det til. Eg meinte egentlig å sei at eg hadde gått opp i feil oppgang, og at eg skulle til ein kåk på andre sida av bakgarden, men uansett. Mannen, som hadde 150 klokker i stua som tikka i takt - eg tuller ikkje- serverte kruttsterk kaffe mens eg venta på min venn (eg har ingen venn i Berlin??) som skulle komme klokka ti over to. Presis ti over to toga eg ut, full av kjeks og kaffe, og opp i femte etasje i Forster strasse i Kreutzberg. Her sitte eg no og skjønner ikkje heilt kvifor eg gidder å s...

Om kannibalisering av stoff blant journalistar

Ein journalist som ikkje skaffar seg ny informasjon eller går ut frå kontoret, vil ha lite valg anna enn å kannibalisere, og eg siterer Tom Wolfe «The New Journalism» (1975: 25-26): After a few weeks they start to dry up. You can see the poor bastards floundering and gasping. They're dying of thirst. They're out of material (...) Without tv-shows to cannibalize, half of these people (aviskommentatorer) would be lost utterly catatonic (...). Anytime you see a columnist trying to sqeeze material out of his house, articles, books or the televisionset you've got a starving soult on your hands... (...) Sjekk ut nærmaste kommentarspalte, nærmaste politiske kommentator, tabloidene... og du vil sjå at desse har ikkje vore ute av kontoret sitt på ei god stund. Dei er oftast godt uttørka underhaldningskannibalar.

Dei høgt utdanna held seg i sine eigne nisjemedier (heile artikkelen)

Trykk på bildet av kommentar og den blir stor og leselig! «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Eg er ikkje av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2 , høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På same tid er det eit faktum at det norske folk, og ergo også norske journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det ...

Dei høgt utdanna held seg helst i sine eigne nisjemedier

Les heile artikkelen her. Utdrag: «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Les min Signert-artikkel på side tre i helgas Klassekampen. Rune Stubagers "The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars". Min artikkel er bygd på ein kortversjon (artikkel): Stubager, Rune (2009): The education cleavage: The socio-structural foundation of culture wars, Paper prepared for presentation at IPSA’s 21st World Congress of Political Science, Santiago, July 12-16 2009.

Tålmodighetens stein av Ariq Rahimi

Eg skal prøve meg på å omtale denne boka. Det er ikkje lett. På den eine sida interesserer denne boka meg ikkje så veldig. Eg ville gjerne bli ferdig med den og legge den vekk med ein gong eg begynte å lese den, og det er ikkje spesielt rettferdig for boka sin del. Dette endra seg etterkvart som eg begynte å like hovedpersonen, og etterkvart som hovedpersonen slutta å sitte med bønnekjede heile dagen men begynte å fortelle meg om sitt liv som kvinne i Afghanistan. For det er det denne boka handlar om: skam, vold, overgrep mot kvinner utført av menn og andre kvinner. Eg har før lese boka Sangati av Bama , og den gjorde eit sterkt inntrykk. Sangati las eg i Andhra Pradesh, India, på kveldstid i ein liten leilighet i ein landsby ein time frå Hyderabad etter å ha site ansikt til ansikt snakka med Dalit-kvinnene i ein annan landsby like før. Bama er Dalit. Handlinga utspelte seg på alle kantar og gjorde eit sterkt inntrykk. Vold mot kvinner var noko vi såg og hørte om gjennom personlige his...

Bør norske forfattarar bør nøye seg med "å skrive nok ein roman om utsikten fra vinduet"?

Norske forfattere interesserer seg ikke for naturvitenskap. I en verden som holder på å krepere, er det deprimerende, meinte Gert Nygårdshaug i Klassekampen 17.november. Poeten Espen Stueland lurte på om norske forfattarar bør nøye seg med "å skrive nok ein roman om utsikten fra vinduet". Nygårdshaug sa vidare at "Jeg er skuffet over min generasjon av forfattere (...) som har henfalt til å skrive bøker om sin egen barndom, om mor og far og jeg vet ikke hva, sier Nygårdshaug, og peker på at tidligere generasjoner av forfattere i større grad har hatt tradisjon for å gå til vitenskapen for å finne stoff til bøkene sine. Norske forfattere skriver om egne skilsmisser. - Vi befinner oss i en selvsentrert overgangstid, mener forsker Nina Witoszek. Eg syns ikkje det er eit problem at Hoem og Wassmo skriv om oppvekst og barndom, far og mor og livet sitt. Årsak: det er interessante og relevante skildringar av levd liv og historie, ikkje minst. Det er ikkje akkurat slik at forfatt...

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Medan alle snakka om "Min kamp 1" av Karl Ove Knausgård, sat eg og las "Hundre år" av Herbjørg Wassmo. Wassmo er ein av mine norske favorittar, saman med Vigdis Hjorth. Eg kjem i farta ikkje på andre norske favorittar, bør eg skamme meg som ikkje seier Dag Solstad??, men av andre kvinnelige forfattarar, gud forby å kalle ein forfattar kvinnelig, som skriv om kvinners liv, kan eg nevne i fleng Doris Lessing . Dyktig dame. Eller kanskje eg skal sei klok forfattar. Ok. Ho er ikkje norsk. Men i klartekst: eg digger å lese om kvinners liv og det er kvinners liv Hundre år handlar om. Kvinner og kvinner og deira menn, kjærlighet, skjebnen, ulykker, livet, regnet, døden, skispor, måneskinn, livet. Alt dette finn ein flust av i Hundre år. Mi absolutte favorittbok frå Wassmo, er Dinas bok. Den er fabelaktig. Det er ei slik bok der du blir aldeles frå deg ved tanken på at den snart er lesen ut. I "Hundre år" møter vi att Dinas son som ho fekk med mannen ho blei ...

Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid ..

Det er av og til ganske irriterande å vere kvinne. Du blir plystra etter og ropt etter og du blir ufrivillig fulgt heim av mørkhuda menn som står linja opp på begge sider av Markveien i Oslo og "wanna be your friend". Eg har blitt fotfulgt frå Akerselva til Birkelunden. Jadda, gutta. De er sikkert greie på bånn, innerst inne, langt borte og godt skjult under huden ein stad, men eg vil ikkje ha selskapet dåkas på vei heim frå byen. Likevel får eg det. Med mindre eg smeller til og ber dei ryke til helvete med god fart. Dette tørr eg vel å merke ikkje om eg går aleine, då risikerer eg å måtte bruke ein kilomter vei på at typen går ved siden av og seier "I just wanna be your friend, why you say fuck you????" Og så må du stoppe og vente til nokon andre kjem forbi som du kan henge på deg, og sjølv då gir ikkje dei verste av dei gutta her opp masinga si. Dei følger etter på andre sida av gata, eller like bak deg. Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida...

Perverse landsmenn rider igjen

Den einaste saka som er interessant å følge i dei store trashmediene er sakene om Ari Behn. Mannen har blitt eit fritt vilt for dei konforme trashmediene som anser mannen som eit sært utskot. Kor straite er dei egentlig i Akersgata/ Havnelageret? Dette spørsmålet er ofte stilt. Svært streite, ser svaret ut til å vere. Dei maktar til og med lage ei sak på at nordmenn har sex i bilen. For ein overraskelse, dere. Perverse landsmenn rider igjen. Akersgata og Havnelageret har kun sex i ekte senga, og kun i misjonær.

Vi treng meir gravejournalistikk og vi treng medier med sjølvrespekt.

Idag tidlig klokka halv åtte stod eg på Storo T-banestasjon og heldt på å fryse ræva av meg. For å trøste meg sjølv litt mot den fryktelige kulden som har ramma Oslo, hørte eg på radioen. Det var skuffande greier. Nyhetene var av typen: så og så mange nordmenn er no sjuke av svineinfluensa, så og så mange medlemmer av transportkomiteen på Stortinget har fått fartsbot. Deretter kom eit intervju med Knut Arild Hareide, Krf som sa han hadde fått parkeringsbot! Kjære vakre vene. Dei stortingsvalgte er folkevalgte, representanter av folket. Vi har alle fått p-bot eller fartsbot eller ei eller anna anna form for bot. Eg har fartsbot. Fy flat for ein galning Trond Giske er som har site på i ein bil som kjørte i 140 kilometer i timen. Saka hadde vore ca uinteressant om det ikkje hadde lagt nokre journalistar på hjul bak, som i desperasjon noterte ned farten og tenke hurra no får vi ei siteringssak. Stakkars ubrukelige journalister som ikkje greier grave opp meir saftige saker enn som så. Stak...

Å skrive ei bok er heilt uvirkelig

.. er svinaktig morsomt. Heilt sidan eg var lita har eg tenkt at eg skulle bli forfattar. Når eg no sit lysekruna på Sehestedsplass og er ein av dei heldig jævlane som får lov til å skrive bok, tenker eg at dette egentlig er heilt vanvittig. Å få penger for å skrive dei villaste historier, mekke dei mest sinnsyke plott, spikre nutcases frå virkeligheten til bokmanus og gjere dei udødelige. Det går egentlig ikkje an å skrive om å skrive. Eg skriver og eg nyter det kvar dag, kvar veke, kvar time, at eg har klart det: å komme inn på eit forlag med mine fandenivoldske manus. Det skal ikkje vere enkelt, men det skal heller ikkje vere for vanskelig. Ein høyrer alltid om at berre ei promille av manus som blir sendt inn til forlaga, blir til bøker. Dette stemmer. Eg sende mitt manus til ein redaktør, og så var vi i gang. Det var faktisk ganske enkelt, i fare for å høyrest ut som ein arrogant jævel. Til trøst for dykk som meiner dette blir for enkle påstander: det første eg deretter foretok me...

Dagens overskrifter

Coca-Cola stanser falsk reklame for voldtektsdrikk Akevitt og avfrelsning Nå er hun ikke lenger landets hotteste Derfor bør du aldri irritere en hest Beklager at jeg kalte rumpa hennes enorm Emma (16) er nær to meter høy og vokser... alle er seff henta frå Dagbladet.no

Eg hermer etter Naken lunsj.

Språkleg genial bok der den slår til i enkelte beskrivelser som eg berre må omskrive og kidnappe.

Kven skal avsløre Mattilsynet?

Av og til høyrer vi om Mattilsynet som har avslørt nok ei dyretragedie. Spørsmålet er vel like ofte om ikkje Mattilsynet snart bør avslørast for å gripe inn for seint, og for å ha for dårlig oversikt... Samtale: Mattilsynet: Vårt ansvar er dyrene. Du: Ikke mennesker? Mattilsynet: Ikke mennesker. Du: Hva gjør dere med menneskene? Mattilsynet: Vi politianmelder dem. Vi har ikke menneskelig innsikt. Vi har dyrisk innsikt og kun i dyr, og kun på papiret. Vi er Mattilsynet og vi digger å løfte papir. Vi løfter i takt så støvet letter fra kontorpultene våre.

Twitter: eit elitefenomen. Facebook er for alle

Idag var eg på seminaret Amatørene kommer på IMK på Blindern. Norge ser ut til å vere verdensmester i facebook. What else is new? Vi er eit modent postindustrielt samfunn. Ålreit. Men vi har ikkje kome så langt at vi leser blogger, ikkje enda. KUn åtte prosent av oss nordmenn bloggar, og 57 prosent les aldri ein blogg. Ikkje overraskande. Det som er litt interessant, er at kun 15 prosent av oss brukar Twitter. Det er kun 8 prosent i aldersgruppa 15-29 år, 7 prosent i gruppa 30-34 og 4 prosent i 40-59 som brukar Twitter. Nord-Norge og Trøndelag twitrar mindre enn resten av landet. Er Twitter eit elitefenomen? Opinionsledere er storforbrukere av sosiale medier. Facebook er dei sosiale medienes VG, og Twitter er dei sosiale medienes Dagens Næringsliv, eit nisjefenomen. Eit elitefenomen. Vi kan snakke om eit klasseskille i tradisjonelle medier, eller at dei tradisjonelle mediene skaper eit klasseskille mellom nisjemedier som Klassekampen og MOrgenbladet på den eine sida, og trashmediene...

Dårlige sjefar og redaktør som ikkje vil betale: ei av årsakene til at der finst få frittståande skribentar

Eg har uteståande pengar for forhandsbestilt stoff, og eg blir forbanna. Det ser ut til at enkelte redaktører innbiller seg at det å skrive er ein så heilag aktivitet at vi som skriv gjerne gir bort sjela vår gratis for å komme på trykk. Ja, ein skulle ikkje tru det, men der finst slike redaktørar i presse-Norge. Dei bestiller stoff som dei så ikkje betaler for. Betal husleiga mi, amatørsjefer. Kjære redaktører som trur de er gud og jesus og den heilage gral. De må ikkje innbille dykk at de er dei einaste som tilbyr kloke hoder penger for at vi skal bruke tida vår på å rable ned meiningar til avisa di. Vi har ofte tilbud i hytt og pine. Pressa er nemlig ikkje gud og jesus og den heilage gral eller kva de innbiller dykk. Eg selger ikkje ræva mi for avisa di. Vi er ikkje alle narsisister. Nokon av oss er faktisk seriøse. Gi oss penger før vi går over i andre bransjer! Tips: inkasso for frilansere. ... det hører med til historia at dei fleste redaktører er greie redaktører.... men dei so...

Feministar og debatt, nye artiklar ute

"Mediedekningen av antologien Glitterfitter handla mest av alt om kven som har monopol på begrepet feminist, og var eit studie i feministars intoleranse. " Les artikkelen på side 9 i argument. Les også om sommarens feministdebatt på side 5 og 6. Her står det at feminismedebattens mest rabulistiske innlegg var ført i pennen av underteikna. Spenstig bruk av ord: rabulistisk. Meir om argument.

Hva er det som egentlig betyr noe for folk?

Jeg har stor forståelse for at for eksempel endring av kollektivtilbud har stor betydning for folks hverdag og at dette skaper debatt. Men for mye negativ omtale, enten det handler om negativ befolkningsutvikling eller manglende kollektivtilbud undergraver mer enn underbygger budskapet om at vi er attraktive. Hva er det som egentlig betyr noe for folk? En fare ved å grave seg for mye ned i egen elendighetsbeskrivelse er at mange, i denne sammenheng oftest ungdom, snarest ønsker å komme seg ut og kanskje ikke flytte tilbake. Det hjelper lite med bru, buss og tog dersom framtidstrua, sjølfølelsen og identiteten mangler", skriv Marianne Solbaken på Distriksbloggen. Les heile bloggen her.

Eg er upersonlig og overfladisk på blogg og facebook

Generasjon Facebook heiter ei bok som kom ut no nett. Klipp frå saka: –Hva er det som kjennetegner Facebook-generasjonen? –At de er på hele tiden. Alle vil bli kjendiser. Mange finnes ikke opptatt av hva de blir kjent for, bare de blir kjent. Det gjør at folk blir veldig selvopptatt og veldig overfladisk. Man har 1200 venner på Facebook, men ingen å drikke kaffe med, liksom, sier Rønning smilende og bestiller en øl på sitt nye stamsted. (...) Min kommentar til dette er: på facebook, og her på bloggen, er eg ultraupersonlig, og sjølvsagt ergo også overflatisk. Det handlar om sak, ikkje om meg som person. Du vil aldri finne mine utredninger om mitt kjærlighetsliv eller indre tankar om følelsar og andre private greier verken på min facebook-profil eller på denne bloggen. På facebook er eg fasade. Sjølvsagt er eg det. Å utlevere seg sjølv i eit sosialt medie er uinteressant. Der finst nok av dei som gjer det på ulike nivå, som taggar dei mest hinsides meldinger på kvarandres vegger og kli...